- Fremmedartslista 2023 >
- Oncorhynchus gorbuscha
Vurdering av pukkellaks Oncorhynchus gorbuscha (Walbaum, 1792)
Utført av ekspertkomité for Fisker
Publisert: 11.08.2023
Arten er en dørstokkart som er dokumentert fra norsk natur.
Arten er vurdert til høy risiko. Den har moderat invasjonspotensial og middels økologisk effekt.
-
NRIkke risikovurdert
-
NKIngen kjent risiko
-
LOLav risiko
-
PHPotensielt høy risiko
-
HIHøy risiko
-
SESvært høy risiko
y = 4
- Økologisk effekt: 4stor
- For Invasjonspotensial (x-aksen) = 1: kategori PH er verdien: ikke gjeldende
- For Invasjonspotensial (x-aksen) = 2: kategori HI er verdien: ikke gjeldende
- For Invasjonspotensial (x-aksen) = 3: kategori SE er verdien: ikke gjeldende
- For Invasjonspotensial (x-aksen) = 4: kategori SE er verdien: ikke gjeldende
y = 3
- Økologisk effekt: 3middels
- For Invasjonspotensial (x-aksen) = 1: kategori LO er verdien: ikke gjeldende
- For Invasjonspotensial (x-aksen) = 2: kategori HI er verdien: ikke gjeldende
- For Invasjonspotensial (x-aksen) = 3: kategori HI er verdien: ikke gjeldende
- For Invasjonspotensial (x-aksen) = 4: kategori SE er verdien: ikke gjeldende
y = 2
- Økologisk effekt: 2liten
- For Invasjonspotensial (x-aksen) = 1: kategori LO er verdien: ikke gjeldende
- For Invasjonspotensial (x-aksen) = 2: kategori LO er verdien: ikke gjeldende
- For Invasjonspotensial (x-aksen) = 3: kategori LO er verdien: ikke gjeldende
- For Invasjonspotensial (x-aksen) = 4: kategori HI er verdien: ikke gjeldende
y = 1
- Økologisk effekt: 1ingen kjent
- For Invasjonspotensial (x-aksen) = 1: kategori NK er verdien: ikke gjeldende
- For Invasjonspotensial (x-aksen) = 2: kategori LO er verdien: ikke gjeldende
- For Invasjonspotensial (x-aksen) = 3: kategori LO er verdien: ikke gjeldende
- For Invasjonspotensial (x-aksen) = 4: kategori PH er verdien: ikke gjeldende
Tallforklaring for x-aksen:
- 1lite
- 2begrensa
- 3moderat
- 4stort
Arten har høy risiko HI. Risikoen er lavere i deler av artens potensielle utbredelse.
Arten koloniserer minimum 10% av en naturtype. Dette tilsvarer moderat invasjonspotensial (risikomatrisens x-akse).
Arten overfører parasitter/patogener til stedegne arter. Dette tilsvarer middels økologisk effekt (risikomatrisens y-akse).
Ekspertenes oppsummering
Generelt om arten
Livsmiljø: limnisk og marint
Pukkellaks Oncorhynchus gorbuscha er ein framand fisk i laksefamilien. Den er anadrom, det vil sei at den gyter i ferskvatn men har beitevandring i havet. Den naturlege forekomsten er i Stillehavet, Beringhavet og Nordishavet langs vestkysten av Nord-Amerika (Sacramento River, California til Mackenzie River, Kanada) og austkysten av Asia (Korea, Japan i sør til Lena, aust-Sibir i nord) (Quinn 2005). Sovjetunionen starta eit utsetjingsprogram med å hente befrukta egg frå Sakahlin-øya og Kurilene i 1956, og satte desse ut i 4 elver rundt Kvitsjøen/Kola. Det var imidelrtid først etter at dei i 1959 starta med å fora yngelen litt før utslepp at dei fekk pukkellaks tilbake til kysten året etter. Denne første sukssessfulle tilbakevandringa i 1960 var stor både i Russland og i Norge. I Norge var den relativt talrik i fangstar både i elv og sjø i Troms og Finnmark, men den førekom også lengre sørover i Norge (Berg 1961). Den første observasjonen på Svalbard var året etter, ved Kapp Linné i 1961.
Pukkellaksen er den minste av stillehavslaksane. Gytemodne hannar utviklar ein kraftig forhøging på framre del av ryggen i gytetida. Det er dette som har gitt arten sitt namn. Vidare får hannen forlenga kjevar med ein markert krok på overkjeven når han er gytemoden. Både hoa og hannen dør kort tid etter gyting. Generasjonstida er strengt toårig, det vil seie at det går to år frå eit egg blir fertilisert under gyting til dette individet er tilbake på gyteplassen for å gyte og dø. Pukkellaksen gyt i Norge hovudsakleg i august, på substrat av grus og mindre stein med god vassgjennomstrøyming. Gytesubstratet er liknande som for Atlantisk laks, sjøaure og sjørøye. Den gyter gjerne i nedre deler av elvene og kan gyte i flopåvirka område, men den kan også vandre fleire hundre kilometer opp i elver. Eggene klekker før jul, men plommesekkyngelen held seg nede i substratet til våren. Då er plommesekken brukt opp, yngelen er 30-40 mm og får ein karakteristisk blank kropp tilpassa eit pelagisk liv. Den er no smolt og vandrar ut i sjøen, typisk utan å ta til seg føde før den kjem i estuariet sjølv om det kan førekome. Det er særleg smolt frå lengre oppe i elvene som startar å ta føde til seg på den lengre turen ned til ssjøen. I estuariet oppheld den seg gjerne i 6-8 veker, før den vandrar vidare ut i havet. Pukkellaksen går i stim heile livet, og har ein slank kropp tilpassa eit levevis i dei fri vassmassar (pelagialen) med mørk overside, sølvblanke sider og kvit underside. Føda er for det meste krepsdyr og fisk. Når den vandrar opp i norske elver er gjennomsnittsvekta blant kjønnsmodne individ omlag 2 kg, men den varierer mellom under ein kg til omlag 4 kg. I Finnmark vandrar pukkellaksen opp i elvene hovudsakleg frå midten av juni til slutten av juli/første del av august. Gytinga føregår vanlegvis i august eller tidleg i september (Gjelland & Sandlund 2012, Niemelä mfl. 2016, Sandlund mfl 2019, Hindar mfl. 2020).
Utbredelse på Svalbard
Pukkellaks har beitevandringar i Barentshavet, og kan påtreffast langs kysten rundt heile Svalbard. Den kan også gå opp i ferskvatn her. Men sidan den må gyte på rennande vatn, har den ingen mogelegheit for suksessfull reproduksjon sidan elvene tørkar inn og frys gjennom den lange vinteren. Om det likevel skulle skje at egga skulle klare overvintring som følge av tilstrekkeleg restvannføring i elva eller eventuelt ved gyting i brakkvatn, vil utviklingstida vere så lang på grunn av lave vanntemperaturar at det er lite sannsynleg at pukkellakssmolten vil vere klar for utvandring før neste sesong er over. Det er såleis svært usannsynleg at pukkellaks kan ha suksessfull reproduksjon på Svalbard. Den første første rapporterte observasjonen var fangst av pukkellaks i sjøen på vestkysten av Svalbard i 1961. Det vart då fanga nokre individ ved Kapp Linné, samt eitt individ ved Krossfjorden (Gullestad 1970). Så vart det ikke rapportert om fleire fangstar før i 1965, då det vart tatt eitt individ i Krossfjorden, to individ i Mushamna og ti individer i Mossellaguna nord på spitsbergen (Gullestad 1970).
I årene 1966-70 vart det ikkje rapportert om pukkellaks i farvatna rundt Svalbard. I 1971 vart imidlertid eitt individ fanga i laguna ved utløpet av Diesetelva på Mitrahalvøya nord for Ny Ålesund. (Gullestad 1973). Denne vart fanga i ein fiskebiologisk undersøkelse som omfatta rusefiske i både laguna og i Diesetelva i tida mellom 20. juli og 4. september.
I løpet av 1980-90-talet vart pukkellaks år om anna observert, men det var ingen teikn til klar auke i mengda pukkellaks i farvatna rundt Svalbard. Som ein del av dei forvaltningsrelaterte røyeundersøkingane på Svalbard (FRØYS) vart det i åra 1990-93 og i 2005 nytta fangstruser i Diesetvassdraget (Kjell Nilssen, NTNU, pers. med.). Men fra issløysinga i juni/juli og fram til isdekket la seg i starten av september, vart det kvart år kun registrert 1-3 pukkellaks. På 1990-tallet gjennomførte NTNU også i enkelte sesonger fangst med ruser i Revvatnvassdraget, Hornsund (1990), Gøtanesvassdraget, Isfjorden (1995) og Linnévassdraget, Isfjorden/Grønnfjorden (2005), men utan at det vart fanga pukkellaks. I undersøkingar gjennomført i 2006 vart det ikkje rapportert om pukkellaks i Linne-, Dieset- eller Straumsjøvassdraget (Hegseth 2007). I seinere år har forekomsten av pukkellaks på vestkysten av Svalbard auka markant (Martin Svenning, NINA, pers. med.). I 2007 og 2008 vart det observert ein deI pukkellaks i munningen av Revelva, og nokre individ forsøkte også å vandre opp i elva (Witkowski & Glowacki 2010). I Linnévassdraget vart det fanga ein del pukkellaks på 2000-tallet, inkludert fire individ sommaren 2008 (Ebne 2009). I dette vassdraget vart det sommaren 2017 tatt åtte individ i ei oppgangsfelle fram til undersøkinga vart avslutta den 29. august (Vegard Årthun Bergane, NMBU, pers. med.). Av disse vart fire pukkellaks fanga den siste dagen, samtidig som det vart observert flere individ i elva nedanfor fella. Ein må derfor forvente at det kom opp meir pukkellaks seinare på hausten. Gjennom 75 dager dagar med kilenotfiske i Isfjorden innerst i Adventfjorden i 2013 vart det fanga 11 pukkellaks i august og to individ i september (Svenning 2014). I ei tilsvarande undersøking på same stad året etter vart det imidlertid ikkje registrert pukkellaks (Svenning 2015). I 2017 mottok NINA rapport om fangst av eitt individ i sjøen ved Anservika i Billefjorden og eitt i Diesetvassdraget (Henrik. H. Berntsen, pers. med.). I oddetalsåra 2017, 2019 og 2021 meldes det også om ein del sportsfiskefangst av pukkellaks langs kysten av Svalbard, men det er ingen systematisert rapportering. I 2021 vart det påvist låge konsentrasjonar av pukkellaks-DNA Torskevannet og Lovènvatnet (to av tre underssøkte lokalitetar), men desse funna vart ikkje validert med fangst eller observasjon av pukkellaks. Påvisning aure-DNA i dei same prøvane gjer slik validering nødvendig, då aure ikkje har vore observert tidlegare på Svalbard.
Fangstinnsatsen i elver og farvatna rundt Svalbard er låg, i tillegg manglar eit godt rapporteringsssystem. Forekomsten av pukkellaks i området er derfor vesentleg høgare enn tala som er presentert her gir inntrykk av. I sjøen må ein anta at den kan påtreffast kring heile Svalbard, i ferskvatn er det stor usikkerheit omkring utbredeiing og kor ofte den førekjem.
Pukkellaks er utvilsomt observert mange gonger både i kystfarvatn og i elv, men dette er individ på vandring frå Kvitsjøen/Kola/Finnmark. Pukkellaks har beitevandring frå fastlandet i Barentsregionen til bl.a. marine område kring Svalbard, og er slik sett etablert i det marine miljø i området. Men den har ingen reproduksjon på Svalbard.
Spredningsmåter
Forekomsten av pukkellaks i kystfarvatna rundt Svalbard og i elver på Svalbard er resultatet av individ på beitevandring i Barentshavet. I starten stamma desse individa frå utsatt fisk, no stammar dei frå reproduksjon i områda rundt Kvitsjøen, på Kola og truleg også Aust-Finnmark.
Det er ingen reproduksjon av pukkellaks på Svalbard, og derfor heller ingen vidare spreidning frå Svalbard. All pukkellaks ved Svalbard er spreidd til Svalbard, ikkje frå Svalbard.
Invasjonspotensial
Invasjonspotensialet er vurdert til moderat. I dei seinare år (2017-2021) har det vore ein svært stor auke i pukkellaks langs norskekysten i oddetalsår, særleg i Finnmark, men også langs resten av kysten (Berntsen mfl. 2022). Dette syner at arten har eit stort invasjonspotensiale langs norskekysten. Pukkellaksen har beitevandringar i Barentshavet, og stor auke i pukkellaksbestanden betyr rimeleg sikkert stor auke i forekomsten av pukkellaks i marine farvatn rundt Svalbard. Det er grunn til å tru at pukkellaks brukar kystområda kring Svalbard særleg på vest- og nordsida, og i mindre grad på austsida på grunn av kaldare vatn der. Pukkellaks kan derimot ikkje reprodusere på Svalbard, slik at invasjonspotensialet på Svalbard er avhengig av overleving i havet og gytesuksess i elver langs fastlandskysten i Barentsregionen. Varmare klima vil truleg auke invasjonspotensialet noko, men det vil fortsatt vere lavt i ferskvatn og moderat i sjø.
Økologisk effekt
I ferskvatn på Svalbard vil det ikkje vere konkurranseeffekter frå pukkellaks, men den kan ha ein viss gjødslingseffekt dersom mange pukkellaks går opp i eit vassdrag og dør der. Men med kalde elver og inga mogelegheit for suksessfull reproduksjon er det likevel liten grunn til å tru at det skal bli stor invasjon av pukkellaks i vassdrag på Svalbard. Den økologiske effekten av pukkellaks i ferskvatn på Svalbard er derfor vurdert som liten, sjølv om pukkellaksbestanden på beitevandring i farvatn kring Svalbard skulle bli stor. Sjørøyebestandar på Svalbard er generelt små og sårbare, og pukkellaks som blir værande ved utløpet av anadrome elver (jfr. Gullestad 1970) kan utgjere ein predasjonsrisiko for førstegongsvandrande sjørøye. I sjøen vil eit hardt beitepress frå pukkellaks kunne påverke både byttedyrsamansetjing og -mengde, som i sin tur kan føre til næringskonkurranse med annan fisk og sjøfugl i marine farvatn kring Svalbard. Særleg om våren kan dette potensielt ha ein negativ påverknad på hekkande sjøfugl som beiter pelagialt, for eksempel alkekonge. Men vi manglar kunnskap om pukkellaksens diett i dette området gjennom vinter og vår. Store mengder pukkellaks har potensiale til å gjere moderate endringar på det marine økosystemet (Hindar mfl. 2020). Truleg vil enkelte sjøfuglartar samt laks på beitevandring i Barentshavet vere mest sårbare for konkurranse med pukkellaks, men også sjørøye vil vere noko utsatt for konkurranse frå pukkellaks i estuaria. Effektene av eventuell spreidning av sjukdommane VHSV og BKD gjer at økologisk effekt vert vurdert til middels for Svalbard.
Konklusjon
Fordi elvene på Svalbard tørkar ut og botnfrys gjennom den lange kalde vinteren, vil ikkje pukkellaksen vil kunne etablere reproduserande bestandar i elver på Svalbard. Sjølv om klimaet vert varmare med mildare vintrar, er det lite truleg at det vil bli så store endringar at pukkellaks vil kunne etablere sjølvreproduserande bestandar på Svalbard i løpet av dei neste 50 åra. Det er lite kunnskap om kva artar som vil bli mest påverka av mykje pukkellaks i havområda kring Svalbard. Den pågåande pukkellaksinvasjonen i Barentsregionen vil truleg gi aukande påverknad i sjøområda kring Svalbard, med moderate konsekvensar for det marine økosystemet i år med store pukkellaksmengder. Pukkellaks har høgt invasjonspotensial i dei marine farvatn, men lågt invasjonspotensial i ferskvassystema. Sjølv om pukkellaks (Oncorhynchus gorbuscha) manglar mogelegheit for reproduksjon i ferskvatn på Svalbard vurderes den til kategorien høg risiko (HI). Dette skuldast ein middels negativ økologisk effekt knytta til sjukdomsspreiing til stadeigne artar (røye) og moderat invasjonspotensial.
Hva bestemmer artens risikokategori
Artens risikokategori bestemmes av artens invasjonspotensial, kombinert med artens negative økologiske effekt i naturen.
Artens invasjonspotensial (x-aksen i risikomatrisa) bestemmes av tre kriterier: artens mediane levetid i Norge (A-kriteriet), artens ekspansjonshastighet (B-kriteriet) og størrelsen på naturtypeareal som arten koloniserer (C-kriteriet).
Artens økologiske effekt (y-aksen i risikomatrisa) bestemmes av seks kriterier: artens effekter på stedegne arter (D- og E-kriteriet), artens effekter på naturtyper (F- og G-kriteriet), genetisk forurensning av stedegne arter (H-kriteriet) og overføring av parasitter eller patogener til stedegne arter (I-kriteriet).
Kriteriet(ene) arten skårer høyest på for hver av aksene i matrisa (invasjonspotensial og økologisk effekt) kalles artens avgjørende kriterier. Les mer om kriteriene.
Invasjonspotensial
Arten vurderes til delkategori 3 på invasjonsaksen
Avgjørende kriterier-
Artens koloniserte naturtypeareal. Tabellen viser hvilke(n) naturtype(r) den fremmede arten koloniserer nå eller i framtida. Andel kolonisert areal (%) av totalt naturtypeareal og vurderingsgrunnlag er gitt for hver naturtype. naturtype tidshorisont kolonisert
areal (%)vurderings‐
grunnlagnaturtype:havvannmasser tidshorisont:nå kolonisert areal (%):10-20 vurderingsgrunnlag: - skriftlig dokumentasjon fra Norge
naturtype:elvevannmasser med fisk tidshorisont:nå kolonisert areal (%):0–2 vurderingsgrunnlag: - skriftlig dokumentasjon fra Norge
naturtype:eufotisk fast innsjøbunn tidshorisont:nå kolonisert areal (%):0–2 vurderingsgrunnlag: - annet
naturtype:fast elvebunn tidshorisont:nå kolonisert areal (%):0–2 vurderingsgrunnlag: - skriftlig dokumentasjon fra Norge
Økologisk effekt
Arten vurderes til delkategori 3 på økologisk effekt aksen
Avgjørende kriterier-
Overføring av parasitter og patogener. Tabellen viser hvilke parasitter eller patogener (inkludert bakterier og virus) arten er vurdert å overføre til stedegne verter, om parasitten er kjent for verten eller ei, samt om parasitten er fremmed eller stedegen. Den økologiske effekten av overføringen kan ikke være større enn den økologiske effekten parasitten selv vurderes å ha etter kriteriene D til H. Kun overføringer av parasitter og patogener som er dokumentert eller sannsynlig er inkludert. stedegen art kategori
Rødlista 2021nøkkelart? Parasittens vitenskapelige navn Parasittens status Parasittens delkategori Geografisk omfang Vurderingsgrunnlag røye
Salvelinus alpinus (Linnaeus, 1758)Livskraftig LC nei Renibacterium salmoninarum kjent for verten og fremmed 3 begrenset - skriftlig dokumentasjon fra Norge
røye
Salvelinus alpinus (Linnaeus, 1758)Livskraftig LC nei Hemorrhagic septicemia ny for verten og fremmed 3 begrenset - skriftlig dokumentasjon fra Norge
Invasjonspotensial
Øvrige kriterier-
Estimeringsmetode: forenklet anslag
Basert på det beste anslaget på 0 forekomster i løpet av 10 år og 5 ytterligere introduksjon(er) i samme tidsperiode ble A-kriteriet forhåndsskåret som 3 (med usikkerhet 3 – 4). Med bakgrunn i retningslinjene ble skår og/eller usikkerhet justert til gjeldende verdier 2 og 1 – 2). Dette innebærer at artens mediane levetid er mellom 10 og 59 år eller at sannsynligheten for utdøing innen 50 år er på mellom 43% og 97%.
Begrunnelse for justering av skår og/eller usikkerhet: Sjølv om pukkellaksen kan gyte i elver på Svalbard, er dette dømt til å mislykkast fordi elvene tørkar inn om vinteren og dei befrukta egga vil fryse sund. Forekomsten av pukkellaks på Svalbard er derfor fullstendig avhengig av individ på beitevandring frå reproduksjon lengre sør.
-
Estimeringsmetode: anslått økning i artens forekomstareal
Basert på det beste anslaget på 0 forekomster i løpet av 10 år og 5 ytterligere introduksjon(er) i samme tidsperiode er B-kriteriet skåret som 1 (med usikkerhet 1 – 2). Det beste anslaget på artens ekspansjonshastighet er 46 m/år.
Økologisk effekt
Øvrige kriterier-
Artens negative effekter på trua arter eller nøkkelarter. Tabellen viser hvilken type interaksjon den fremmede arten har med stedegne trua arter eller nøkkelarter, samt interaksjonens styre og omfang. Kun effekter som er dokumentert i Norge eller i utlandet (for arten selv eller en sammenlignbar art), eller som sannsynlig vil opptre i Norge i løpet av 50 år, er inkludert. stedegen art kategori
Rødlista 2021nøkkelart? interaksjonens styrke geografisk omfang type interaksjon vurderings‐
grunnlagrøye
Salvelinus alpinus (Linnaeus, 1758)LC - Livskraftig ja svak begrenset konkurranse om mat - kun observasjoner fra Norge
røye
Salvelinus alpinus (Linnaeus, 1758)LC - Livskraftig ja svak begrenset predasjon - ikke valgt
Stedegen art: røye Salvelinus alpinus (Linnaeus, 1758) Kategori
Rødlista 2021LC - Livskraftig nøkkelart? ja interaksjonens styrke svak geografisk omfang begrenset type interaksjon konkurranse om mat vurderingsgrunnlag - kun observasjoner fra Norge
Stedegen art: røye Salvelinus alpinus (Linnaeus, 1758) Kategori
Rødlista 2021LC - Livskraftig nøkkelart? ja interaksjonens styrke svak geografisk omfang begrenset type interaksjon predasjon vurderingsgrunnlag - ikke valgt
Utfyllende informasjon rundt artens negative effekter:
Pukkellaksen langs Kola- og Finnmarkskysten har kun litt over eitt år på seg frå den går ut i sjøen som 30-50 mm smolt i mai-juni til den skal returnere til elva i juli neste år for å gyte. Skal den nå farvatna kring Svalbard vil den vere der først lit utpå hausten, og må returnere sørover i mai-juni for å nå tilbake til kysten i tide. For sjørøye på Svalbard er det derfor lite overlapp i tid med pukkellaks; det meste av pukkellaksen vil ha vandra sørover til kysten av Norge og Russland for å gyte i elvene der når sjørøya på Svalbard har si beitevandring i sjøen (juli). Eventuelle konkurranse-effekter på røye i sjøen vil derfor vere avhengig av at pukkellaksen har redusert mattilfanget for røya i forkant av røyas sjøvandring. Det kan også tenkast at pukkellaks som står igjen ved utløpa av anadrome vassdrag (jfr. Gullestad 1970) kan ha ein viss predasjonseffekt på den minste sjørøya. I sjøen vil eit hardt beitepress frå pukkellaks kunne påverke både byttedyrsamansetjing og -mengde, som i sin tur kan føre til næringskonkurranse med annan fisk og sjøfugl i marine farvatn kring Svalbard. Særleg om våren kan dette potensielt ha ein negativ påverknad på hekkande sjøfugl som beiter pelagialt, for eksempel alkekonge. Men vi har lite kunnskap om pukkellaksens diett i dette området, og særleg gjennom vinter og vår. Det er kjent at store mengder pukkellaks kan betydeleg påverknad på økosystemet i det nordlege Stillehavet/Beringhavet, og ved ekstrapolering til Nord-Atlanteren og Barentshavet fant Hindar mfl. (2020) at pukkellaks kan ha moderat effekt på marine økosystem i år med store pukkellaksmengder.
Pukkellaksen tek ikkje til seg føde i ferskvatn, og skulle den gå opp i ferskvatn på Svalbard vil det derfor ikkje vere konkurranse om mat. Det vil heller ikkje vere konkurranse om gyteplass, fordi pukkellaksen må gyte på elv medan røya gyter i innsjøar på Svalbard. Pukkellaks som går opp i ferskvatn for å gyte vil utgjere ein matressurs for lokale artar; egg kan vere føde for røye og vadefugl, og den døande fisken vil vere ei potensiell matkjelde for åtselfugl, for rev, og for evertebratar og sopp. Pukkellaks i ferskvatn på Svalbard vil derfor hovudsakleg kunne gi noko gjødslingseffekt gjennom ulike linkar i næringsnettet. Men i mangel av suksessfull reproduksjon på Svalbard, er det ikkje å forvente at oppgangen av pukkellaks skal bli så stor at det utgjer ein vesentleg gjødslingseffekt. Pukkellaks kan vere smitta av mange av dei same sjukdommar og parasittar som laks, men utgjer hovudsakleg liten til moderat risiko som smittebærar til andre laksefisk i ferskvassystema (Hindar mfl. 2020). Det er ikkje å forvente at oppgangen av pukkellaks i elver på Svalbard skal bli så stor at det vil utgjere eit stort smitteproblem.
-
Artens negative effekter på grupper av stedegne arter. Tabellen viser hvilken type interaksjon den fremmede arten har med grupper av stedegne arter, samt interaksjonens styre og omfang. Den negative interaksjonen med grupper av arter er indikert gjennom påvirket naturtype. Kun effekter som er dokumentert i Norge eller i utlandet (for arten selv eller en sammenlignbar art), eller som sannsynlig vil opptre i Norge i løpet av 50 år, er inkludert. Påvirkede
arter inøkkelarter
eller truede
arter?interaksjonens styrke geografisk omfang type interaksjon vurderings‐
grunnlagHavvannmasser nei svak storskala konkurranse om mat - ikke valgt
Havvannmasser nei svak storskala predasjon - ikke valgt
Påvirkede arter i: Havvannmasser nøkkelarter eller truede arter? /* påvirkes nøkkelarter eller truede arter? */nei interaksjonens styrke svak geografisk omfang storskala type interaksjon konkurranse om mat vurderingsgrunnlag - ikke valgt
Påvirkede arter i: Havvannmasser nøkkelarter eller truede arter? /* påvirkes nøkkelarter eller truede arter? */nei interaksjonens styrke svak geografisk omfang storskala type interaksjon predasjon vurderingsgrunnlag - ikke valgt
Utfyllende informasjon rundt artens negative effekter:
Pukkellaksen langs Kola- og Finnmarkskysten har kun litt over eitt år på seg frå den går ut i sjøen som 30-50 mm smolt i mai-juni til den skal returnere til elva i juli neste år for å gyte. Skal den nå farvatna kring Svalbard vil den vere der først lit utpå hausten, og må returnere sørover i mai-juni for å nå tilbake til kysten i tide. For sjørøye på Svalbard er det derfor lite overlapp i tid med pukkellaks; det meste av pukkellaksen vil ha vandra sørover til kysten av Norge og Russland for å gyte i elvene der når sjørøya på Svalbard har si beitevandring i sjøen (juli). Eventuelle konkurranse-effekter på røye i sjøen vil derfor vere avhengig av at pukkellaksen har redusert mattilfanget for røya i forkant av røyas sjøvandring. Det kan også tenkast at pukkellaks som står igjen ved utløpa av anadrome vassdrag (jfr. Gullestad 1970) kan ha ein viss predasjonseffekt på den minste sjørøya. I sjøen vil eit hardt beitepress frå pukkellaks kunne påverke både byttedyrsamansetjing og -mengde, som i sin tur kan føre til næringskonkurranse med annan fisk og sjøfugl i marine farvatn kring Svalbard. Særleg om våren kan dette potensielt ha ein negativ påverknad på hekkande sjøfugl som beiter pelagialt, for eksempel alkekonge. Men vi har lite kunnskap om pukkellaksens diett i dette området, og særleg gjennom vinter og vår. Det er kjent at store mengder pukkellaks kan betydeleg påverknad på økosystemet i det nordlege Stillehavet/Beringhavet, og ved ekstrapolering til Nord-Atlanteren og Barentshavet fant Hindar mfl. (2020) at pukkellaks kan ha moderat effekt på marine økosystem i år med store pukkellaksmengder.
Pukkellaksen tek ikkje til seg føde i ferskvatn, og skulle den gå opp i ferskvatn på Svalbard vil det derfor ikkje vere konkurranse om mat. Det vil heller ikkje vere konkurranse om gyteplass, fordi pukkellaksen må gyte på elv medan røya gyter i innsjøar på Svalbard. Pukkellaks som går opp i ferskvatn for å gyte vil utgjere ein matressurs for lokale artar; egg kan vere føde for røye og vadefugl, og den døande fisken vil vere ei potensiell matkjelde for åtselfugl, for rev, og for evertebratar og sopp. Pukkellaks i ferskvatn på Svalbard vil derfor hovudsakleg kunne gi noko gjødslingseffekt gjennom ulike linkar i næringsnettet. Men i mangel av suksessfull reproduksjon på Svalbard, er det ikkje å forvente at oppgangen av pukkellaks skal bli så stor at det utgjer ein vesentleg gjødslingseffekt. Pukkellaks kan vere smitta av mange av dei same sjukdommar og parasittar som laks, men utgjer hovudsakleg liten til moderat risiko som smittebærar til andre laksefisk i ferskvassystema (Hindar mfl. 2020). Det er ikkje å forvente at oppgangen av pukkellaks i elver på Svalbard skal bli så stor at det vil utgjere eit stort smitteproblem.
-
Utfyllende informasjon rundt artens negative effekter: Pukkellaksen kan gå opp i ferskvatn på Svalbard om sommaren. Den vil då slutte å ta til seg næring. Den vil dø der, eventuelt etter å ha gytt først. Dette vil medføre ein viss tilførsel av næring frå havet i system som er svært næringsfattige. Det er likevel ikkje å forvente at omfanget av pukkellaks i ferskvatn vil bli så stort at det vil gi betydeleg eutrofieringseffekt.
-
Økologiske effekter etter kriterium F, H er vurdert som fraværende (usannsynlige).
Endring av risikokategori fra 2018
Kategorien for denne arten er endret fra lav risiko LO til høy risiko HI siden Fremmedartslista 2018 (forrige revisjon). Dette skyldes:
- Ny kunnskap
Effekt av klimaendringer
Både delkategori for økologisk effekt og invasjonspotensial ville vært lavere i fravær av pågående eller fremtidige klimaendringer.
Betydningen av klimaendringer:
Tilbakevandringa av pukkellaks til elvesystema i Barentsregionen er positiv korrelert med overflatetemperaturen i havet (Hindar mfl. 2020). Varmare klima og varmare hav vil truleg gi betre reproduksjon av pukkellaks lengre sør, og betre beiteforhold for pukkellaks i havområda kring Svalbard. Klimaendringane i den neste 50-råsperioden vil derfor truleg leggje til rette for meir pukkellaks i dei marine områda, og dermed også fleire tilfeller av "feilvandring" av pukkellaks opp i ferskvassystem på Svalbard. Den lange, kalde og tørre vinteren på Svalbard gjer imidlertid at pukkellaks ikkje kan etablere seg med reproduserande bestand der, idet elvene vert tørrlagde eller gjennomfrosne gjennom den lange vinteren. Dette kan potensielt endre seg ved store klimaendringar dersom elvene får tilsig av vatn gjennom heile vinteren. Tidsperspektivet på dette er vanskelig å anslå, men det er lite truleg at klimaendringane i den neste femtiårsperioden vil vere så store at vi årvisst får rennande vatn gjennom heile vinteren. Klimaendringane har derfor ingenting å seie for reproduksjon av pukkellaks på Svalbard dei neste 50 år, men truleg føre til meir pukkellaks gi større effekter av pukkellaks i marine farvatn kring Svalbard.
Geografisk variasjon i risiko
Arten kunne ha fått lavere risikokategori enn høy risiko HI i deler av sitt potensielle forekomstareal.
Årsak til geografisk variasjon i risiko
- Artens evne til reproduksjon og/eller spredning er begrenset til visse kystvannssoner eller seksjoner
- Artens økologiske effekter er begrenset til visse kystvannssoner eller seksjoner
- Artens økologiske effekter er begrenset til bestemte naturtyper
Pukkellaks vil ikkje kunne reprodusere i ferskvatn på Svalbard, men den kan gå opp dit for å forsøke seg på gyting. Austsida av Spitsbergen og Nordaustlandet er svært dominert av isbrear, her er det liten grunn til å anta at pukkellaks vil søke seg opp. Dei marine vannmassane aust for Spitsbergen er også kaldare enn langs vestkysten, og det er derfor å forvente at det vil vere mindre pukkellaks her. Men fordi det er mindre fiske i dette området, manglar vi empirisk støtte for å anta at det er og vil vere meir pukkellaks langs vestsida av Svalbard.
Utbredelse på Svalbard
Forekomstareal
Forekomstarealet til en art tilsvarer antallet forekomster (2 km x 2 km ruter) der arten lever. Les mer om forekomstareal her.
Anslag | Antall forekomster fra én introduksjon | Antall ytterligere introduksjoner til norsk natur | Forekomstareal etter 10 år |
---|---|---|---|
Anslag:lavt anslag | Antall forekomster fra én introduksjon:0 | Antall ytterligere introduksjoner til norsk natur:3 | Forekomstareal etter 10 år:8 km2 |
Anslag:beste anslag | Antall forekomster fra én introduksjon:0 | Antall ytterligere introduksjoner til norsk natur:5 | Forekomstareal etter 10 år:8 km2 |
Anslag:høyt anslag | Antall forekomster fra én introduksjon:5 | Antall ytterligere introduksjoner til norsk natur:6 | Forekomstareal etter 10 år:68 km2 |
Andel av antatt forekomstareal i sterkt endra natur er på under 5 %.
Regionvis utbredelse
Fangstinnsatsen i elver og farvatna kring Svalbard er låg, og reflekterer truleg dårleg mengda pukkellaks i området, og det heftar stor usikkerheit knytta til utbreiingsområdet. Men det er i all hovudsak marint. Pukkellaksen brukar dei marine område kring Svalbard på beitevandring, medan reproduksjon skjer i elver langs fastlandsskysten i Barentsregionen (Finnmark-Kolahalvøya-Kvitsjøområdet). Det har vore observert sterke oddetalsbestandar dei siste åra, og talet på nye introduksjonar er derfor vurdert til 5 nye introduksjonar i løpet av den neste tiårsperioden. Klimaendringar med generelt varmare ver og høgare sjøtemperaturar i Barentshavet vil truleg gi større pukkellaksbestand i russsiske og norske elver, og med det meir pukkellaks på vandring til farvatna kring Svalbard. Sjølv om pukkellaksen kan gyte i elver på Svalbard, er dette dømt til å mislykkast fordi elvene tørkar inn om vinteren og dei befrukta egga vil fryse sund. Forekomsten av pukkellaks på Svalbard er derfor fullstendig avhengig av individ på beitevandring frå reproduksjon lengre sør.
Naturtypetilhørighet
Naturtyper arten er observert i og/eller som er potensielle habitater for arten på Svalbard. Hvis arten fører til endringer i naturtypen er det angitt.
Truede, sjeldne eller øvrige naturtyper arten er observert i. Tabellen viser anslått kolonisert areal (C-kriteriet) i de naturtypene arten er observert i, samt artens påvirkning i naturtypen og anslått andel av naturtypens areal som blir påvirket (F- og G-kriteriet).
naturtype | kolonisert areal (%) |
tydelig tilstandsendring |
tydelig påvirka areal (%) |
Vurderings‐ grunnlag |
---|---|---|---|---|
naturtype:havvannmasser | kolonisert areal (%):10-20 | tydelig tilstandsendring: | tydelig påvirka areal (%):0 |
Vurderingsgrunnlag:
|
naturtype:elvevannmasser med fisk | kolonisert areal (%):0–2 | tydelig tilstandsendring: | tydelig påvirka areal (%):0 |
Vurderingsgrunnlag:
|
naturtype:eufotisk fast innsjøbunn | kolonisert areal (%):0–2 | tydelig tilstandsendring: | tydelig påvirka areal (%):0 |
Vurderingsgrunnlag:
|
naturtype:fast elvebunn | kolonisert areal (%):0–2 | tydelig tilstandsendring: | tydelig påvirka areal (%):0 |
Vurderingsgrunnlag:
|
Spredningsmåter
Introduksjon til natur
Introduksjon til natur omfatter artens spredningsmåter til norsk natur fra utland, innendørsareal eller artens produksjonsareal. Med introduksjon menes enhver tilsikta eller utilsikta form for antropogen innførsel til norsk natur. Introduksjon kan altså enten skje uten eller etter en separat importhendelse.
Artens introduksjonsveier til norsk natur. Følgende aktuelle, fortidige og sannsynlig fremtidige introduksjonsveier til norsk natur er angitt for arten.
hovedkategori | kategori | hyppighet | antall individer |
tidsrom |
---|---|---|---|---|
hovedkategori:egenspredning | kategori:naturlig | hyppighet:ca. årlig | antall individer:ukjent | tidsrom:pågående |
Videre spredning i natur
Artens videre spredning i norsk natur omfatter spredning innad i naturen, altså fra norsk natur til norsk natur.
Det er ikke angitt spredningsmåter i norsk natur for denne arten
Mer om arten
Etableringsstatus på Svalbard
Artens etableringsstatus bestemmes av den høyeste etableringsklassen arten har på Svalbard i dag, fra å kun finnes utenlands til å være etablert i naturen med videre spredning.
Arten er dokumentert fra norsk natur.
Pukkellaks er utvilsomt observert mange gonger både i kystfarvatn og i elv, men dette er individ på vandring frå Kvitsjøen/Kola/Finnmark. Pukkellaks har beitevandring frå fastlandet i Barentsregionen til bl.a. marine område kring Svalbard, og er slik sett etablert i det marine miljø i området. Men den har ingen reproduksjon på Svalbard.
Etableringsstatus | Årstall for første observasjon | Usikkerhet i årstall (> ± 5 år) |
---|---|---|
etablering i norsk natur | Årstall for første observasjon:0 | Usikkerhet i årstall (> ± 5 år):nei |
Første kjente observasjonar av pukkellaks ved Svalbard var i 1961 ved Kapp Linné (Gullestad 1970). Neste observasjon var 10 gyteklare pukkellaks fanga i sjøen rett utanfor Mossellaguna i august 1965 (Gullestad 1970).
Arten kan komme til Svalbard fra: annet sted (utlandet)
Utsetjingar ved Kvitsjøen og på Kolahalvøya (Russland).
Global utbredelse
Artens naturlige utbredelse.
Naturlig utbredelse omfatter de områdene arten forekommer i uten at det ligger menneskelig transport bak (dvs. alle former for tilsikta eller utilsikta forflytning av arten).
Limlisk utbredelse:
- Polart: Asia og Nord- og Mellom-Amerika
- Temperert boreal: Asia og Nord- og Mellom-Amerika
- Temperert nemoral: Asia og Nord- og Mellom-Amerika
- Temperert tørt: Nord- og Mellom-Amerika
Marin utbredelse:
- Nordishavet
- Stillehavet nordlig
Artens nåværende utbredelse
Nåværende utbredelse viser artens totale utbredelse. Det vil si områder der arten finnes naturlig (se naturlig utbredelse) og områder som er et resultat av menneskelig forflytning, tilsikta eller utilsikta, av arten.
Limlisk utbredelse:
- Polart: Asia, Europa og Nord- og Mellom-Amerika
- Temperert boreal: Asia, Europa og Nord- og Mellom-Amerika
- Temperert nemoral: Asia, Europa og Nord- og Mellom-Amerika
- Temperert tørt: Nord- og Mellom-Amerika
Marin utbredelse:
- Nordishavet
- Stillehavet nordlig
- Atlanterhavet nordøst
Reproduksjon og generasjonstid
Arten har seksuell reproduksjon.
Generasjonstid (i år): 2.
Referanser
- Berg, M. (1961). Pink salmon (Oncorhynchus gorbuscha) in northern Norway in the year 1960. Acta Borealia A Scientia 17: 1-34.
- Ebne, I. (2009.). Anadrom røye (Salvelinus alpinus) i Linnevassdraget, Svalbard. Diett, oppvandring, bestandssammensetning og fangbarhet. Universitetet for Miljø - og biovitenskap, Institutt for naturforvaltning. Masteroppgave. 39 s.
- Gjelland, K.Ø. & Sandlund, O.T. (2012). Pukkellaks Oncorhynchus gorbuscha. Artsdatabanken, Faktaark nr. 283.
- Gullestad, N. (1970). Observasjoner av pukkellaks (<i>Oncorhynchus gorbuscha</i>) på Svalbard i tiden 1960-65. Nors Polarinstitutt Årbok 1968: 131-135.
- Gullestad, N. (1973). Pukkellaks (<i>Oncorhynhus gorbuscha</i>) på Svalbard sommeren 1971. Nors Polarinstitutt Årbok 1971: 121.
- Gullestad, N.E. (1970). Om biologien til sjørøye og stasjonær røye, Salvelinus alpinus (L.), i Revvatnet, Svalbard. Hovedoppgave i spesiell zoologi. Universitetet i Oslo. 49 s.
- Hansen, J.R. & Overrein, Ø. (2000). Røye på Svalbard og Jan Mayen. En statusoversikt med vekt på forvaltningsrelaterte kunnskapsbehov. Norsk Polarinstitutt. Rapportserie 114
- Hegseth, H. (2007). Lengde, vekst og diett hos røyeparr (Salvelinus alpinus) på elv og i innsjø i tre vassdrag på Svalbard. Universitetet for Miljø - og biovitenskap, Institutt for naturforvaltning. Masteroppgave
- Niemelä, E., Johansen, N., Zubchenko, A.V., Dempson, J.B., Veselov, A., Ieshko, E.P., Barskaya, Yu., Novokhatskaya, O.V., Shulman, B.S., Länsman, M., Hassinen, E., Kuusela, J., Haantie, J., Kylmäaho, M., Kivilahti, E., Arvola K-M. & Kalske, T.H. (red.) (2016). Pink salmon in the Barents region with special attention to the status in the transboundary rivers Tana and Neiden, rivers in North West Russia and East Canada. Fylkesmannen i Finnmark, Miljøvernavdelingen, Rapport 3-2016. Fylkesmannen i Finnmark, Miljøvernavdelingen, Rapport 3-2016.
- Scott, W.B., Crossman, E.J. (1973). Freshwater fishes of Canada. Bulletin of the Fisheries Research Board of Canada 184: 966 s.
- Svenning, M (2014). Laksen i Isfjorden, Svalbard; hvor kommer den egentlig fra?. NINA Minirapport 492. 15 s.
- Svenning, M. (2015). Atlantisk laks i Isfjorden, Svalbard. Hvor kommer den fra? Rapport for fangsåret 2014. NINA Minirapport 582. 17 s.
- Witkowski, A. & Glowacki, P. (2010). A record of pink salmon, Oncorhynchus gorbuscha (Actinopterygii, Salmoniformes, Salmonidae), in the Revelva River, Hornsund area (SW Spitsbergen). Acta Ichthylog. et Pisca. 40: 87-89.
Sitering
Forsgren E, Bærum KM, Finstad AG, Gjelland KØ, Hesthagen T, Knutsen H og Wienerroither R (2023). Actinopterygii: Vurdering av pukkellaks Oncorhynchus gorbuscha for Svalbard med kystsone. Fremmedartslista 2023. Artsdatabanken. http://www.artsdatabanken.no/lister/fremmedartslista/2023/3122. Nedlastet 22.12.2024