Kystvrifuru er ofte buskforma, og ho er ikkje så mykje brukt i skogbruket i Noreg som innlandsvrifuru. Kystvrifuru kjem frå Stillehavskysten i Nord-Amerika.

Kjenneteikn

Kystvrifuru er ein busk eller eit tre som kan bli opptil 10 m høgt. Stammane er ofte noko krokute (jf. namnet ‘contorta’). Nålene blir opptil 7 cm lange. Konglene er tydeleg skeive og tilbakebøygde på kvisten. Om lag alle konglene sit på treet i lang tid utan å opne seg, i påvente av ein skogbrann då dei opnar seg og spreier frøa. Ein finn difor ei lang rekkje med eldre kongler bakover på kvistane.

Kromosomtal

Kystvrifuru er diploid med grunntal x = 12 og kromosomtalet 2n = 24.

Økologi og utbreiing

Kystvrifuru er innført, planta og i spreiing langsmed kysten vestpå frå Vest Agder til Trøndelag. Ho er truleg ikkje sjeldsynt, men det er svært få rapporterte funn av ho.

Kystvrifuru kjem frå vestlege Nord-Amerika, frå California i sør til søraustlege Alaska i nord, kystnært langsetter Stillehavskysten.

Kommentarar

Kystvrifuru er mindre brukt enn innlandsvrifuru, men det er truleg meir av ho som forvilla i landet enn det som er kjent.

Forvekslingar

Om ein skal bestemme varietetane av vrifuru, så er kongleform og -stilling viktige skilnadar. Kystvrifuru har kongler som er tydeleg skeive og tilbakebøygde på kvisten. Ho har kongler som oftast ikkje opnar seg utan påverknad frå ein skogbrann, så dei sit på i mange år uopna. Innlandsvrifuru var. latifolia har kongler som er litt skeive og tilbakebøygde på kvisten. Ho har nokre kongler som opnar seg og fell av etter frøspreiinga andre året, medan andre blir sitjande att uopna på kvisten i mange år. Sierravrifuru var. murrayana har rette kongler som står rett ut frå kvisten. Ho har kongler som opnar seg og fell av etter frøspreiinga andre året. Dessutan er kystvrifuru ofte buskforma eller eit kortvokst, krokute tre, medan innlandsvrifuru og sierravrifuru er store, rettstamma tre.

Kjelder

Christensen KI (2000). Coniferopsida. I Jonsell B (utg.). Flora Nordica 1 Lycopodiaceae – Polygonaceae: 91–115.

Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 15/11/2023.

Eckenwalder JE (2009). Conifers of the World, the complete reference. Timber Press, Portland, London. 720 s.

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg.. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Kral R (1993). Pinus Linnaeus. I Flora of North America Editorial Committee (utg.). Flora of North America north of Mexico. 2: 373–398.

Siter nettsida som:

Solstad H og Elven R. Kystvrifuru Pinus contorta var. contorta. www.artsdatabanken.no/Pages/305053. Lasta ned <dag.månad.år>.