Julerose
Helleborus niger
Julerose kjem opphaveleg frå Mellom- og Søraust-Europa. Han er mykje dyrka som prydplante, og han er truleg funne so vidt som forvilla éin gong i Noreg, i Melhus i Sør-Trøndelag. Artsnamnet niger tyder svart, og dette peiker ikkje på blomane – som er kvite – men på den svarte rota.
Kjenneteikn
Julerose er ei fleirårig urt som vert opptil 30 cm høg og har 1–2 grunnblad som er mørkgrøne, lêrfaste og overvintrande. Blada er handflika og delte i 7–9 avlange (til omvendt lansettforma) flikar som er tanna mot spissen. Støtteblada er bleike, tynne og med heil bladkant. Det sit 1–3 vidt opne, flate blomar saman i blomestanden, dei er 45–75 mm (stundom opp til 11 cm) breie og velluktande. Begerblada er petaloide (kronbladliknande) og kvite. Kronblada er utforma som tydeleg stilka, røyrforma nektarium. Fruktblada vert til 6–10 skolmkapslar som er samanvaksne opp til om lag 1/3 av lengda.
Kromosomtal
Tetraploid med grunntal x = 8. 2n = 32. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.
Økologi og utbreiing
Julerose er mest registrert som dyrka i Noreg, men er truleg so vidt funnen som forvilla i Melhus i Sør-Trøndelag.
Arten er heimleg i Sør-Tyskland, Sveits, Austerrike, Slovenia og Nord-Italia (sjå Jonsell 2001). Han er berre registrert som tilfeldig i Sverige (sjå SLU Artdatabanken) og som relativt kortvarig forvilla i Storbritannia (Stace 2019); det er truleg at denne arten ikkje etablerer seg så lett (sjå til dømes Ford 1997).
Kommentarar
Julerose er den einaste arten i seksjonen Helleborus (Sun mfl. 2001, Long mfl. 2023).
Forvekslingar
Julerose kan bli forveksla med dei andre julerose-artane som vert dyrka i Noreg, men han skil seg frå klokkejulerose Helleborus foetidus i den urteaktige stengelen med berre grunnblad (mot vedaktig basis utan grunnblad, men med fleire stengelblad). Frå grøn julerose Helleborus viridis skil han seg i å ha lêrfaste grunnblad som overvintrar mot tynne grunnblad som ikkje overvintrar og kvite blomar mot grønlege blomar. Frå orientjulerose Helleborus orientalis skil han seg i skolmkapslar som er samanvaksne opp til 1/3 av lengda mot skolmkapslar som er innbyrdes heilt frie.
Kjelder
Ford BA (1997). Helleborus Linnaeaus. I: Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 3. Magnoliophyta: Magnoliidae and Hamamelidae: 176–177.
Jonsell B (2001). Helleborus L. I: Jonsell B (red.): Flora Nordica. 2. Chenopodiaceae to Fumariaceae: 331–333.
Liangqian L og Tamura M (2001). Helleborus Linnaeus. I: Wu ZY, Raven PH og Hong DY (red.), Flora of China. 6. Caryophyllaceae through Lardizabalaceae: 148.
Long L, Yamada K og Ochiai M (2023). A comprehensive review of the morphological and molecular taxonomy of the genus Helleborus (Ranunculacaeae). Reviews in Agricultural Science 11: 106–120.
Rottensteiner WK (2016). Attempt of a morphological differentiation of Helleborus species in the northwestern Balkans. Modern Phytomorphology 9 (Suppl.): 17–33.
SLU Artdatabanken (2024). Artfakta: julros (Helleborus niger). https://artfakta.se/taxa/222845 Lasta ned 02.12.2024.
Stace CA (2019). New Flora of the British Isles. Fourth edition. C & M Floristics, Middlewood Green. 1266s.
Sun H, McLewin W og Fay MF (2001). Molecular phylogeny of Helleborus (Ranunculaceae), with an emphasis on the East Asian-Mediterranean disjunction. Taxon 50: 1001–1018.
Tutin TG (1993). Helleborus L. I: Tutin TG mfl., Flora Europaea Vol. 1: Psilotaceae to Platanaceae, ed. 2: 249–251.
Siter nettsida som:
Hegre H og Elven R. Julerose Helleborus niger L. www.artsdatabanken.no/Pages/372914. Lasta ned <dag.månad.år>.