Dette er den vanlege brunnkarsen ein finn i om lag heile landet. Han er heimleg.

Sumpbrunnkarse er den heimlege og vanlege underarten av brunnkarse som ein finn i om lag heile landet.

Kjenneteikn

Stengel og bladunderside er snau eller svært fint dunhåra. Skulpa er om lag tre gonger så lang som brei. Sjå elles omtalen av arten.

Sumpbrunnkarse har – som arten elles – oppstigande eller opprette stenglar. Han er oftast heilt snau. 

Blada er fjørdelte med 2–6 par sideflikar og med avlang endeflik. Stengelblada har ofte noko stengelomfattande bladøyre nedst på skaftet. 

Blomestanden er ein klase som strekkjer seg noko i fruktstadiet. Kronblada er små og gule og anten kortare enn eller om lag jamlange med begerblada. 

Frukta er ei pølseforma skulpe som er om lag 3 gonger så lang som brei. Ho er jamlang med eller litt lengre enn skulpeskaftet og sit på sprikjande skaft. 

Kromosomtal

Sumpbrunnkarse er tetraploid med grunntal x = 8 og kromosomtal 2n = 32. Teljingar er utførte på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Sumpbrunnkarse er heimleg og veks på finmateriale på ferskvasstrand, stundom på havstrand. Han er òg vanleg i åker, hage, ved grøfter, på vegkantar og langsmed jernbanar, og på anna skrotemark. Han veks oftast næringsrikt, men både på sur og basisk grunn. Utbreiinga strekkjer seg frå nemoral til nordboreal sone. Han går opp i fjellskogen og er funnen heilt opp i lågalpint belte til 1220 moh. på Finse i Ulvik (Hordaland). Han er vanleg i låglandet og dalføra nord til Trøndelag og litt meir spreidd vidare nordover, men veks som heimleg heilt til Aust-Finnmark. Økologi og utbreiing i Fastlands-Noreg blir diskutert vidare hos Fremstad (2013). På Svalbard er han funnen som tilfeldig i Barentsburg og Pyramiden på Spitsbergen.

Rasen er utbreidd i Europa, Asia og tropisk Aust-Afrika.

Forvekslingar

Sumpbrunnkarse skil seg frå amerikabrunnkarse subsp. hispida i hårklednad og i skulpeform. Sumpbrunnkarse er om lag snau, medan amerikabrunnkarse er strihåra på stengel og bladunderside. Skulpa hos sumpbrunnkarse er om lag tre gonger så lang som brei, medan ho hos amerikabrunnkarse er tydeleg mindre enn tre gonger så lang som brei, stundom om lag rund.

Kjelder

Al-Shehbaz IA (2010). Rorippa Scopoli. I Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 7. Magnoliophyta: Salicaceae to Brassicaceae: 493–506.

Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/12/2022

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Fremstad E (2013). Rorippa palustris (L.) Besser. I R Elven, E Fremstad og O Pedersen (red.), Distribution maps of Norwegian vascular plants. IV. The eastern and northeastern element: 342–344.

Jonsell B (1968). Studies in the north-west European species of Rorippa s. str. Symbolae Botanicae Upsaliensis 19,2: 1–222.

Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 9/12/2022

Rich TCG (1991). Crucifers of Great Britain and Ireland. BSBI Handbook 6. Botanical Society of the British Isles, London. 338 s.

Stace CA (2019). New Flora of the British Isles. 4. utg. C & M Floristics, Middlewood Green. 1266 s.

Valentine DH og Jonsell B (1993). Rorippa Scop. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 344–345.

Siter nettsida som:

Elven R og Hegre H. Sumpbrunnkarse Rorippa palustris subsp. palustris. www.artsdatabanken.no/Pages/345665. Lasta ned <dag.månad.år>.