Grasmarihand, som avgrensa her, er ein hyppig plante på rike myrar og våtlende i store delar av Noreg. Han er formrik, med ein geografisk strukturert variasjon, og plantar av grasmarihand kan vere påfallande ulike i ulike område.

Kjenneteikn

Grasmarihand er ein nokså grannvaksen plante der akset utgjer 1/10 til 1/3 av stengellengda med blomestand. Det lengste bladet er frå 0,2 til meir enn 0,5 av stengellengda med blomestand. Blada er anten uflekka, med tett med purpurbrune flekkar på begge sider, eller med mørke ringar på begge sider. Blomane er bleikt kjøttraude, lakseraude eller purpurfarga, sjeldan kvite eller gulkvite.

Blomestanden hos grasmarihand er tett, med noko mindre blomar enn hos dei andre artane i slekta.

Me gjer merksam på at dette er individ samla inn til bruk i museumsherbarium.

Leppa er svært grunt treflika, ofte om lag flat, og med mørkare teikningar.

Kromosomtal

Grasmarihand er diploid med grunntal x = 20 og kromosomtal 2n = 40. Teljingar er gjorde på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Grasmarihand veks på fastmatter og mjukmatter i myr, i strandenger ved ferskvatn og brakkvatn og på våte eller vekselfuktige stader i kysthei og på grunnlende, om lag alltid på baserik grunn. Ho er utbreidd frå låglandet, heilt ned til kysten, opp til skoggrensa, og med nokre førekomstar opp i det lågalpine beltet til ca. 1000 moh. Ho er nokså hyppig på Austlandet, i Midt-Noreg og nord til Sør-Troms. I nord ligg den kjende grensa i Tr Nordreisa og Karlsøy.

Kommentarar

Det er mykje variasjon innanfor det vi her reknar til underarten grasmarihand. Variasjonen blei tidlegare handsama som (minst) to artar. Plantar der blada har purpurraude flekkar på blada, blei kalla blodmarihand D. cruenta (O.F.Müll.) Soó (eller D. incarnata subsp. cruenta (O.F.Müll.) P.D.Sell), og plantar med uflekka blad blei kalla engmarihand D. incarnata s. str. Kor mykje betydning ein skal leggje i desse flekkane er uklårt. Det er minst to grupper av plantar med bladflekkar. I låglandet på Austlandet er funne det nokre grovvaksne plantar med store, ringforma flekkar. Slike plantar veks eller snarare vaks på sumpmark ved Oslofjorden og nord til Mjøsa, men dei er no svært sjeldsynte eller kanskje utgåtte. I fjellstrøk veks det meir småvaksne plantar med små, tettstilte flekkar eller prikkar. Slike plantar er nokså vanlege. Begge desse gruppene har vore samanfatta under namnet blodmarihand, men dei har truleg lite eller inkje med kvarandre å gjere. Låglandsplantane med ringforma flekkar er funne saman med uflekka plantar med same generelle utsjånaden. Fjellplantane med prikkforma flekkar veks om lag alltid saman med uflekka plantar med same utsjånaden, mellom anna på den myra på Røros der O. F. Müller samla den planten som blei teikna og først beskriven som Orchis cruenta i Flora Danica i 1782.

Variasjonen i arten og underarten er merkeleg. Her er flekka og uflekka plantar av fjellrasen. Dei flekka har vore kalla blodmarihand. Her frå Os i Østerdalen.

Konklusjonen vår i dag er at flekkane, anten dei er ringforma i låglandet eller prikkforma i fjellet, ikkje er så mykje verd systematisk. Noko anna er at låglandsplantane og fjellplantane, anten dei har flekkar eller ikkje, er nokså ulike. Fjellplantane er meir kompakte og breiblada og har vore rekna som ein var. borealis (Neuman). Hovudskilnaden kan gå mellom engmarihand i låglandet og i fjellstrøka. Nok ei gruppe plantar er funnen i kyststrøk, særleg i Midt- og Nord-Noreg, kjenneteikna ved at dei har bleikt kjøttraude blomar. Desse skil seg òg i at dei er meir kompakte enn plantane sør på Austlandet og kan vere endå ein rase. Plantar med gulkvite blomar er rekna som ein særskild rase, subsp. ochroleuca (Wüstnei ex Boll) P.F.Hunt & Summerh., mellom anna i Sverige (sjå Mossberg og Stenberg 2018) der han er funnen nord til Jämtland, og på Dei britiske øyane (sjå Stace 2010). Plantar med slike gulkvite blomar er òg funne i Noreg, men utan at dei veks i særskilde populasjonar og fortener å bli aksepterte som subsp. ochroleuca.

Ein plante med kjøttraude blomar veks nokre stader langsmed kysten, her frå Ørlandet på Fosenhalvøya.

Denne kjøttraude blomefargen hos engmarihand finn ein berre på kysten i Midt-Noreg, og dette kan vere ein særskild rase. Her på Vega på Helgeland.

Forvekslingar

Sjå òg arten. Grasmarihand skil seg frå den andre underarten, dynemarihand subsp. coccinea, i at planten er meir grannvaksen og med blomestand som utgjer opptil 1/3 av heile stengellengda med blomestand, og der dei lengste blada oftast utgjer mindre enn 1/2 av heile stengellengda med blomestand. Dynemarihand er meir grovvaksen og kompakt, med blomestand som utgjer 1/3 eller meir av heile stengellengda med blomestand, og der dei lengste blada utgjer 1/2 til 1 1/2 av heile stengellengda med blomestand.

Kjelder

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Mossberg B og Stenberg L (2018). Nordens flora. Bonnier Fakta, Stockholm. 976 s.

Stace C (2010). New Flora of the British Isles. 3. utg. Cambridge University Press. 1232 s.

Siter nettsida som:

Elven R. Grasmarihand Dactylorhiza incarnata subsp. incarnata. www.artsdatabanken.no/Pages/325515. Lasta ned <dag.månad.år>.