Mange av ekspertane, og også representantar frå Artsdatabanken, var samla til oppstartmøte for arbeidet med Raudlista for naturtypar på Gardermoen i 2017.

Ni ekspertkomitéar med til saman 36 ekspertar har gjort vurderingane av risiko for at naturtypar kan gå tapte frå norsk natur. Ekspertane er oppnemnde av Artsdatabanken, og kjem i hovudsak frå universitet og forskingsinstitusjonar.

Medlemene i ekspertkomitéane representerer ein stor del av den ekspertisen som finst på naturtypar i Noreg. Kvar komité har ein ansvarleg leiar. Arbeidet er kontraktfesta med den institusjonen komitéleiaren tilhøyrer.

Oppnemninga av ekspertkomitéane

Artsdatabanken la i september 2017 ut ein open invitasjon til norske fagmiljø. Der blei fagfolk og institusjonar med kompetanse på naturtypar bedne om å ta kontakt. I tillegg tok Artsdatabanken aktiv kontakt med fagfolk vi meiner har relevant kompetanse. Vi tok direkte kontakt med alle komiteleiarar. Etter dialog med relevante fagmiljø blei ekspertane valde av Artsdatabanken.

Fleire av dei oppnemnde ekspertane deltok óg i arbeidet med Norsk raudliste for naturtypar 2011.

Samlingar

Artsdatabanken arrangerte ei oppstartsamling for ekspertane 30. november til 1. desember 2017. I hovudsak blei IUCN sine sett med kriterium og retningslinjer, samt utveljing av vurderingseiningar, gjennomgått. Både leiarar og komitemedlemer deltok på denne samlinga. I tillegg blei det arrangert ei erfaringssamling i april 2018. Samlingar og interne møte i komitéane er viktige for å få ei felles forståing av metoden og bruken av kriteria.

Ekspertkomitéane 2018

Vurderingane i Raudlista for naturtypar 2018 er gjorde av ni ekspertkomitéar:

Marine djupvatnssområde  
Pål Buhl-Mortensen (leiar) Havforskningsinstituttet
Torkild Bakken NTNU Vitenskapsmuseet, Trondheim
Eivind Oug Norsk institutt for vannforskning, Grimstad
Hans Tore Rapp Institutt for biovitenskap, Universitetet i Bergen
Marine gruntvatnsområde  
Hege Gundersen (leiar) Norsk institutt for vannforskning, Oslo
Trine Bekkby Norsk institutt for vannforskning, Oslo
Kjell Magnus Norderhaug Havforskningsinstituttet, Bergen
Eivind Oug Norsk institutt for vannforskning, Grimstad
Bjørn Gulliksen  Universitetet i Tromsø – Norges arktiske universitet UiT
Eli Rinde Norsk institutt for vannforskning, Oslo
Ferskvatn  
Ingebrigt Uglem (leiar) Norsk institutt for naturforskning, Trondheim
Børre Dervo Norsk institutt for naturforskning, Lillehammer
Marit Mjelde Norsk institutt for vannforskning, Oslo
Ann Kristin Schartau Norsk institutt for naturforskning, Oslo
Martin Svenning Norsk institutt for naturforskning, Tromsø
Semi-naturlege naturtypar  
Knut Anders Hovstad (leiar) NIBIO, Stjørdal
Geir Arnesen Ecofact Nord, Tromsø
Line Johansen NIBIO, Stjørdal
Ellen Svalheim NIBIO, Stjørdal
Liv Guri Velle Møreforskning Ålesund AS
Våtmark  
Anders Lyngstad (leiar) NTNU Vitenskapsmuseet, Trondheim
Tor Erik Brandrud Norsk institutt for naturforskning, Oslo
Dag Inge Øien NTNU Vitenskapsmuseet, Trondheim
Marit Mjelde Norsk institutt for naturforskning, Oslo
Asbjørn Moen NTNU Vitenskapsmuseet, Trondheim
Skog  
Erik Framstad (leiar) Norsk instiutt for naturforskning, Oslo
Egil Bendiksen Norsk instiutt for naturforskning, Oslo
Hans H. Blom NIBIO, Fana
Anne Sverdrup-Thygeson MINA, NMBU, Ås
Fjell og berg  
John-Arvid Grytnes (leiar) Institutt for biovitenskap, Universitetet i Bergen
Marianne Evju Norsk institutt for naturforskning, Oslo
Torbjørn Høitomt BioFokus, Oslo
Per Gerhard Ihlen Asplan Viak AS, Bergen
Per Arild Aarrestad Norsk institutt for naturforskning, Bergen
Svalbard terrestrisk  
Geir Arnesen (leder) Ecofact Nord, Tromsø
Reidar Elven  
Kristian Hassel NTNU Vitenskapsmuseet, Trondheim
Landformer  
Lars Erikstad (leiar) Norsk institutt for naturforskning, Oslo
Rolv Dahl NGU, Trondheim
Tom Heldal NGU, Trondheim
Berit Husteli NGU, Trondheim
Bistand Naturtypar i Noreg (NiN)  
Rune Halvorsen Naturhistorisk museum, Universitetet i Oslo