Månefiol er ein framand art som kan vere innført som prydplante. Han er rapportert åtte gonger frå Noreg, men anten tilhøyrer rapportane judaspengar eller dei er førebels ikkje konfirmerte eller ikkje mogeleg å konfirmere. Arten er med andre ord ikkje dokumentert frå norsk natur.

Månefiol er førebels ikkje sikkert dokumentert frå norsk natur. Her er arten dyrka i Botanisk hage på Tøyen i Oslo.

Kjenneteikn

Månefiol er ei fleirårig urt med opprette stenglar opptil 1,4 m. Planten er svært grissent håra med ugreina hår. Blada er breitt lansettforma og grovt kvasstanna, dei nedre stengelblada er langskafta, og dei øvre er kortskafta. Blomestanden er ein nokså fåbloma klase som strekkjer seg noko i fruktstadiet. Blomane er nokså store. Begerblada er opprette, og dei to indre er sekkforma ved grunnen. Kronblada er 12–20 mm lange og lilla til fiolette. Frukta er ei stor og sterkt samantrykt kortskulpe, 3,5–9 × 1,5–3,5 cm, elliptisk i omriss og kileforma til tilspissa i begge endane, med ein sølvblank skiljevegg på langs og ein markert, 1–7 mm lang griffel. Frøa sit i to rekkjer i kvart skulperom. Dei er flate, men ikkje vengjekanta.

Blada er eggforma og grovt kvasstanna. Dei nedre er langskafte og dei øvre er tydeleg skafta.

Blomestanden er ein nokså fåbloma klase med store, lilla blomar. Begerblada er opprette, og dei to indre er sekkforma ved grunnen. 

Frukta er ei stor og sterkt avflata kortskulpe som er elliptisk i omriss og kileforma til tilspissa i begge endane. 

Den mogne frukta syner ein sølvblank skiljevegg på langs og ein markert griffel.

Kromosomtal

Månefiol er diploid med grunntal x = 15 (kanskje stundom 14) og kromosomtal 2n = 30 (28). Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Månefiol er ikkje dokumentert i Noreg, til trass for kva Elven mfl. (2022) skriv i “Norsk flora”.

Arten er utbreidd frå Mellom-Europa austover til Midt-Russland og med meir spreidde førekomstar i Middelhavsområdet frå Spania austover til Balkan. Nordover er han rekna som heimleg til Danmark og Skåne (sjå Hartvig 2015 og Hultén og Fries 1986).

Forvekslingar

Månefiol kan bli – og er truleg vorte – forveksla med judaspengar. Månefiol har skafta blad òg oppe på stengelen (med 0,5–1 cm lange skaft), noko mindre kronblad, og frukta er smalare og spiss i begge endane.

Kjelder

Al-Shehbaz IA (2010). Lunaria Linnaeus. I Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 7. Magnoliophyta: Salicaceae to Brassicaceae: 596–597.

Ball PW (1993). Lunaria L. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 358.

Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/12/2022

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Hartvig P (2015). Atlas Flora Danica 1–3. Gyldendal, København.

Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 13/12/2022

Rich TCG (1991). Crucifers of Great Britain and Ireland. BSBI Handbook 6. Botanical Society of the British Isles, London. 338 s.

Stace CA (2019). New Flora of the British Isles. 4. utg. C & M Floristics, Middlewood Green. 1266 s.

Siter nettsida som:

Elven R og Hegre H. Månefiol Lunaria rediviva L. www.artsdatabanken.no/Pages/345638. Lasta ned <dag.månad.år>.