Et parasittangrep kan føre til plantedød og oppdages som regel for sent. Flere arter som gir plantesykdommer er nå risikovurdert, og resultatet er ikke lystig lesning.

Det startar kanskje med at naboen sine vanlegvis svært så grøne fingrar ikkje får til den nye rhododendron-busken. Var det kulda, jordsmonnet eller kanskje overgjødsling som gjorde at den ikkje treivst i nabolaget? Uansett, busken blir graven opp og kasta i avfallshaugen i skogkanten saman med det andre hageavfallet. Dette kan ha øydeleggjande konsekvensar for norsk natur.

Parasittar med høg risiko

I Artsdatabanken si nyaste risikovurdering er 88 parasittiske framande artar vurderte med tanke på kva negativ påverknad dei har på naturmangfaldet. Blant desse finn vi soppar, insekt, rundormar og flatormar.

Eksempelvis er 16 ulike artar i slekta Phytophthora vurderte. Alle, unnteke to artar, er vurderte til å utgjere ein risiko. Fem artar er vurderte til å utgjere høg eller svært høg økologisk risiko. Blant desse er greindrepar Phytophthora ramorum.

– Mange fleire planteparasittar er risikovurderte i 2018 enn i 2012, og vi er spesielt bekymra for parasittane i slekta Phytophthora, og av dei nokre dørstokkartar, seier forskar Venche Talgø ved Norsk Institutt for Bioøkonomi (NIBIO).

Ho forklarer at dørstokkartar er artar som per i dag ikkje er etablerte i Noreg, men som blir antatte å kunne etablere seg innan 50 år.

Ein av dørstokkartane er Phytophthora austrocedri, som er funne på einer (Juniperus) i Storbritannia. Eit anna eksempel er Sphaceloma murrayae, som kan angripe selje, pil og vier.

Talgø er forskar på plantehelse og soppsjukdomar. Ho er ein av fagekspertane som er valde av Artsdatabanken for å vurdere kva økologisk risiko framande artar kan ha i norsk natur. Talgø har hatt ansvaret for å vurdere utbreiinga av og skadepotensialet til meir enn 20 organismar som kan forårsake plantesjukdomar.

Ikkje så synlege, men skadelege

Sjølv om parasittane ofte er små og usynlege, så kan dei gjere stor skade. Mange har gode spreiingsevne. Dei festar seg gjerne på andre artar, spreier seg ved hjelp av sporar i luft eller vassdrag, eller flytter seg langt ved hjelp av sporar i jord på ein joggesko, ein hundepote eller ei hageplante på avvegar.

Talgø er særleg bekymra for spreiinga av Phytophthora sidan dei er svært vanskelege, om ikkje umogelege, å bli kvitt når dei fyrst har etablert seg i jord.

– Vi ser mange ortre langs elver i Sør-Noreg som døyr på grunn av ein relativt nyleg introdusert Phytophthora-art, seier Talgø.

– Bøkeskogen i Larvik er så hardt ramma at kommunen har sett seg nøydd til å forby all ferdsel utanfor stiar, vegar og gruslagde plassar i skogen. Dette for å unngå spreiing.

Phytophthora tilhøyrer det gule riket. Dette er eit eige rike på linje med plante- og dyreriket. Det er i overkant av 1000 artar i det gule riket, så det er få samanlikna med for eksempel dyreriket, som har 28 000 ulike artar. Phytophthora spreier seg raskt med sporar i jord, vatn eller luft, men er avhengige av fukt for å overleve.

Sporar kan liggje lenge i jorda

Nokre av artane føretrekkjer å parasittere heilt spesifikke planteartar, men veldig mange er også generalistar i valet sitt av vertar og kan leve på alt frå små buskar til gamle, mosegrodde tre.

– Vi veit enda ikkje kor store konsekvensar det vil få at Phytophthora-artane har kome til Noreg. Men i Australia har dei ført til store tap av eukalyptus, og i Storbritannia har ein måtte felle fleire millionar sjuke japanlerkar, seier Talgø.

I tillegg har styresmaktene i Storbritannia kappa ned rhododendron og andre mottakelege treaktige vokstrar som veks under, eller i nærleiken av, dei infiserte trea. Håpet er at parasitten ikkje skal spreiast til fleire skog- og lyngområde i nærleiken.

Dei har også funne tre artar av Phytophthora som angrip blåbær.

– Skulle det oppstå ein epidemi på blåbær i Noreg, ville det vere svært uheldig, seier Talgø.

Nokre av Phytophthora-artane har sporar som kan liggje i jorda i 10-20 år, og fordi evolusjonen går sakte kan det ta lang tid før artar tilpassar seg parasittar og blir resistente.

– Vi treng meir kunnskap om dette, men vi veit allereie meir enn nok til at alarmklokkene bør ringe, seier Talgø.

Kan få store konsekvensar i norsk natur

Noreg importerer kvart år tonnevis med jord og planter som kan innehalde Phytophthora-arter, og i tillegg blir jord og planter spreidde mellom ulike regionar i Noreg. Planter som blir importerte blir kontrollerte, men som oftast berre gjennom stikkprøvar og visuell kontroll. Det er derfor sannsynleg at planter med smitte kjem til Noreg.

Når smitten av Phytophthora fyrst har kome inn i norsk jord, er det svært vanskeleg å bli kvitt den. Desse jordbuande parasittane begynner med å infisere røtene til planta. Når ein ser at trekronene begynner å visne, har parasittane spreitt seg opp gjennom leidningsvevet og blokkert tilførsla av vatn og næring. Det er førebels ingen kjende kjemikal som tek knekken på Phytophthora-artar.

I norsk natur har ein så langt merka problema mest på tre. Det blei også påvist symptom på eit lite felt av blåbærlyng ved Larvik i Vestfold i 2012. Feltet blei sanert for å hindre spreiing.

Phytophthora-artar kan også angripe jordbruksplantar, som jordbær. Om dette skjer kan bøndene bli nøydde til å bruke dei infiserte areala til å dyrke andre ting enn jordbær i fleire år, fordi sporane blir liggjande i jorda, seier Talgø.

Mange kan gi råd

Planteparasittar er vanskelege å oppdage før dei allereie har spreidd seg i naturen og gjort skade. Hageavfall som blir kasta i naturen kan bidra til spreiing.

- Det er dessverre vanleg praksis å kvitte seg med hageavfall i skogen, trass i at Naturmangfaldloven (§28) seier at ein har plikt til å vise aktsemd, seier Talgø.

Det er Miljødirektoratet som fører tilsyn med Naturmangfaldloven. Artsdatabanken jobbar med kunnskap om framande artar og har inga rolle i forvalting eller tiltak. Du kan spørje kommunen, hagesenteret eller renovasjonsverk der du bur om råd til korleis du bør handtere framande hageplanter og hageavfall.