Informasjonskapslar er eit hjelpemiddel som blir brukt for å halde greie på brukarinnstillingar, sidebesøk og kva val brukaren gjer på ei heimeside. Artsdatabanken brukar informasjonskapslar i dei fleste av nettapplikasjonane våre.

Samtykke

Ved å nytte Artsdatabanken sine nettsider samtykker du i at vi kan leggje igjen informasjonskapslar i din nettlesar. Dei fleste moderne nettlesarar (Google Chrome, Internet Explorer, Firefox, Safari, Opera, etc.) er innstilte på å akseptere informasjonskapslar automatisk. Dersom du ønskjer å deaktivere informasjonskapslar for din nettlesar, kan du gjere det via nettlesaren sine sikkerheitsinnstillingar.

Du kan lese om korleis du slår av lagring av informasjonskapslar lenger ned i dette dokumentet.

Kva er ein informasjonskapsel?

Ein informasjonskapsel, ofte kalla ein cookie, er ei tekstfil som blir lasta ned og lagra på datamaskina når du gjestar ein nettstad. Informasjonskapselen kan nyttast til å lagre tidlegare brukarinnstillingar, registrere kva sider du vitjer og kva val du gjer mens du brukar dei. Du kan lese meir om informasjonskapslar og korleis du brukar dei ved å klikke på "hjelp" i nettlesaren din.

Kva brukar Artsdatabanken informasjonskapslar til?

Artsdatabanken nyttar ikkje informasjonskapslar med det som formål å kartleggje bruksmønstera til enkeltbrukarar eller annan informasjon som vil kunne krenkje personvernet.

Artsdatabaken brukar informasjonskapslar til følgjande formål:

  • for å lagre brukarinnstillingar – som f.eks. visingsspråk
  • for å handtere pålogging og sesjonar
  • for å samle statistikk til å forbetre Artsdatabanken sine nettsider

Artsdatabanken får brukarstatistikk frå Google Analytics. Det medfører at bruken din av nettsidene våre, inklusiv IP-adressa di, kan bli overført til Google. Artsdatabanken nyttar Google Analytics sin anonymiseringsfunksjon som sørgjer for at dei siste siffera i brukaren si IP-adresse blir maskert ved innsamling. IP-maskeringa skjer så snart dataa er mottekne av Google Analytics sitt innsamlingsverk, før det blir lagra og behandla i tråd med Google sine personvernretningslinjer.

Anonymiseringsfunksjonen til Google Analytics

Slik kan du slette informasjonskapslar

Informasjonen under gjeld for:

Ønskjer du å slette informasjonskapslar eller sørge for at fleire ikkje blir lagra, kan du endre innstillingane i nettlesaren din.

Google Chrome

Internet Explorer

Mozilla Firefox

Safari

Opera