Raudlista i eit europeisk perspektiv
Norsk raudliste for artar 2015 omfattar 4438 artar, og av dei er 2355 truga artar. Ein stor del av desse artane finst i Søraust-Noreg og mange er knytte til edellauvskog og kulturmark. Ser ein derimot på artane der ein større del av europeisk bestand finst i Noreg, endrar biletet seg.
- Innhold
- Flest karplanter
- Naturtypar
- Flest langs kysten og i nord
- Bidreg til eit mer nyansert bilete
- Artar der 25 % eller meir av europeisk bestand finst i Noreg
Identifisering av risikoen for at artar skal døy ut blir ofte betrakta som eit viktig fyrste skritt for fastsetjing av forvaltingsprioritet, men raudlistekategori er berre ein av fleire faktorar som kan leggjast til grunn. Eit anna grunnlag for forvaltingsprioritering er kor stor del av den europeiske bestanden vi har i Noreg. Slik informasjon finst for 9234 artar, deriblant for nesten alle dei truga artane (94 %). Det vil seie artar i kategoriane kritisk truga CR, sterkt truga EN og sårbar VU.
For 749 artar, av dei 148 truga, er det antatt at bestanden i fastlands-Noreg utgjer 25 % eller meir av den europeiske bestanden. Desse artane blir omtalte av norske styresmakter som «ansvarsartar». For dei 221 artane på Svalbard som vi har slik kunnskap om, er det tilsvarande talet 79 artar totalt, og av dei er 15 truga artar.
I tillegg har vi høvesvis 95 og 21 underartar eller varietetar av karplanter i Fastlands-Noreg og på Svalbard, der vi har ein stor del av den europeiske bestanden.
Flest karplanter
Det er i artsgruppa karplanter vi finn flest truga artar der Noreg har 25 % eller meir av europeisk bestand (44 artar). Andre artsgrupper der vi har eit betydelig tal slike artar er: lav (27 artar), mosar (22 artar), tovenger (17 artar) og soppar (16 artar).
Det er også blant karplantene vi finn flest livskraftige artar i denne gruppa (149 artar). Det er også mange artar av mosar (103) og tovenger (86) i kategorien livskraftig der Noreg har ein stor del av den europeiske bestanden.
Naturtypar
Skog er den naturtypen som har flest truga artar der 25 % eller meir av den europeiske bestanden finst i Noreg (61 artar). Fordi det er mange truga artar i skog, utgjer denne gruppa likevel berre 5 % av alle truga artar i skog. Heile 44 % (39 artar) av dei truga artane i fjellet er antatte å vere slike artar. Dei tilsvarande tala for saltvatnsystem er 24 %, flaumsone 12 %, våtmark 8 %, berg, ur og grunnlendt mark 7 %. I dei andre hovudhabitata utgjer desse artane 3 % eller mindre av dei truga artane.
Flest langs kysten og i nord
Høgast tal truga artar finst i dei sør-austlege fylka. Ser vi derimot på dei truga artane der vi har meir enn 25 prosent av den europeiske bestanden i Noreg, er talet høgast i Hedmark (32 artar), Oppland (48 artar), Buskerud (31 artar), Sør-Trøndelag (50 artar), Nord-Trøndelag (29 artar), Nordland (36 artar), Troms (45 artar) og Finnmark (45 artar). Dette har samanheng med kvar det finst store areal av naturtypane som desse artane lever i.
Bidreg til eit mer nyansert bilete
Desse resultata bidreg til eit meir nyansert bilete av kva som kjenneteiknar utbreiinga av truga artar. Fylka langs Oslofjorden har få artar der bestanden i Noreg utgjer meir enn 25 % av den europeiske populasjonen. Dette endrar derimot ikkje på konklusjonen om at områda langs Oslofjorden i norsk samanheng huser eit svært stort biologisk mangfald. Det er i Oslo og Akershus vi finn flest truga artar, totalt 872 artar.
Artar der 25 % eller meir av europeisk bestand finst i Noreg
Teksten over omhandlar berre artar vurderte i 2015, mens tabellen under óg inneheld artar som sist blei vurderte i 2010.
Taxon | Artsgruppe | Vitenskapelig navn | Kategori | År vurdert | Hovedhabitat |
---|---|---|---|---|---|
Karplanter | Arctous alpinus | LC | 2015 | ||
Acarospora impressula
Th. Fr.
|
Lav | Acarospora impressula | VU | 2015 | Berg, ur og grunnlendt mark |
Actenoptera hilarella
(Zetterstedt, 1847)
|
Tovinger | Actenoptera hilarella | LC | 2015 | |
Aegires incisus
(G.O. Sars, 1872)
|
Bløtdyr | Triopella incisa | LC | 2015 | Marint |
Agrenia riparia
Fjellberg, 1986
|
Spretthaler | Agrenia riparia | LC | 2010 | |
Allomyella portenkoi
(Stackelberg, 1952)
|
Tovinger | Allomyella portenkoi | DD | 2015 | Skog |
Amage auricula
Malmgren, 1866
|
Leddormer | Amage auricula | LC | 2015 | Marint |
Amphiura borealis
(G. O. Sars, 1872)
|
Armfotinger, pigghuder, kappedyr | Amphiura borealis | LC | 2010 | |
Amphiura griegi
Mortensen, 1920
|
Armfotinger, pigghuder, kappedyr | Amphiura griegi | LC | 2010 | Marint |
Amphiura securigera
(Düben & Koren, 1846)
|
Armfotinger, pigghuder, kappedyr | Amphiura securigera | LC | 2010 |
Sida blir sitert som
Henriksen S & Hilmo O (2015) Raudlista i eit europeisk perspektiv. Norsk raudliste for artar 2015. Artsdatabanken <http://www.artsdatabanken.no/Rodlista2015/Tema/EuropeiskPerspektiv>. Nedlasta <dag/månad/år>.