Sibiredelgran er eit stort, hardført og kontinentalt tre med kjegleformet krone. Arten kjem frå Russland, Kina, Kasakhstan og Kirgisistan. Han vart først innført som prydtre, men er òg i bruk forstleg.

Kjenneteikn

Sibiredelgran blir eit stort tre på opptil 30 m. Unge stammar har grå bork. Unge kvistar er frå om lag trinne til furete, sølvgrå til lysbrune, og tetthåra med bleikbrune hår. Knoppane er gulbrune, tettstilte og har mykje harpiks. Nålene står horisontalt ut på undersida av kvisten. På oversida av kvisten står dei opp og framover og dekkjer kvisten. Nålene er 1,5–4 cm lange, smale og utranda. Oversida er friskt grøn, med ei tydeleg renne, og er utan eller med 1–2 avbrotne striper med spalteopningar nær spissen. Undersida er tydeleg lysgrøn og har to grålege eller bleikgrøne band, kvart med 4–7 striper med spalteopningar. Nålene har mediale harpikskanalar. Konglene er 5–9 cm lange. Sibiredelgran spreier pollenet om våren og er vindpollinert. Frøa har vengje og er hovudsakleg vindspreidde, men kan òg bli spreidde med fugl.

Hos sibiredelgran står nålene på undersida meir ut til sida, medan nålene på oversida står meir framover og dekkjer kvisten.

Nålverket hos sibiredelgran er friskt grønt på oversida og med svært få striper med spalteopningar.

På undersida er nålverket hos sibiredelgran meir grågrønt, på grunn av bleikgrøne band med spalteopningar. I toppen av skottet er det synleg nokre runde vinterknoppar med mykje harpiks.

Kromosomtal

Sibiredelgran er diploid med grunntal x = 12 og kromosomtalet 2n = 24.

Økologi og utbreiing

Sibiredelgran vart først rapportert som forvilla i 1960 (Nedkvitne 1960), men ho blei innført allereie kring 1850 og starta truleg å spreie seg lenge før 1960. Sibiredelgran er bufast og truleg i auke. Arten er funnen forvilla nokre få stader i innlandet på Austlandet nord til Trysil i Hedmark og kanskje til Dovre i Oppland, i Aust- og Vest-Agder, Rogaland, Hordaland og i Sør-Trøndelag kring Trondheim, men finst truleg òg i Akershus og Buskerud. Det er grunn til å tru at han er mykje oversett. Sibiredelgran er knytt til boreonemoral til mellomboreal sone i Noreg.

Som heimleg er sibiredelgran vidt utbreidd, om lag frå Kvitsjøen i Russland i vest til godt søraust om Baikalsjøen i Sibir i aust, og sør til Kina, Kasakhstan og Kirgisistan.

Kommentarar

Det er beskrive to raser av sibiredelgran, ein meir utbreidd rase, var. sibirica, og ein rase som er endemisk for Kirgisistan og som skil seg i fleire morfologiske karakterar, var. semenovii (Fedtsch.) Liu. Det forvilla norske materialet høyrer nok til hovudrasen var. sibirica.

Systematisk høyrer sibiredelgrana til seksjonen Balsamea, ei gruppe med åtte artar i Aust-Asia og Nord-Amerika, og i alle fall seks av desse er dyrka og forvilla i Noreg. Balsamedelgran Abies balsamea og fjelledelgran Abies lasiocarpa frå Nord-Amerika, og koreaedelgran Abies koreana, sakhalinedelgran Abies sachalinensis, sibiredelgran Abies sibirica og veitchedelgran Abies veitchii frå Aust-Asia. Gruppa har fleire fellestrekk. For det første har knoppane mykje harpiks. For det andre står ikkje nålene i tydelege rekkjer. For det tredje er nålverket reint grønt på oversida av di at nålene berre har nokre få eller manglar spalteopningar på oversida, med unnatak for Abies lasiocarpa der nålverket oftast er grågrønt eller blågrønt på grunn av fleire spalteopningar på oversida. Artane i seksjonen Balsamea er dei som det er mest vanskeleg å skilje frå kvarandre i slekta Abies.

Forvekslingar

Sibiredelgran kan bli forveksla med fleire andre edelgranartar. Ho liknar truleg mest på balsamedelgran Abies balsamea og veitchedelgran Abies veitchii. Desse tre artane har knoppar med harpiks, unge kvistar utan furer og eit noko avflata nålverk. Balsamedelgran og sibiredelgran har grå til gulgrøne unge kvistar, medan dei hos veitchedelgran er bleikbrune til svartbrune. Balsamedelgran har nåler som peiker oppover eller ut frå kvisten på oppsida, medan sibiredelgran har nåler som peiker framover.

Kjelder

Christensen KI (2000). Coniferopsida. I Jonsell B (utg.). Flora Nordica 1 Lycopodiaceae – Polygonaceae: 91–115.

Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 15/11/2023

Eckenwalder JE (2009). Conifers of the World, the complete reference. Timber Press, Portland, London. 720 s.

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Interactive Agricultural Ecological Atlas of Russia and Neighboring Countries. Economic Plants and their Diseases, Pests and Weeds. (2003-2009) http://www.agroatlas.ru/en/content/related/Abies_sibirica/map/index.html Lasta ned 15/11/2023.

Nedkvitne K (1960). Inførde bartreartar som sår seg på Vestlandet. Tidskrift for skogbruk 68: 29–33.

Xiang Q-P, Wei R, Zhu Y-M, Harris AJ og Zhang X-C (2018) New infrageneric classification of Abies in light of molecular phylogeny and high diversity in western North America. Journal of Systematic Evolution 56: 562–572.

Siter nettsida som:

Solstad H og Elven R. Sibiredelgran Abies sibirica Ledeb. www.artsdatabanken.no/Pages/285850. Lasta ned <dag.månad.år>.