- Fremmedartslista 2023 >
- Oncorhynchus gorbuscha
Vurdering av pukkellaks Oncorhynchus gorbuscha (Walbaum, 1792)
Utført av ekspertkomité for Fisker
Publisert: 11.08.2023
Arten er etablert.
Arten er vurdert til svært høy risiko. Den har stort invasjonspotensial og middels økologisk effekt.
-
NRIkke risikovurdert
-
NKIngen kjent risiko
-
LOLav risiko
-
PHPotensielt høy risiko
-
HIHøy risiko
-
SESvært høy risiko
y = 4
- Økologisk effekt: 4stor
- For Invasjonspotensial (x-aksen) = 1: kategori PH er verdien: ikke gjeldende
- For Invasjonspotensial (x-aksen) = 2: kategori HI er verdien: ikke gjeldende
- For Invasjonspotensial (x-aksen) = 3: kategori SE er verdien: ikke gjeldende
- For Invasjonspotensial (x-aksen) = 4: kategori SE er verdien: ikke gjeldende
y = 3
- Økologisk effekt: 3middels
- For Invasjonspotensial (x-aksen) = 1: kategori LO er verdien: ikke gjeldende
- For Invasjonspotensial (x-aksen) = 2: kategori HI er verdien: ikke gjeldende
- For Invasjonspotensial (x-aksen) = 3: kategori HI er verdien: ikke gjeldende
- For Invasjonspotensial (x-aksen) = 4: kategori SE er verdien: ikke gjeldende
y = 2
- Økologisk effekt: 2liten
- For Invasjonspotensial (x-aksen) = 1: kategori LO er verdien: ikke gjeldende
- For Invasjonspotensial (x-aksen) = 2: kategori LO er verdien: ikke gjeldende
- For Invasjonspotensial (x-aksen) = 3: kategori LO er verdien: ikke gjeldende
- For Invasjonspotensial (x-aksen) = 4: kategori HI er verdien: ikke gjeldende
y = 1
- Økologisk effekt: 1ingen kjent
- For Invasjonspotensial (x-aksen) = 1: kategori NK er verdien: ikke gjeldende
- For Invasjonspotensial (x-aksen) = 2: kategori LO er verdien: ikke gjeldende
- For Invasjonspotensial (x-aksen) = 3: kategori LO er verdien: ikke gjeldende
- For Invasjonspotensial (x-aksen) = 4: kategori PH er verdien: ikke gjeldende
Tallforklaring for x-aksen:
- 1lite
- 2begrensa
- 3moderat
- 4stort
Arten har svært høy risiko SE. Risikoen er lavere i deler av artens potensielle utbredelse.
Arten har en forventet levetid i Norge på minimum 650 år og en ekspansjonshastighet på minimum 500 m/år. Dette tilsvarer stort invasjonspotensial (risikomatrisens x-akse).
Arten overfører parasitter/patogener til stedegne arter. Dette tilsvarer middels økologisk effekt (risikomatrisens y-akse).
Ekspertenes oppsummering
Generelt om arten
Livsmiljø: limnisk og marint
Pukkellaks Oncorhynchus gorbuscha er ein framand fisk i laksefamilien. Den er anadrom, det vil sei at den gyter i ferskvatn men har beitevandring til havet. Naturleg forekomst er i Stillehavet, Beringhavet og Nordishavet langs vestkysten av Nord-Amerika (Sacramento River, California til Mackenzie River, Kanada) og austkysten av Asia (Korea, Japan i sør til Lena, aust-Sibir i nord) (Quinn 2005). I Norge vart den først observert i 1960, då relativt talrik i fangstar både i elv og sjø i Troms og Finnmark, men den førekom også lengre sørover i Norge (Berg 1961). Pukkellaksen er den minste av stillehavslaksane. Gytemodne hannar utviklar ein kraftig forhøging på framre del av ryggen i gytetida. Det er dette som har gitt arten sitt namn. Vidare får hannen forlenga kjevar med ein markert krok på overkjeven når han er gytemoden. Både hoa og hannen dør kort tid etter gyting. Generasjonstida er strengt toårig, det vil seie at det går to år frå eit egg blir fertilisert under gyting til dette individet er tilbake på gyteplassen for å gyte og så dø. Pukkellaksen gyt i Norge hovudsakleg i august, på substrat av grus og mindre stein med god vassgjennomstrøyming. Gytesubstratet er liknande som for Atlantisk laks, sjøaure og sjørøye. Den gyter gjerne i nedre deler av elvene og kan gyte i flopåvirka område, men den kan også vandre fleire hundre kilometer opp i elver. Eggene klekker før jul, men plommesekkyngelen held seg nede i substratet til våren. Då er plommesekken brukt opp, yngelen er 30-40 mm og får ein karakteristisk blank kropp tilpassa eit pelagisk liv. Den er no smolt og vandrar ut i sjøen, typisk utan å ta til seg føde før den kjem i estuariet sjølv om det kan førekome. I estuariet oppheld den seg gjerne i 6-8 veker, før den vandrar vidare ut i havet. Pukkellaksen går i stim heile livet, og har ein slank kropp tilpassa eit levevis i dei fri vassmassar (pelagialen) med mørk overside, sølvblanke sider og kvit underside. Føda er for det meste krepsdyr og fisk. Når den vandrar opp i norske elver er gjennomsnittsvekta blant kjønnsmodne individ omlag 2 kg, men den varierer mellom under ein kg til omlag 4 kg. I Finnmark vandrar pukkellaksen opp i elvene hovudsakleg frå midten av juni til slutten av juli/første del av august. Gytinga føregår vanlegvis i august eller tidleg i september (Gjelland & Sandlund 2012, Niemelä mfl. 2016, Sandlund mfl 2019, Hindar mfl. 2020).
Utbredelse i Norge
Pukkellaks dukka opp i elver langs norskekysten i 1960; mangetallige i Finnmark og Nord-Troms, sporadisk frå Sør-Troms og sørover. Den første kjente fangsten kan ha vore i 1958, men dette er ein svært usikker observasjon då fiskaren ikkje kjende arten (Berg 1977). Sommaren og hausten 1960 var det derimot relativt store fangstar i elver og kystfarvatn, anslagsvis 20-25 tonn (Berg 1961). Hausten 1960 vart gytande individ registrert i minst to elver i Øst-Finnmark, men truleg var det gyting i mange fleire i og med at pukkellaks vart observert i minst 40 elver (Berg 1961, 1977). Dette rimar godt overeins med dei russiske utsetjingsforsøka av pukkellaks som hadde pågått på Kolahalvøøya frå 1956, men først vart vellukka med yngelutsetjingane i 1959 og 1960 på grunn av endra utsetjingspraksis (Berg 1961, Rasmussen 1961). Russserane hadde prøvd utsetjing av ketalaks (O. keta) på 1930-talet utan hell. I 1956 starta dei eit nytt utsetjingsprogram, denne gongen både med pukkellaks og ketalaks. Befrukta pukkellaksegg vart henta hovudsakleg frå Sakhalinøya, i nokon grad også frå Iturup i Kurilene (Dushkina 1994), og omfanget av utsetjingane var stort (10-36 mill yngel årleg) i perioden fram til og med 1964. Utsetjingane opphøyrde i perioden 1965-1967 for å kunne vurdere naturleg rekruttering, og var deretter under 10 mill yngel årleg fram til og med 1980. I perioden 1984-1986 og i 1998 vart det overført befrukta egg frå eit anna område, denne gongen Ola-elva i Magadan oblast og frå Kamchatka-halvøya. Kun 1985-årsklassen av desse utsetjingane vart betegna som vellukka (Goordeva 2011), og gav opphav til ein sjølvreproduserande bestand i Umba-elva ved Kvitsjøen. Utsetjingar i 1989 er ikkje nemnd av Goordeva (2011), desse er nemnt av Zubchenko mfl. (2004), referert i Niemelä (2016) og Sandlund mfl. (2019), og var truleg av vesentleg storleik. I perioden 1960-2002 vart det også produsert yngel frå stryking av gyteklar pukkellaks som blei fanga inn i vassdrag på Kola/Kvitsjøområdet etter suksessfull sjøvandring. Omfanget av desse utsetjingane var imidlertid vesentleg mindre enn yngel produsert frå befrukta egg henta frå Stillehavssida så lenge desse overføringane pågjekk. På den andre sida var dette avkom av fisk som hadde overlevd i Kvitsjøen/Barentshavet, og desse utsetjingane haldt fram utover 1990-talet. Det medfører at det her vart avla fram både andre-, tredje-, fjerde-, og femtegenerasjon pukkellaks frå dette området.
Utfrå fangststatistikken kan det sjå ut som at det er 1985-utsetjingane som har gitt opphav til sjølreproduserande bestandar på Kola og i Kvitsjøområdet (Dushkina 1994, Goordeva 2011). Denne fisken hadde tidlegare gytetidspunkt enn pukkellaksen frå dei meir søørlege bestandane på Sakhalinøøya og i Kurilene, og var truleg også betre tilpassa kaldare vatn. Men i perspektiv av invasjonsbiologi kan tilførselen av nytt genetisk materiale til reproduserande bestandar frå tidlegare utsetjingar ha vore med på å betre lokal tilpassing og vekstpotensial for bestandane (Davis 2009), og meir utvida genetiske undersøkingar og samanlikningar med dei ulike opphavsbestandane er nødvendig for å klarleggje dei ulike bidraga til dagens reproduserande bestandar.
Innsiget av pukkellaks til Aust-Finnmark auka etter kvart, og på 1970-tallet var det betydelige fangstar (Berg 1977, Bjerknes & Vaag 1980). I 1960 vart det observert gyting i blant anna Bergebyelva i Finnamrk, og i juni 1961 vart det observert pukkellakssmolt på utvandring i denne elva (Berg 1977). 1976 ble det påvist yngel av pukkellaks både i Neiden og Komagelva (Berg 1977). Likevel var det ingen klar trend i aukande pukkellaksfangstar i perioden 1970-2015 (Sandlund mfl 2018). Men i perioden 2017-2021 har det vore ein stor ekspansjon i tal elver det har blitt observert pukkellaks i, samt i fangst av pukkellaks (Berntsen mfl 2018, 2020, 2022). I 2021 vart pukkellaks observert i 271 elver langs heile norskekysten. Sjølv om dei var få i antal i mange elver, var det også betydeleg oppgang i svært mange elver (Berntsen mfl. 2022). Trass stor innsats for å ta ut pukkellaks i mange elver, har pukkellaks gytt i svært mange norske elver. Det er all grunn til å tru at slik gyting har gitt opphav til utvandring av pukkellakssmolt våren 2022 på dei fleste lokalitetar, då lokalitetar som har blitt undersøkt stort sett har vist overlevande egg og yngel i gytegropene frå pukkellaks. Det har vore påvist naturlig rekruttering i mange elver; blant anna i Grense Jakobselv, Karpelva, Sandneselva, Neiden, Vestre Jakobselv, Komagelva, Kongsfjordelva, Skallelv, Bergebyelva, Nyelva, Vesterelva, Tana, Kvalsundelva, Repparfjordelva, Eibyelva (alle desse i Finnmark), Rungaelva, Skogsfjordelva (Troms), Skjoma, Flostrandvassdraget (Nordland), Stordalselva (Trøndelag), Jølstra, Straume, Daleelva, Eio og Ekso (Vestland), men denne lista er ikkje utfyllande. Vi har ingen undersøkingar som visser at pukkellaks rekruttert i norske elver returnerer for gyting til norske elver, det kan teoretisk vere pukkellaks frå naturleg reproduksjon i russiske elver som kjem til norske elver. Men sannsynlegvis er dei ei blanding av desse opphava vi registrerer i norske fangstar (Sandlund mfl. 2019). Tidspunktet for etablering av sjølvreproduserande bestandar i Norge er derfor høgst usikkert, men ser vi pukkellaks i Finnmark som ein blanda bestand med pukkellaks på Kola, kan vi anta sjølvreproduserande bestandar frå om lag 1989 og framover. Dette er basert på aukande fangstar i Tana og Neiden i oddetalsår utover 1990- og 2000-talet. Pukkellaksen har nok ikkje berre etablert seg med reproduserande bestandar i Norge, det synest også som at den har potensiale for stor bestandsauke i mange vassdrag i tida framover. Vi står overfor ein biologisk invasjon.
Det er dokumentert sjølvstendig reproduksjon med smolt klar til utvandring i mange norske elver. Genetisk stadfesting på at desse vender tilbake og opprettheld bestanden manglar. Det er derfor usikkert i kva grad oppvandringa i norske elver skuldast etablering i norske elver, og kor stor andel som stammar frå etablerte bestandar på Kola.
Spredningsmåter
På Kolahalvøya har det vore omfattande utsetjingar av pukkellaks frå 1956 til omkring år 2002. Spede forsøk i Norge på 1970-talet har ikkje vore omfattande nok til å gi resultat i form av sjølvreproduserande bestandar. Forekomsten i elver i Norge skuldast primært eigenspredning via sjøen frå russiske utsetjingar/bestandar, sekundært spreidning via sjøen frå individ repodrodusert i norske elver (hovudsakleg Aust-Finnmark).
Vidare spreidning i naturen skjer ved sjøvandring. Pukkellaks har mindre presis tilbakevandring til fødeelv enn Atlantisk laks, og stor eigenspreidning har vore observert i Norge i 2017, 2019 og 2021.
Invasjonspotensial
Det vert nå fanga pukkellaks i elver langs heile norskekysten, heilt ned til svenskegrensa og også vidare sørover i Skåne. Den første utsetjinga som russiske forskarar rekna som suksessfull var i 1959, dette samsvarar godt med dei første tallrike observasjonane av pukkellaks i Norge i 1960. Det året vart det fanga anslagsvis 20-25 tonn pukkellaks i Norge, og i 1973 vart det registrert ein fangst på over 50 tonn. Grunna mangelfull fangstrapportering var den reelle fangsten kanskje langt høgare. Seinare kom det ein betydelig nedgang i oppfiska kvantum pukkellaks, før det no har tatt seg voldsomt opp i perioden 2017-2021. Hovedmønsteret er at det er mykje pukkellaks i Nord-Norge, særleg i Tana og i elver rund Varanger-fjorden (Berntsen mfl 2018, 2020, 2022). I løpet av dei siste åra er det registrert både gyting, yngel og smolt av pukkellaks i mange norske elver, særleg i Finnmark. I tillegg aukar fangstane av pukkellaks i elver lengre sør, der den før førekom meir sporadisk. Dette viser at pukkellaks har eit stort invasjonspotensial ved å symje lange strekningar i sjøen. I 2017, 2019 og 2021 har det vore ein omfattande invasjon av pukkellaks i elver langs heile norskekysten, med fangstar i 271 elver i tillegg til omfattande fangst i sjø (Berntsen mfl. 2022), og det er også gjort funn av nyklekt yngel så langt sør som bl.a. i Eio og Dalelva i Vestland fylke. Vi manglar sikker kunnskap om i kva grad reproduksjon i norske elver har bidratt til den pågåande invasjonen av pukkellaks langs norskekysten, men invasjonspotensialet blir vurdert som stort.
Økologisk effekt
Pukkellaks synes å ha liten økologisk effekt ved låge tettleikar, og det har hittil vore usikkert i kva grad pukkellaks medfører negative effektar på Atlantisk laks, sjøaure og sjørøye i Norge (Gjelland & Sandlund 2012, Sandlund mfl 2019, Hindar mfl. 2020). Det er også relativt liten kunnskap om infeksjonar hos pukkellaks, men undersøkingar som har vore gjort tyder på at pukkellaks får mykje av dei same patogena som Atlantisk laks. Det er likevel usikkert i kva grad pukkellaks bidrar til meir infeksjonar hos villaks og andre laksefisk i norske elver, men sjukdommane viral hemoragisk septikemi (VHSV) og bakteriell nyresjuke (BKD) er peika på som sjukdommar som kan få moderate konsekvensar for biodiversiteten (Hindar mfl. 2020). Ein meir utfyllande underøskelse av risiko knytta til spesifiserte sjukdommar og parasittar er gjennomført av Hindar mfl. (2020). Pukkellaksen er den arten av stillehavslaksane som har minst overlapp i økologi og livshistorie med europeisk anadrom laksefisk, og russiske forskarar ser ikkje pukkellaksen som nokon trussel mot Atlantisk laks. Men effekter av eventuell konkurranse mellom pukkellaks og Atlantisk laks/sjøaure/sjørøye er lite dokumentert. Pukkellaksens livshistorietrekk med gyting før dei andre laksefiskane, gyting ofte i nedre deler av elvane, samt at yngelen forlet elva kort tid etter klekking bidrar til å halde potensielle interaksjonar på eit lågt nivå. Styrken på dei potensielle interaksjonane mellom pukkellaks og dei andre laksefiskane vil imidlertid vere svært betinga av bestandsstorleiken av pukkellaks, og ved stor pukkellaksoppgang er negative interaksjonar å forvente (Hindar mfl. 2020). Atlantisk laks, aure og røye treng oppveksthabitat for yngel i ulike årsklassar i elvene, denne begrensninga har ikkje pukkellaks som dermed teoretisk kan oppretthalde mykje større bestandar på ein relativt kort elvestrekning med passande gytesubstrat. Dette kan medføre stor assymetri i forholdet mellom pukkellaks og andre anadrome laksefisk ved at pukkellaks vert så talrik at den påverkar sårbare bestandar av sjørøye, sjøaure og/eller Atlantisk laks sjølv om styrken på dei negative interaksjonane i utgangspunktet er små. Effektene av eventuell spreidning av VHSV og BKD gjer at økologisk effekt vurderes som middels.
Konklusjon
Pukkellaksen synes å vere etablert med sjølvreproduserande bestandar i mange elver i Finnmark, sjølv om vi manglar undersøkingar som viser bidraget frå reproduksjon i norske elver til innsiget av vaksen pukkellaks langs norskekysten. Pukkellaksen har hatt ein sterk ekspansjon i oddetalsår langs norskekysten i åra 2017-2021, som kan karakteriserast som ein biologisk invasjon. Invasjonspotensial er såleis stort og det er å forvente vidare ekspansjon, både til nye elver og ikkje minst innad i dei ulike vassdraga. Det gjenstår å sjå om den store invasjonen av pukkellaks i 2017-2021 vil vedvare. Det er også noko fangst av pukkellaks i partalsår langs kysten og i elvene, og det er mogelegheit for at vi vil få sjå liknande ekspansjon i framtida for partals-årsklassane. Pukkellaksen har utvilsamt eit stort invasjonspotensial. Det er veldig lite kunnskap om økologiske effekter, men den økologiske effekta synest først og fremst å vere knytt opp mot situasjonar der pukkellaksen vert svært talrik samanlikna med andre anadrome artar. Usikkerheita kring desse effektene er likevel svært stor, men utviklinga med svært stor oppvandring av pukkellaks i mange elver i Aust-Finnmark i 2017, 2019 og 2021 syner at arten har potensiale til å bli svært talrik i mange elver. Pukkellaks (Oncorhynchus gorbuscha) vurderes til kategorien svært høg risiko (SE). Dette skuldast ein kombinasjon av eit stort invasjonspotensial og ein middels negativ økologisk effekt knytta til sjukdomsspreiing til stadeigne artar.
Hva bestemmer artens risikokategori
Artens risikokategori bestemmes av artens invasjonspotensial, kombinert med artens negative økologiske effekt i naturen.
Artens invasjonspotensial (x-aksen i risikomatrisa) bestemmes av tre kriterier: artens mediane levetid i Norge (A-kriteriet), artens ekspansjonshastighet (B-kriteriet) og størrelsen på naturtypeareal som arten koloniserer (C-kriteriet).
Artens økologiske effekt (y-aksen i risikomatrisa) bestemmes av seks kriterier: artens effekter på stedegne arter (D- og E-kriteriet), artens effekter på naturtyper (F- og G-kriteriet), genetisk forurensning av stedegne arter (H-kriteriet) og overføring av parasitter eller patogener til stedegne arter (I-kriteriet).
Kriteriet(ene) arten skårer høyest på for hver av aksene i matrisa (invasjonspotensial og økologisk effekt) kalles artens avgjørende kriterier. Les mer om kriteriene.
Invasjonspotensial
Arten vurderes til delkategori 4 på invasjonsaksen
Avgjørende kriterier-
Estimeringsmetode: forenklet anslag
Basert på de beste anslagene på forekomstareal i dag (1 332 km²) og om 50 år (2 400 km²) er A-kriteriet skåret som 4 (med usikkerhet: 4 – 4). Dette innebærer at artens mediane levetid er minimum 650 år eller at sannsynligheten for utdøing innen 50 år er på under 5%.
-
Estimeringsmetode: anslått økning i artens forekomstareal
Artens endring i forekomstareal. Tabellen viser artens kjente forekomstareal ved to ulike år. År Kjent forekomstareal (km2) Kjent forekomstareal (km2)
korrigert for tiltakÅr: 2011 Kjent forekomstareal (km2): 80 Kjent forekomstareal (km2)
korrigert for tiltak: 80År: 2021 Kjent forekomstareal (km2): 1 124 Kjent forekomstareal (km2)
korrigert for tiltak: 1 124Basert på økningen i artens forekomstareal i perioden fra 2011 til 2021 og et mørketall på 15 er ekspansjonshastigheten estimert til 5 371 m/år. med usikkerhet 5 000 m/år (mørketall på 13) – 5 718 m/år (mørketall på 17).
Økologisk effekt
Arten vurderes til delkategori 3 på økologisk effekt aksen
Avgjørende kriterier-
Overføring av parasitter og patogener. Tabellen viser hvilke parasitter eller patogener (inkludert bakterier og virus) arten er vurdert å overføre til stedegne verter, om parasitten er kjent for verten eller ei, samt om parasitten er fremmed eller stedegen. Den økologiske effekten av overføringen kan ikke være større enn den økologiske effekten parasitten selv vurderes å ha etter kriteriene D til H. Kun overføringer av parasitter og patogener som er dokumentert eller sannsynlig er inkludert. stedegen art kategori
Rødlista 2021nøkkelart? Parasittens vitenskapelige navn Parasittens status Parasittens delkategori Geografisk omfang Vurderingsgrunnlag røye
Salvelinus alpinus (Linnaeus, 1758)Livskraftig LC nei Renibacterium salmoninarum kjent for verten og fremmed 3 begrenset - skriftlig dokumentasjon fra utlandet
ørret
Salmo trutta Linnaeus, 1758Livskraftig LC nei Renibacterium salmoninarum kjent for verten og stedegen 3 storskala - skriftlig dokumentasjon fra Norge
laks
Salmo salar Linnaeus, 1758Nær truet NT nei Renibacterium salmoninarum kjent for verten og stedegen 3 storskala - skriftlig dokumentasjon fra Norge
laks
Salmo salar Linnaeus, 1758Nær truet NT nei Viral hemoragisk septikemi (VHSV) ny for verten og fremmed 3 storskala - skriftlig dokumentasjon fra Norge
røye
Salvelinus alpinus (Linnaeus, 1758)Livskraftig LC nei Viral hemoragisk septikemi (VHSV) ny for verten og fremmed 3 begrenset - skriftlig dokumentasjon fra Norge
Invasjonspotensial
Øvrige kriterier-
Artens koloniserte naturtypeareal. Tabellen viser hvilke(n) naturtype(r) den fremmede arten koloniserer nå eller i framtida. Andel kolonisert areal (%) av totalt naturtypeareal og vurderingsgrunnlag er gitt for hver naturtype. naturtype tidshorisont kolonisert
areal (%)vurderings‐
grunnlagnaturtype:havvannmasser tidshorisont:nå kolonisert areal (%):0–2 vurderingsgrunnlag: - ikke valgt
naturtype:sirkulerende vannmasser i fysisk avgrensete saltvannsforekomster tidshorisont:nå kolonisert areal (%):0–2 vurderingsgrunnlag: - ikke valgt
naturtype:elvevannmasser med fisk tidshorisont:nå kolonisert areal (%):0–2 vurderingsgrunnlag: - skriftlig dokumentasjon fra Norge
Økologisk effekt
Øvrige kriterier-
Artens negative effekter på stedegne arter (ikke trua eller sjelden). Tabellen viser hvilken type interaksjon den fremmede arten har med stedegne arter, samt interaksjonens styre og omfang. Kun effekter som er dokumentert i Norge eller i utlandet (for arten selv eller en sammenlignbar art), eller som sannsynlig vil opptre i Norge i løpet av 50 år, er inkludert. stedegen art kategori
Rødlista 2021nøkkelart? interaksjonens styrke geografisk omfang type interaksjon vurderings‐
grunnlaglaks
Salmo salar Linnaeus, 1758NT - Nær truet nei moderat storskala konkurranse om plass - ikke valgt
ørret
Salmo trutta Linnaeus, 1758LC - Livskraftig nei moderat storskala konkurranse om plass - ikke valgt
røye
Salvelinus alpinus (Linnaeus, 1758)LC - Livskraftig nei moderat storskala konkurranse om plass - ikke valgt
Stedegen art: laks Salmo salar Linnaeus, 1758 Kategori
Rødlista 2021NT - Nær truet nøkkelart? nei interaksjonens styrke moderat geografisk omfang storskala type interaksjon konkurranse om plass vurderingsgrunnlag - ikke valgt
Stedegen art: ørret Salmo trutta Linnaeus, 1758 Kategori
Rødlista 2021LC - Livskraftig nøkkelart? nei interaksjonens styrke moderat geografisk omfang storskala type interaksjon konkurranse om plass vurderingsgrunnlag - ikke valgt
Stedegen art: røye Salvelinus alpinus (Linnaeus, 1758) Kategori
Rødlista 2021LC - Livskraftig nøkkelart? nei interaksjonens styrke moderat geografisk omfang storskala type interaksjon konkurranse om plass vurderingsgrunnlag - ikke valgt
Utfyllende informasjon rundt artens negative effekter:
Pukkellaksen har spreidd seg over store avstandar i havet frå sin opprinnelsestad; utsetjingane på Kola i 1959 resulterte i fangstar langs heile norskekysten og i Storbritannia, Færøyane og Island. Pukkeellaks observert sørover i Norge i dag er truleg resultat av naturleg reproduksjon på Kola og i Finnmark. I havet kan den representere ein konkurrent om maten for annan pelagisk fisk og sjøfugl. I ferskvatn forventar ein potensielle negative interaksjonar først og fremst med annan laksefisk, då særleg gjennom aggresivt habitatforsvar og/eller som smittebærar av sjukdom og parasittar. Slike negative interaksjonar er først og fremst forventa ved høge tal pukkellaks i vassdraget. Men smitteoverføring via pukkellaks i sjøen kan også vere relevant for oppdrettsnæringa ved at pukkellaks potensielt kan overføøre sjukdommar mellom oppdrettsanlegg for laks og regnbogeaure. Hindar mfl. (2020) har ein utfyllande rapport om pukkellaks og smitterisiko, denne gir ei detaljert oversikt for ulike patogener og parasittar. Pukkellaks er døande straks etter gyting, og dette svekkar immunsystemet. Store mengder døande pukkellaks kan representere oppformeiringsmogelegheiter for naturlege patogener, det vere seg sopp, bakterier eller virus, og såleis gi auka smittepress for andre laksefisk som Atlantisk laks, aure og røye.
Pukkellaksen gyter i stor grad før våre andre anadrome laksefiskar, men er nærast sjørøye i gytetid. Den gyter på rennande vatn, på mykje det same substratet som sjørøye, sjøaure og laks. Sjølv om den ikkje øydelegg gytegropene for andre laksefisk, kan den vere så aggresiv i gyteområdet at andre laksefisk held seg unna. Kanskje kan det til og med begrense oppvandring av andre laksefisk på veg til gyting. Det er likevel høgst usikkert om dette medfører konsekvensar for gytinga hos laks, sjøaure og sjørøye, då det meste av pukkellaks er død før dei andre gyter. Eksempelvis blei det i Skjoma våren 2022 funne levande egg av laks og sjøaure i same gytegrop som det var levande pukkellaksyngel, og fleire groper der laks eller sjøaure hadde gytt i gytegropa der pukkellaks hadde gytt før. Men pukkellaksmengda i Skjoma hausten før var truleg i storleiksorden 100. I elver med mange tusen pukkellaks, slik som observert i Aust-Finnmark i 2021, vil truleg pukkellaksen ha større effekt på gytevandringa til annan laksefisk.
Pukkellakssmolten går normalt ut i sjøen straks etter at plommesekken er oppbrukt, og tar i ingen eller liten grad til seg næring i elva. Men det kan forekomme, sannsynlegvis utan at dette utgjer særleg sterk konkurranse om maten med annan fisk. Det er såleis svært usikkert i kva grad pukkellaks medfører negative effekter på Atlantisk laks, aure og røye i Norge (Gjelland & Sandlund 2012, Sandlund mfl. 2019, Hindar mfl 2020). Det er også relativt liten kunnskap om infeksjonar hos pukkellaks, og i kva grad dette medfører auka smitte hos annan laksefisk (Hindar mfl. 2020). Døande og død pukkellaks kan også tiltrekke seg predatorar som oter og ørn, og det kan tenkast at store mengder pukkellaks gir ein attraksjonseffekt som kan medføre større mengde predatorar tilstades når sjørøye, sjøaure eller Atlantisk laks skal gyte.
Pukkellaks kan gi positive interaksjonar med andre artar via fleire mekanismar. Først og fremst medfører den transport av biologisk materiale og energi frå havet til ferskvatn, som som regel er eit næringsfattig miljø. Andre laksefisk og fossekall kan spise pukkellaksegg, og oter, ørn og andre terrestre predatorar kan spise den døande pukkellaksen. Død pukkellaks gir næring til sopp, bakteriar og evertebratar, som igjen kan vere føde for andre dyr og fisk. Etter klekking om våren kan kanskje pukkellaksyngel vere viktigare som byttedyr for parr av laks, aure og røye enn som næringskonkurrent.
Meir forsking er nødvendig for å få på det reine kor sterke interaksjonar ein kan forvente, men det er på det reine at styrken er svært avhengig av mengda pukkellaks (Hindar mfl. 2022). Sidan pukkellaksyngelen ikkje treng ta til seg næring i elva, fungerer elva i hovudsak som eit slags "rugekammer". Det betyr at eigna gyteareal er begrensande faktor for bestanden, og at ei relativt kort elvestrekning kan gi gyte- og klekkemogelegheit for eit svært stort tal pukkellaks dersom gytesubstrat og vassføring er gunstig. Dette er vesens forskjellig for Atlantisk laks, aure og røye, som alle må ha fleire års oppvekst i elva før utvandring til sjøen. Det medfører at desse artane er begrensa både av mattilgang og skjultilgang i elva for ulike årsklasssar, i tillegg til tilgangen på gytehabitat. Desse artane vil derfor typisk ha mykje mindre bestandsstorleik, og med lengre generasjonstid vil dei også ha saktare bestandsvekst. Dette kan i mange mindre elver med rikeleg tilgang på gode gyteareal medføre stor assymetri i forholdet mellom pukkellaks og andre anadrome artar ved at pukkellaks vert så talrik at den påverkar sårbare bestandar av sjørøye, sjøaure og/eller Atlantisk laks sjølv om styrken på dei negative interaksjonane i utgangspunktet er små.
I mange elver i Aust-Finnmark har det dei siste (oddetals)åra vore fjerna tusenvis av pukkellaks, dette er så store mengder i forhold til storleiken på elva og dei andre bestandane at det må ha økologiske effektar dersom dei ikkje blir tatt ut. Det har vore påvist store genetiske endringar i pukkellaks etter utsetjingane på Kola-halvøya (Gordeeva & Salmenkova 2011), og ein kan forvente vidare genetisk tilpassing ettersom pukkellaksen etablerer seg langs ein klimagradient lengre sørover i Norge. Kor raskt dette vil gå, og i kva utstrekning det vil skje, er imidlertid svært usikkert. Klimaendringar mot eit varmare klima kan gjere forholda meir gunstig for pukkellaks i nord, dette er nærare omtalt under punktet «Betydning av klimaendringer».
-
Utfyllende informasjon rundt artens negative effekter: Ingen effekter på trua eller sjeldne naturtyper
-
Utfyllende informasjon rundt artens negative effekter: Pukkellaks har all sin tilvekst i sjøen, og vandrar så tilbake til ferskvann (elv) for å gyte, deretter dør den, fortsatt i ferskvann. Dette medfører transport av biologisk materiale frå hav til ferskvann, og kan dermed bety ein gjødslingseffekt i næringsfattige økosystem. Det er likevel ikkje å forvente at dette medfører tilstandsendring for nokon naturtype.
-
Økologiske effekter etter kriterium D, H er vurdert som fraværende (usannsynlige).
Endring av risikokategori fra 2018
Kategorien for denne arten er endret fra høy risiko HI til svært høy risiko SE siden Fremmedartslista 2018 (forrige revisjon). Dette skyldes:
- Ny kunnskap
Effekt av klimaendringer
Både delkategori for økologisk effekt og invasjonspotensial ville vært lavere i fravær av pågående eller fremtidige klimaendringer.
Betydningen av klimaendringer:
Tilbakevandringa av pukkellaks til elvesystema i Barentsregionen er positiv korrelert med overflatetemperaturen i havet i mai og juni året pukkellaksen vandra ut som smolt (Hindar mfl. 2020). For Tana var tillbakevandringa positivt korrelert med overflatetemperaturen i Barentshavet også i vintermånadane (Hindar mfl. 2020). Varmare hav vil truleg gi betre overleving for pukkellakssmolt på beitevandring i Barentshavet, og såleis vil dei forventa klimaendringane med varmare hav i den neste 50-årsperioden truleg leggje til rette for betre marin overleving for pukkellaksen. Truleg vil det også gi sikrare overleving for egg og yngel i elver i Nord-Norge, men her kan det også tenkast at fleire tilfelle av ekstremvær om vinteren kan gjere gytegropoverleving meir usikker. Den store ekspansjonen i naturleg reproduserande bestandar på Kola og i Finnmark fell saman med varmare klima. I ein bestand i Alaska har det vist seg å vere genetiske endringar mot tidlegare gytevandring, som no føregår nesten to veker tidligere enn for 40 år sidan. Dette fall saman med ein auke i vasstemperatur i elva på omlag ei grad, og viser at pukkellaks i sitt naturlege utbreiingsområde kan ha både fenotypiske og genetiske endringar samstundes med klimaendringar (Kovach mfl. 2012). Medan eit varmare klima truleg kan gi betre pukkellaks-rekruttering i nord, kan det føre til dårlegare forhold for rekruttering i elver lengst sør i Norge (Hindar mfl. 2022).
Geografisk variasjon i risiko
Arten kunne ha fått lavere risikokategori enn svært høy risiko SE i deler av sitt potensielle forekomstareal.
Årsak til geografisk variasjon i risiko
- Artens evne til reproduksjon og/eller spredning er begrenset til visse kystvannssoner eller seksjoner
- Artens økologiske effekter er begrenset til visse kystvannssoner eller seksjoner
- Artens økologiske effekter er begrenset til bestemte naturtyper
Pukkellaksen er ein stillehavslaks med naturleg utbreiing i det nordlige Stillehavet frå California til Nordishavet og sør til Hokkaido i Japan og Amurelva i søraustlige Sibir og i Korea. Arten førekjem såleis naturleg både i arktisk og temperert klimasone, men den er mest talrik frå Puget Sound til Alaska i aust, og kring Okhotskhavet i vest. Artens økologiske effekt er såleis truleg avgrensa til relativt nordlege område også i Atlanterhavet, og i stor grad begrensa til relativt oksygenrike klarvasselver med permeabelt botn-substrat som gir høg klekkesuksess, dette er generelt meir tilgjengeleg i Nord-Norge og på Vestlandet enn på Austlandet. Potensielle interaksjonar med stadeigne artar i ferskvatn her i landet omfattar i stor grad Atlantisk laks og sjøaure, i nord også sjørøye. I sjøen kan store bestandar med pukkellaks ha negative interaksjonar med pelagisk sjøfugl og fisk, truleg sterkast i Barentshavet. Medan eit varmare klima truleg kan gi betre pukkellaks-rekruttering i nord, kan det føre til dårlegare forhold for rekruttering i elver lengst sør i Norge (Hindar mfl. 2022).
Utbredelse i Norge
Forekomstareal
Forekomstarealet til en art tilsvarer antallet forekomster (2 km x 2 km ruter) der arten lever. Les mer om forekomstareal her.
Forekomstareal | I dag | Fremtidig (50 år) |
---|---|---|
Forekomstareal: Kjent | I dag: 84 km2 | |
Forekomstareal: Antatt lavt anslag | I dag: 1172 km2 | Fremtidig (50 år): 1200 km2 |
Forekomstareal: Antatt beste anslag | I dag: 1332 km2 | Fremtidig (50 år):2400 km2 |
Forekomstareal: Antatt høyt anslag | I dag: 1452 km2 | Fremtidig (50 år):3200 km2 |
Har lagt til ein del elver i Varanger basert på pukkellaks-rapportar frå Naturtjenester i Nord for perioden 2007-2011 (Rapport 3, 2009, Rapport 9, 2010 og Rapport 14, 2011).
Andel av kjent forekomstareal i sterkt endra natur er på under 5 %.
Regionvis utbredelse
Kjent utbredelse
Østfold, Sør-Trøndelag, Nord-Trøndelag, Finnmark.
Antatt utbredelse
Oslo og Akershus, Buskerud, Vestfold, Telemark, Aust-Agder, Vest-Agder, Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal, Nordland, Troms.
Kjent utbredelse | |
Antatt utbredelse | |
Ikke kjent eller antatt |
Østfold, Oslo og Akershus, Buskerud, Vestfold, Telemark, Aust-Agder, Vest-Agder, Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal, Sør-Trøndelag, Nord-Trøndelag, Nordland, Troms, Finnmark.
Pukkellaks førekom i Norge fram til 2017 i hovudsak i elver i austlege Finnmark, sjølv om det tidvis vart fanga enkelte individ også andre stader i landet (årlege observasjonar i <30 elver). Men kartleggingar i 2017, 2019 og 2021 viste fangstar i elver langs hele norskekysten fordelt på >260 elver i 2017, >180 elver i 2019, og 271 elver i 2021 (Berntsen mfl. 2018, 2020, 2022). Det er grunn til å tru at det også er noko mørketal, sidan det er ganske nytt at pukkellaks inngår i vanleg fangstrapportering. Dette betyr at pukkellaks no førekjem i majoriteten av norske lakseelver i oddetalsår. Anslag på maksimal spreiiingshastighet for pukkellaks er derfor meir enn 500 m/år. Kor store forekomstareala vil bli i løpet av dei neste 50 år er svært usikkert, forventa auke kjem ikkje først og fremst frå nye elver, men frå utvida forekomstområde i elver der den allereie har blitt observert. I utgangspunktet er pukkellaks ikkje forventa å gå like langt opp i elvene som Atlantisk laks. Men vi ser blant anna i Tana at den kan vandre fleire hundre km opp i elvene, med relativt store mengder pukkellaks som går opp i Anarjohka. Det vert også iverksatt store tiltak mot pukkellaksinvasjonen, og det er svært usikkert kva effekt dessse vil ha på vidare spreiing. Det er forekomstarealet i ferskvatn som er lagt til grunn for vurderinga; auken i pukkellaksbestanden vil gi større marine forekomstar av pukkellaks på beitevandring, særleg i Barentshavet. For Svalbard med sjøområde, sjå eigen omtale. For Jan Mayen vil forekomsten kun omfatte sjøområde.
Naturtypetilhørighet
Naturtyper arten er observert i og/eller som er potensielle habitater for arten i Norge. Hvis arten fører til endringer i naturtypen er det angitt.
Truede, sjeldne eller øvrige naturtyper arten er observert i. Tabellen viser anslått kolonisert areal (C-kriteriet) i de naturtypene arten er observert i, samt artens påvirkning i naturtypen og anslått andel av naturtypens areal som blir påvirket (F- og G-kriteriet).
naturtype | kolonisert areal (%) |
tydelig tilstandsendring |
tydelig påvirka areal (%) |
Vurderings‐ grunnlag |
---|---|---|---|---|
naturtype:havvannmasser | kolonisert areal (%):0–2 | tydelig tilstandsendring: | tydelig påvirka areal (%):0 |
Vurderingsgrunnlag:
|
naturtype:sirkulerende vannmasser i fysisk avgrensete saltvannsforekomster | kolonisert areal (%):0–2 | tydelig tilstandsendring: | tydelig påvirka areal (%):0 |
Vurderingsgrunnlag:
|
naturtype:elvevannmasser med fisk | kolonisert areal (%):0–2 | tydelig tilstandsendring: | tydelig påvirka areal (%):0 |
Vurderingsgrunnlag:
|
Regional naturvariasjon
Regional naturvariasjon omfatter variasjon i makroklimatiske forhold og/eller andre miljøforhold som gir opphav til mønstre på stor romlig skala (les mer her). Her inngår bioklimatiske soner og seksjoner og/eller kystvannssoner og -seksjoner hvor arten finnes i dag, eller antas å kunne finnes i framtiden (innenfor vurderingsperioden).
Utbredelse i kystvannssoner og -seksjoner:
- Nordsjøen og Skagerrak: åpen kystlinje og skagerrak.
- Norskehavet: åpen kystlinje.
- Barentshavet sør: ingen.
- Grønlandshavet: ingen.
- Barentshavet nord og Polhavet: ingen.
Spredningsmåter
Introduksjon til natur
Introduksjon til natur omfatter artens spredningsmåter til norsk natur fra utland, innendørsareal eller artens produksjonsareal. Med introduksjon menes enhver tilsikta eller utilsikta form for antropogen innførsel til norsk natur. Introduksjon kan altså enten skje uten eller etter en separat importhendelse.
Artens introduksjonsveier til norsk natur. Følgende aktuelle, fortidige og sannsynlig fremtidige introduksjonsveier til norsk natur er angitt for arten.
hovedkategori | kategori | hyppighet | antall individer |
tidsrom |
---|---|---|---|---|
hovedkategori:egenspredning | kategori:naturlig | hyppighet:ca. årlig | antall individer:> 1000 | tidsrom:pågående |
hovedkategori:tilsiktet utsetting | kategori:til fiske | hyppighet:ca. årlig | antall individer:> 1000 | tidsrom:kun historisk |
Videre spredning i natur
Artens videre spredning i norsk natur omfatter spredning innad i naturen, altså fra norsk natur til norsk natur.
Artens videre spredning i norsk natur. Følgende aktuelle, fortidige og sannsynlig fremtidige spredningsveier fra norsk natur til norsk natur er angitt for arten.
hovedkategori | kategori | hyppighet | antall individer |
tidsrom |
---|---|---|---|---|
hovedkategori:egenspredning | kategori:naturlig | hyppighet:tallrike ganger pr. år | antall individer:> 1000 | tidsrom:pågående |
Mer om arten
Etableringsstatus i Norge
Artens etableringsstatus bestemmes av den høyeste etableringsklassen arten har i Norge i dag, fra å kun finnes utenlands til å være etablert i naturen med videre spredning.
Arten er etablert. Etter introduksjon har arten selv spredd seg til minst ti forekomster der den er etablert.
Det er dokumentert sjølvstendig reproduksjon med smolt klar til utvandring i mange norske elver. Genetisk stadfesting på at desse vender tilbake og opprettheld bestanden manglar. Det er derfor usikkert i kva grad oppvandringa i norske elver skuldast etablering i norske elver, og kor stor andel som stammar frå etablerte bestandar på Kola.
Etableringsstatus | Årstall for første observasjon | Usikkerhet i årstall (> ± 5 år) |
---|---|---|
etablering i norsk natur | Årstall for første observasjon:0 | Usikkerhet i årstall (> ± 5 år):nei |
etablering i norsk natur | Årstall for første observasjon:0 | Usikkerhet i årstall (> ± 5 år):nei |
etablering i norsk natur | Årstall for første observasjon:0 | Usikkerhet i årstall (> ± 5 år):nei |
Arten kom til Norge fra: annet sted (utlandet)
Utsetjingar, og etterkvart naturleg reproduksjon på Kolahalvøya (Russland). Sporadiske utsetjingar i Norge på 1970-talet har truleg hatt liten effekt.
Global utbredelse
Artens naturlige utbredelse.
Naturlig utbredelse omfatter de områdene arten forekommer i uten at det ligger menneskelig transport bak (dvs. alle former for tilsikta eller utilsikta forflytning av arten).
Limlisk utbredelse:
- Polart: Asia og Nord- og Mellom-Amerika
- Temperert boreal: Asia og Nord- og Mellom-Amerika
- Temperert nemoral: Asia og Nord- og Mellom-Amerika
- Temperert tørt: Nord- og Mellom-Amerika
Marin utbredelse:
- Stillehavet nordlig
- Nordishavet
Pukkellaks tilhøyrer artsgruppa Stillehavslaks, og har naturleg forekomst i Stillehavet, Beringhavet og Nordishavet langs vestkysten av Nord-Amerika (Sacramento River, California til Mackenzie River, Kanada) og austkysten av Asia (Korea, Japan i sør til Lena, aust-Sibir i nord) (Quinn 2005).
Artens nåværende utbredelse
Nåværende utbredelse viser artens totale utbredelse. Det vil si områder der arten finnes naturlig (se naturlig utbredelse) og områder som er et resultat av menneskelig forflytning, tilsikta eller utilsikta, av arten.
Limlisk utbredelse:
- Polart: Asia, Europa og Nord- og Mellom-Amerika
- Temperert boreal: Asia, Europa og Nord- og Mellom-Amerika
- Temperert nemoral: Asia, Europa og Nord- og Mellom-Amerika
- Temperert tørt: Nord- og Mellom-Amerika
Marin utbredelse:
- Nordishavet
- Stillehavet nordlig
- Atlanterhavet nordøst
Reproduksjon og generasjonstid
Arten har seksuell reproduksjon.
Generasjonstid (i år): 2.
Filvedlegg
Filnavn | Beskrivelse | Lenke for nedlasting |
---|---|---|
Pukkellaks_2017.csv | Observasjoner av pukkellaks 2016/2017 (Fiske 2017). Tidligerer utbredelse er mangelfullt dokumentert og begrenset til et fåtall observasjoner (GBIF Occurrence Download doi:10.15468/dl.zasf8r accessed via GBIF.org on 05 Oct 2017) | Last ned |
ArtskartData.zip | Datagrunnlag fra Artskart | Last ned |
Referanser
- Berg, M. (1961). Pink salmon (Oncorhynchus gorbuscha) in northern Norway in the year 1960. Acta Borealia A Scientia 17: 1-34.
- Berg, M. (1977). Pink salmon, Oncorhynchus gorbuscha, in Norway. Report Institute of Freshwater Research Drottningholm 56: 12-17.
- Berntsen, H.H., Sandlund, O.T., Thorstad E.B. (2022). Pukkellaks i Norge 2021. NINA Rapport 2160 https://brage.nina.no/nina-xmlui/handle/11250/3018858
- Berntsen, H.H., Sandlund, O.T., Thorstad E.B., Fiske, P. (2020). Pukkellaks i Norge, 2019. NINA Rapport 1821 https://brage.nina.no/nina-xmlui/handle/11250/2651741
- Berntsen, H.H., Sandlund, O.T., Ugedal, O., Thorstad E.B., Fiske, P., Urdal, K., Skaala, Ø., Fjeldheim, P.T., Skoglund, H., Florø-Larsen, B., Muladal, R., Uglem, I. (2018). Pukkellaks i Norge, 2017. NINA Rapport 1571 https://brage.nina.no/nina-xmlui/handle/11250/2575646
- Bjerknes, V. & Vaag, A.B. (1980). Migration and capture of pink salmon, Oncorhynchus gorbuscha Walbaum in Finnmark, North Norway. Journal of Fish Biology 16: 291-297.
- Davis, M.A. (2009). Invasion Biology. Oxford University Press
- Dushkina, L.A. (1994). Farming of salminds in Russia. Aquaculture and Fisheries Management 25: 121-126.
- Fjær, M.A.D (2019). Pukkellaks (Oncorhynchus gorbuscha) tatt på Vestlandet. - Hvilke parasitter og infeksjoner bærer de på?. https://bora.uib.no/bora-xmlui/handle/1956/20403
- Gjelland, K.Ø. & Sandlund, O.T. (2012). Pukkellaks Oncorhynchus gorbuscha. Artsdatabanken, Faktaark nr. 283.
- Gordeeva, N.V., Salmenkova, E.A. (2011). Experimental microevolution: transplantation of pink salmon into the European North. Evolutionary Ecology 25: 657-679. doi: 10.1007/s10682-011-9466-x
- Hindar, K., Hole, L.R., Kausrud, K.L., Malmstrøm, M., Rimstad, E., Robertson, L., Sandlund, O.T., Thorstad, E.B., Vollset, K., de Boer, H., Eldegard, K., Järnegren, J., Kirkendall, L.R., Måren, I.E., Nilsen, E.B., Rueness, E.K., Nielsen, A., Velle, G. (2020). Assessment of the risk to Norwegian biodiversity and aquaculture from pink salmon (<i>Oncorhynchus gorbuscha</i>). VKM report 1: 1-157. https://brage.nina.no/nina-xmlui/handle/11250/2729831
- Ichthyophonose påvist hos pukkellaks. https://www.vetinst.no/nyheter/ichthyophonose-pavist-hos-pukkellaks
- Jensen, A.J., Sægrov, H., Hansen, L.P., Fiske, P. & Gjøsæter, H. (2013). Rainbow trout and pink salmon in Norway, and their poential threat to Atlantic salmon. ICES Working paper 2013/17 North Atlantic Salmon Working group 10 s.
- Kovach, R.P., Gharrett, A.J. & Tallmon, D.A. (2012). Genetic change for earlier migration timing in a pink salmon population. Proceedings of the Royal Society B 279: 3870-3878
- Niemelä, E., Johansen, N., Zubchenko, A.V., Dempson, J.B., Veselov, A., Ieshko, E.P., Barskaya, Yu., Novokhatskaya, O.V., Shulman, B.S., Länsman, M., Hassinen, E., Kuusela, J., Haantie, J., Kylmäaho, M., Kivilahti, E., Arvola K-M. & Kalske, T.H. (red.) (2016). Pink salmon in the Barents region with special attention to the status in the transboundary rivers Tana and Neiden, rivers in North West Russia and East Canada. Fylkesmannen i Finnmark, Miljøvernavdelingen, Rapport 3-2016. Fylkesmannen i Finnmark, Miljøvernavdelingen, Rapport 3-2016.
- Sandlund, O.T., Berntsen, H.H., Fiske, P., Kuusela, J., Muladal, R., Niemelä, E., Uglem, I., Forseth, T., Mo, T.A., Thorstad E.B., Veselov, A.E., Vollset, K.W., Zubchenko, A.V. (2019). Pink salmon in Norway: the reluctant invader. Biological Invasions 21: 1033-1054. doi: 10.1007/s10530-018-1904-z
Sitering
Forsgren E, Bærum KM, Finstad AG, Gjelland KØ, Hesthagen T, Knutsen H og Wienerroither R (2023). Actinopterygii: Vurdering av pukkellaks Oncorhynchus gorbuscha for Fastlands-Norge med havområder. Fremmedartslista 2023. Artsdatabanken. http://www.artsdatabanken.no/lister/fremmedartslista/2023/1909. Nedlastet 23.11.2024