Røykelsestre er eit staseleg tre frå vestlege Nord-Amerika. Arten veks i fjellområde i elles svært tørre strøk med eit varmtemperert til subtropisk klima. Han er litt dyrka som prydtre i Noreg, set frø og har frøplantar, men er førebels berre funnen med frøsetjing i arboret og hagar.

Kjenneteikn

Røykelsestre blir eit mektig tre, i heimlanda opptil 40–50 m høg, men med ein stammediameter som kan bli oppimot fire m. Stammen har raudbrun bork som flaknar av. Krona er breitt sylindrisk eller smalt kjegleforma, tettgreina i førstninga, men blir meir grissen med tida. Smågreinene er vifteforma med skjelforma blad, berre 2–3 mm lange på småkvistane, men opptil 14 mm lange og meir sprikjande på hovudkvistane. Bladspissen er ikkje tiltrykt. Blada på over- og undersida av småkvistane er om lag like, gulgrøne til mørkgrøne, og utan tydelege kjertlar og spalteopningar. Hokonglene er 2–3 cm lange, sidestilte på kortskott på hovudkvisten og heng ned. Dei har tre par samanvaksne dekkskjel og kongleskjel, der dekkskjelspissen stikk ut som ein liten tapp rett nedanfor spissen på kongleskjelet. Berre det midtre paret med skjel er fertilt, med to frø på kvart kongleskjel. Frøa har to tydeleg ulike vengjer, éi lang og éi mykje kortare og smalare. Røykelsestre spreier pollenet på våren, er vindpollinert, og hokonglene og frøa mognar første året. Frøa blir vindspreidde.

Kromosomtal

Røykelsestre er diploid med grunntal x = 11 og kromosomtalet 2n = 22.

Økologi og utbreiing

Røykelsestre er innført som prydtre og har truleg ikkje vore planta i Noreg svært lenge. Arten er kjend frå parkar, mellom anna ved NMBU på Ås og i Oslo. Han set godt med frø som spreier seg eit stykke vekk frå morplanta, og som i alle fall spirer opp til frøplantar og småplantar. Lenger er han ikkje komen i Noreg enno.

Røykelsestre kjem frå fjellstrøk i sørvestlege USA og nordvestlege Mexico, frå Oregon i nord til Baja California i sør, til dels frå svært høgtliggjande fjellområde med ørken ikring. Han går til 2800 moh., og det er nok årsaken til at denne nokså sørlege arten greier seg bra i Noreg.

Kommentarar

Røykelsestre er den eine av tre artar i slekta. Dei to andre veks på Taiwan (Calocedrus formosana) og i Sør-Kina, Vietnam og Myanmar (Calocedrus macrolepis). Arten og slekta har vore vurdert som nærast i slekt med bartreslekter på den sørlege halvkula, men nyare undersøkingar tyder på nærare slektskap med orienttujaslekta Platyclados, slekta Microbiota og andre slekter i sypressgruppa, dvs. med bartreslekter med truleg opphav på den nordlege halvkula.

Forvekslingar

Røykelsestre liknar lite eller inkje på andre bartre ein kan finne i Noreg.

Kjelder

Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 15/11/2023

Eckenwalder JE (2009). Conifers of the World, the complete reference. Timber Press, Portland, London. 720 s.

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Thieret JW (1993). Calocedrus Kurz. I Flora of North America Editorial Committee (utg.). Flora of North America north of Mexico 2: 412.

Siter nettsida som:

Solstad H og Elven R. Røykelsestre Calocedrus decurrens (Torr.) Florin. www.artsdatabanken.no/Pages/305114. Lasta ned <dag.månad.år>.