Orientjulerose.

Orientjulerose kjem opphaveleg frå Hellas, Tyrkia og Kaukasus. Arten er framand i Noreg og innført som prydplante. Han, og då underarten raud julerose subsp. abchasicus, er funnen berre éin gong utanfor kultur hos oss, i Kristiansand i Vest-Agder, og er truleg forvilla frå dyrking.

Orientjulerose Helleborus orientalis Lam.
Creative Commons Attribution | Hanne Hegre | Reidar Elven | FlowerPower | Naturhistorisk museum, Universitetet i Oslo
Kart. Utbredelse i Norge.