Japansederslekta har berre éin art i dag.

Kjenneteikn

Sjå arten.

Økologi og utbreiing

Sjå arten.

Kommentarar

Japansederslekta er nokså nært i slekt med sumpsypress-slekta Taxodium, og begge desse slektene vart tidlegare førte til familien Taxodiaceae, no innlemma i Cupressaceae som ein underfamilie (Taxodioideae). Ein hybrid mellom Cryptomeria og ein kinesisk Taxodium er publisert som ×Taxodiomeria peizhongii.

Japanseder er det ein kallar ein levande fossil, ein relikt frå Tertiær. Det eldste fossilfunnet av plantar som høyrer til denne slekta, er frå Eocen i tidleg tertiær, 56–33,9 millionar år tilbake, frå Kamtsjatka. I Miocen i midtre Tertiær, 34–23 millionar år tilbake, vaks det Cryptomeria mange stader i Europa. Fossil er kjende frå Spania, Tyskland, England og heilt nord til Island. Så seint som i Pliocen, 23–5,3 millionar år tilbake, vaks det Cryptomeria i Italia, kanskje heilt fram til istidene i Pleistocen, og fossilt pollen av Cryptomeria er kjent frå Georgia i Kaukasus frå midtre Pleistocen. Slekta har difor hatt ei stor utbreiing over heile Eurasia, med fleire artar. Førekomstane i Japan og Kina i dag, av éin art, er relikte. Sjå artikkelen ‘Japanseder’ i Wikipedia for den interessante og kompliserte fossile historia.

Kjelder

Eckenwalder JE (2009). Conifers of the World, the complete reference. Timber Press, Portland, London. 720 s.

Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 16/11/2023

Wikipedia-brukarar. Japanseder. Wikipedia. https://no.wikipedia.org/wiki/Japanseder Lasta ned 15/11/2023.

Siter nettsida som:

Solstad H og Elven R. Japansederslekta Cryptomeria D.Don. www.artsdatabanken.no/Pages/305112. Lasta ned <dag.månad.år>.