Både fuglar og menneske er begeistra for hagebuskar med flotte bær. Problemet oppstår når den framande hagebusken forvillar seg ut i naturen og påverkar heimlege artar negativt. Ikkje berre menneske, men også fuglar bidrar effektivt til spreiinga av framande hagebuskar.

Vi plantar gjerne buskar i hagane våre fordi dei har vakre blomster eller frukter, gjerne begge delar, eller for å skjerme oss mot vegar og naboar. Buskane bringar dessutan "ein bit av skogen" inn i bustadområda, noko både menneske og fuglar set pris på. Problemet oppstår når hagebuskane spreier seg utanfor hagegjerdet.

Freistande bær bidrar til effektiv spreiing

Det blir truleg dyrka eit hundretals forskjellige artar i Noreg på grunn av vakre frukter. Dei freistande fruktene blir etne av fuglar om hausten, og blir spreidde med fugleskit til nærliggjande skog og kratt. Avstanden for eitt spreiingshopp kan vere fleire kilometer, av og til mil, frå hage til skog. Norske skogar er fattige på stedeigne bærbuskar, samanlikna med både Nord-Amerika, Øst-Asia og Mellom- og Sør-Europa. Bæretande fuglar blir derfor trekte mot hagane og bidrar truleg effektivt til å spreie framande buskar med saftige bær.

I 2012 blei to 50 meter lange hekkar på Tøyen kartlagde; éin hekk med surbær Aronia (med saftige frukter) og éin med agnbøk Carpinus betulus (utan blomstring og frukt). Hekkane hadde same høgde og breidde og var planta 20 meter frå kvarandre. I hekken med agnbøk blei det talt mindre enn ti spirer, alle av dei vindspreidde artane alm Ulmus glabra og lind Tilia cordata. I hekken av surbær fanst også rundt ti spirer av alm og lind, men i tillegg fann ein spirer frå ca. 20 individ av buskar med saftige frukter (roser Rosa, snøbær Symphoricarpos albus, haustberberis Berberis thunbergii, blankmispel Cotoneaster lucidus og alperips Ribes alpinum). Dette viser at fuglane som gjestar surbærhekken på hausten for å ete, spreier ein rekkje andre bærproduserande framande buskar med fugleskit.

Ei anna viktig årsak til at mange hagebuskar spreier seg utanfor hagegjerdet, er kasting av hageavfall i naturen.

Mange hagebuskar har høg økologisk risiko

I 2018 er nærmare 1000 karplanter risikovurderte, deriblant mange hagebuskar. Av 62 risikovurderte artar i dei bærrike slektene blåhegg Amelanchier, surbær Aronia, mispel Cotoneaster, leddved Lonicera, rips Ribes, rose Rosa, hyll Sambucus og krossved Viburnum, utgjer 42 artar ein risiko i norsk natur. 27 artar er vurderte til låg risiko LO, 2 til potensielt høg PH, 4 til høg HI og 9 til svært høg risiko SE. Artane sin økologiske risiko blir fastsett av kor stor evne dei har til spreiing (invasjonspotensiale) og i kor stor grad dei har evna til å påverke stadeigne artar og naturtypar negativ (økologisk effekt).

Fortrengjer heimlege artar

Artar med svært høg risiko SE, som f.eks. blåhegg Amelanchier spicata, bulkemispel Cotoneaster bullatus, blankmispel Cotoneaster lucidus, blåleddved Lonicera caerulea, raudhyll Sambucus racemosa og rynkerose Rosa rugosa kan alle beskrivast som invaderande. Det vil seie at dei spreier seg raskt.

Mange hagebuskar dannar tette buskas i naturen og fortrengjer artar som høyrer naturleg heime der. Eit godt eksempel er rynkerose som invaderer raudlista naturtypar som sanddynemark og strandeng. Desse naturtypane har eit stort mangfald av artar, også mange raudlista, som blir utkonkurrerte av rynkerose.

Raudhyll er heller ikkje uvanleg å finne forvilla. Den er påvist i heile Sør-Noreg og til og med Inderøy i Trøndelag. Raudhyll koloniserer ei rekkje naturtypar, som den raudlista naturtypen ope grunnlendt kalkmark. I skog fortrengjer den i mindre grad heimlege artar, men den kan påverke forynginga til heimlege treslag.

Det er sannsynleg at framande artar med stor produksjon av saftige frukter konkurrerer med heimlege buskar og trær om fuglar som spreiingsvektor. Slik kan balansen mellom fuglar og fugle-spreidde buskar bli forskuva: vekk frå dei stadeigne plantene og over til dei framande. Fuglar kan bidra til å spreie framande artar, heller enn stadeigne artar. Fuglane føretrekkjer neppe framande artar i seg sjølv, men dei går etter fruktmengd, synlegheit og næringsinnhald (Mokotjomela et al. 2013). Hypotesen er ikkje usannsynleg, men forskinga på området har ikkje gitt eintydige svar (sjå f.eks. Aslan & Rejmánek 2012).  Av den grunnen er dette i mindre grad vektlagt i risikovurderingane.

Referansar

Mokotjomela, T.M., Musli, C.F. & Esler, K.J. 2013. Do frugivorous birds concentrate their foraging activities on those alien plants with the most abundant and nutritous fruits in the South African Mediterranean-climate region? Plant Ecology 214: 49-59.

Aslan, C. & Rejmánek, M. 2012. Native fruit traits may mediate dispersal competition between native and non-native plants. Neobiota 12: 1–24.