Ny oversikt over truga natur i Noreg
Den norske naturen er under press. No er nesten 1000 naturtypar risikovurderte. Kva natur står i fare for å forsvinne, og kva er dei største påverknadsfaktorane? No kjem ny norsk raudliste for naturtypar.
Innhold
Artsdatabanken presenterer ny raudliste for naturtypar, eit viktig verktøy for forvaltning av norsk natur, onsdag 26. november.
Få med deg resultata
Det er fleire moglegheiter til å få med seg lanseringa av den nye raudlista for naturtypar.
- Offisielt arrangement med overrekking til statssekretær i Marmorhallen i Oslo. Meir om arrangement og påmelding på regjeringa si nettside.
- Leiarane av ekspertkomiteane deltar på webinar på lanseringsdagen. Dei fortel om arbeidet og resultata. Det vil vere mogleg å stille spørsmål. Meld deg på webinaret via lenkja.
- Det blir gjort opptak av arrangementet, som vil blir tilgjengeleg på artsdatabanken.no.
Den beste fagekspertisen
Arbeidet med raudlista for naturtypar har vore eit tett samarbeid med den beste fagekspertisen i Noreg til å gjere risikovurderingar av naturtypar. Lista er ei samanstilling av kunnskap om kva risiko naturtypar har for å forsvinne frå Noreg om negativ påverking held fram. Kunnskapen i lista skal vere eit grunnlag for ei kunnskapsbasert forvaltning av naturområda.
– Tap av naturområde, og dermed av levestadane til artar, er eit stort og veksande problem i Noreg som i mange andre land, seier Janne Bohnhorst, direktør i Artsdatabanken. – For å bremse denne utviklinga, er det viktig at me skaffar oss kunnskap om kva naturtypar som står i fare for å bli borte, og om kvifor dette skjer.
Eit viktig verktøy
Naturtypane er plasserte i kategoriar etter kor truga dei er. Raudlista for naturtypar er nøytral, i den forstand at ho er uavhengig av alle næringar, interesseorganisasjonar og forvaltning.
Raudlista for naturtypar er først og fremst ein samanstilling av kunnskap og eit verktøy, som skal brukast av forvaltninga for å gjere prioriteringar med omsyn til kvar innsatsen må setjast inn.