Koloradoedelgran kjem frå vestlege Nord-Amerika. Arten er innført som skogstre og prydtre, i dei seinare tiåra vesentleg som prydtre, og er no funnen forvilla mange stader i norsk natur.

Kjenneteikn

Koloradoedelgran er eit svært stort tre som kan bli meir enn 30 m høgt i Noreg og opptil 60 m høgt i Nord-Amerika. Unge stammar har lysgrå bork. Unge kvistar er trinne, gulgrøne til olivengrøne, og snaue eller i førstninga med gulaktige til raudlege hår. Knoppane har mykje harpiks. Nålverket er grågrønt til blågrått på begge sider. Nålene står ut frå kvisten til alle sider og er oppbøygde. Dei er 2,5–7,5 cm lange, noko som er av dei lengste nålene i slekta, og 2–3 mm breie. Dei er kortspisse til grunt utranda. Nålene har eit vokslag som gjer dei blågrå på begge sider. I vokslaget er det striper av spalteopningar i to band på begge sider. Kvart band på undersida av nålene har 6–9 striper. Harpikskanalane er epidermale. Konglene er 6–13 cm lange. Kolordaodelgran spreier pollenet om våren og er vindpollinert. Frøa har vengje og er hovudsakleg vindspreidde, men kan òg bli spreidde med fugl.

Nålverket hos koloradoedelgran er grågrønt på begge sider, med mange striper av spalteopningar både på oversida og undersida av nålene.

Kvistane har litt hår i byrjinga, men blir tidleg snaue. Dei er slette (utan furer).

Kromosomtal

Koloradoedelgran er diploid med grunntal x = 12 og kromosomtalet 2n = 24.

Økologi og utbreiing

Koloradoedelgran er hovudsakleg innført som som prydtre. Arten vart først rapportert som forvilla i 1973, men spreidde seg truleg mykje tidlegare, for han var dyrka i Noreg allereie i 1870-åra. Koloradoedelgran er no bufast og i auke i Noreg. Ho føretrekkjer noko næringsrik grunn, særleg lågurt-typar av skog. Koloradoedelgran veks langsamt og toler skugge. Ho er funnen spreidde stader på Austlandet og i kyststrøk til Rogaland, frå Møre og Romsdal til Sør-Trøndelag og i Nordland. Ho er oversett og finst truleg mange stader òg mellom Rogaland og Sunnmøre. Arten er knytt til nemoral til sørboreal sone.

Koloradoedelgran kjem frå kontinentale fjellstrøk i vestlege USA og Nord-Mexico sørover frå sør i Oregon og aust til Colorado og New Mexico.

Kommentarar

Nokon av dei rapporterte plantane kan høyre til oregonedelgran Abies lowiana (Gordon) A.Murray bis, som kanskje er ein hybridart mellom koloradoedelgran og kjempeedelgran Abies grandis. Oregonedelgran førekjem i to former, ein nærare koloradoedelgran og ein nærare kjempeedelgran. Variasjonen i det norske materialet kan tyde på at i alle fall plantar med nålverk som er meir grønt på oversida, men utan tydeleg ulikt lange nåler, høyrer til oregonedelgran.

Forvekslingar

Dei einaste andre artane av edelgran med grågrønt eller blågrønt nålverk, som er funne i Noreg, er fjelledelgran Abies lasiocarpa, nobelgran Abies procera og praktedelgran Abies magnifica. Koloradoedelgran og fjelledelgran har knoppar som er heilt dekte med harpiks, og som har nåler der grunnen ikkje er tiltrykt kvisten, men dei to kan bli skilde på lengden på nålene, då fjelledelgran har nåler kortare enn 4 cm, medan koloradoedelgran har nåler lengre enn 4 cm. Nobelgran og praktedelgran har knoppar utan eller med lite harpiks og nåler der grunnen er tiltrykt kvisten.

Kjelder

Christensen KI (2000). Coniferopsida. I Jonsell B (utg.). Flora Nordica 1 Lycopodiaceae – Polygonaceae: 91–115.

Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 15/11/2023

Eckenwalder JE (2009). Conifers of the World, the complete reference. Timber Press, Portland, London. 720 s.

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Hunt RS (1993). Abies Miller. I Flora of North America Editorial Committee (utg.). Flora of North America north of Mexico 2: 354–362.

Xiang Q-P, Wei R, Zhu Y-M, Harris AJ og Zhang X-C (2018) New infrageneric classification of Abies in light of molecular phylogeny and high diversity in western North America. Journal of Systematic Evolution 56: 562–572.

Siter nettsida som:

Solstad H og Elven R. Koloradoedelgran Abies concolor (Gordon & Glend.) Lindl. ex Hildebr. www.artsdatabanken.no/Pages/285858. Lasta ned <dag.månad.år>.