Orientjulerose kjem opphaveleg frå Hellas, Tyrkia og Kaukasus. Arten er framand i Noreg og innført som prydplante. Han, og då underarten raud julerose subsp. abchasicus, er funnen berre éin gong utanfor kultur hos oss, i Kristiansand i Vest-Agder, og er truleg forvilla frå dyrking.

Kjenneteikn

Orientjulerose er ei opptil 60 cm høg overvintrande urt med 1–2 lêraktige grunnblad. Blada er handflika og delte i (5–)7–9(–11) breitt omvendt lansettforma (til eggforma) og grovt dobbelt sagtanna bladflikar. Dei nedre støtteblada er nokså store, handflika og sagtanna; dei øvre er heile. Blomane sit 1–4 saman, er nikkande, skålforma og store, det vil seie 55–70 mm breie, og dei er utan lukt. Begerblada er petaloide (kronbladliknande) og gulgrøne til purpurfarga, stundom med prikkar. Kronblada er utforma som tydeleg stilka, trektforma nektarium. Fruktblada vert oftast til 4–7 kortstilka skolmkapslar som innbyrdes er heilt frie.

Kromosomtal

Tetraploid med grunntal x = 8. 2n = 32. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Orientjulerose, og då underarten raud julerose subsp. abchasicus, er førebels berre funnen éin gong i Kristiansand (Vest-Agder) i 2024, på ei brakktomt, truleg forvilla frå dyrkning. Arten er berre funnen som tilfeldig i Sverige (sjå SLU Artdatabanken).

Arten er heimleg i Nordaust-Hellas, Nord-Tyrkia og Kaukasus. Dei tre underartane (sjå ‘Kommentarar’) har noko ulik utbreiing; subsp. abchasicus (A.Braun) B.Mathew i vestlege Kaukasus, subsp. guttatus (A.Braun & F.W.H.Sauer) B.Mathew i sentrale og austlege Kaukasus, og subsp. orientalis i Nordaust-Hellas, Tyrkia og vestlege og sentrale Kaukasus (sjå Jonsell 2001).

Kommentarar

Ifølgje Flora Nordica (sjå Jonsell 2001) er arten delt i tre, noko geografisk skilde, underartar (sjå under ‘Økologi og utbreiing’) som skil seg i blomefarge; subsp. abchasicus har purpurfarga blomar, medan dei to andre underartane har kvite eller kremfarga blomar som hos subsp. guttatus har purpurfarga flekkar, medan subsp. orientalis er heilt utan flekkar. Desse vert stundom handsama som artar (sjå Cullen mfl. 2011, McLewin 2019).

Orientjulerose høyrer til den store seksjonen Helleborastrum Spach (Sun mfl. 2001, Long mfl. 2023) med fleire nærskylde artar med svake barrierar mot hybridisering. Orientjulerose inngår i en rekkje kultivarar og hagehybridar, og dei sistnemnde vert stundom handsama under samlenavnet Helleborus ×hybridus Voss (sjå McLewin og Mathew 1996 og Cullen mfl. 2011).

Forvekslingar

Orientjulerose kan bli forveksla med dei andre julerose-artane som vert dyrka i Noreg, men han skil seg frå klokkejulerose Helleborus foetidus i den urteaktige stengelen med grunnblad og frå julerose Helleborus niger og grøn julerose Helleborus viridis i å ha heilt frie belgkapslar, medan belgkapslane hos desse to er meir eller mindre samanvaksne nedst.

Kjelder

Cullen J, Knees SG og Cubey HS (2011). The European Garden Flora, vol 2: Casuarinaceae to Cruciferae. Cambridge University press, Cambridge.

Jonsell B (2001). Helleborus L. I: Jonsell B (red.): Flora Nordica. 2. Chenopodiaceae to Fumariaceae: 331–333.

Liangqian L og Tamura M (2001). Helleborus Linnaeus. I: Wu ZY, Raven PH og Hong DY (red.), Flora of China. 6. Caryophyllaceae through Lardizabalaceae: 148.

Long L, Yamada K og Ochiai M (2023). A comprehensive review of the morphological and molecular taxonomy of the genus Helleborus (Ranunculacaeae). Reviews in Agricultural Science 11: 106–120.

McLewin W (2019). Helleborus and the Helleborastrum problem. Wellesley-Cambridge Press, Wellesley.

McLewin W og Mathew B (1996). Hellbores: 6 Helleborus orientalis and Helleborus xhybridus. The New Plantsman 5: 117–124.

Rottensteiner WK (2016). Attempt of a morphological differentiation of Helleborus species in the northwestern Balkans. Modern Phytomorphology 9 (Suppl.): 17–33.

SLU Artdatabanken (2024). Artfakta: orientalsk julros (Helleborus orientalis). https://artfakta.se/taxa/222846 Lasta ned 02.12.2024.

Stace CA (2019). New flora of the British Isles. Fourth edition. C & M Floristics, Middlewood Green. 1266s.

Sun H, McLewin W og Fay MF (2001). Molecular phylogeny of Helleborus (Ranunculaceae), with an emphasis on the East Asian-Mediterranean disjunction. Taxon 50: 1001–1018.

Tutin TG (1993). Helleborus L. I: Tutin TG mfl., Flora Europaea Vol. 1: Psilotaceae to Platanaceae, ed. 2: 249–251.

Siter nettsida som:

Hegre H og Elven R. Raud julerose Helleborus orientalis L. www.artsdatabanken.no/Pages/371845. Lasta ned <dag.månad.år>.