Engelskkarse er ein mykje brukt salatplante på Dei britiske øyar (som ‘Watercress’) og sørover i Europa, men har tidlegare vore lite dyrka og brukt hos oss. Han er framand, komen inn med ballastjord og er noko forvilla frå dyrking, og han er blitt bufast i Noreg i seinare tid.

Engelskkarse er ein framand art som har komen inn på litt ulikt vis. Han er først no i seinare tid vorte bufast.

Kjenneteikn

Engelskkarse er ei fleirårig, snau eller om lag snau og saftfull urt med tjukke, nedliggjande til oppstigande, innhole stenglar til 50–60 cm. Stenglane rotslår ved dei nedre bladfesta. Alle blada er tjukke og saftfulle, og dei er finna med stort, avrunda endesmåblad og 2–9 par avrunda til breitt elliptiske sidesmåblad. Blomestanden er ein klase som strekkjer seg lite i fruktstadiet. Kronblada er kvite (sjeldan bleikt purpur), oftast 2,8–4,5 mm lange og berre litt lengre enn begerblada. Frukta er ei nokså kort (10–20 mm) og tjukk langskulpe, noko pølseforma, og ho er opptil 9,5 gonger så lang som brei. Ho sit på eit sprikjande til noko nedbøygd skaft som er tydeleg kortare enn skulpa. Griffelen er kort, men tydeleg (0,5–1,8 mm). Skulpeveggane har ein lite markert midtnerve. Frøa sit i to rekkjer i kvart skulperom. Frøa har nokre grunne, mangekanta søkk i frøoverflata. Hos engelskkarse er det om lag 25 slike søkk på kvar frøside (sterk lupe!). Dette er den viktigaste diagnostiske karakteren.

Kromosomtal

Engelskkarse er tetraploid med grunntal x = 8 og kromosomtal 2n = 32. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Engelskkarse er framand, frå først av komen inn med ballastjord i Kristiansund (Møre og Romsdal) i 1868 og 1869 og i Halden (Østfold) i 1879, men han etablerte seg ikkje. I 1993 blei arten funnen nær eit gartneri på Grette i Lier (Buskerud), og sidan har han vore bufast og har spreidd seg her. Bufast er arten òg truleg ved Voie i Kristiansand (Vest-Agder) frå 2021. I tillegg er han funnen i Drammen (Buskerud) i 2021. Dei prova førekomstane ligg i nemoral og boreonemoral sone. Sjå elles Elven og Hegre (2023).

Det er noko usikkert kor engelskkarse er heimleg. Nokre kjelder reknar han som heimleg nord til Skottland og Sør-Sverige (til dømes Valentine 1993 og Stace 2019), andre som kanskje berre heimleg i Sør-Europa, Nord-Afrika og Vest-Asia (Middelhavsområdet breitt definert), som antyda av Hartvig (2015). Arten har vore dyrka som matplante i 2000 år eller meir, noko som gjer det vanskeleg å seie kor han opphaveleg er heimleg.

Kommentarar

Plantar i Rogaland som tidlegare har vore førde til engelskkarse, i Stavanger frå 2007 og frametter og i Klepp frå 2020 og frametter, er no bekrefta som brun engelskkarse Nasturtium microphyllum og som bufaste (sjå Elven og Hegre 2023).

Tidlegare har vi rekna alle dei norske plantane til arten engelskkarse. Den andre arten i Europa, brun engelskkarse, er mykje meir vanleg enn engelskkarse i fleire område, til dømes i Danmark (sjå Hartvig 2015) og Nederland, og det er denne arten som sikkert er heimleg nordover i Europa. Plantane frå dei gamle ballastfunna i Kristiansund og dei nokså nyetablerte på Grette i Lier høyrer til engelskkarse, medan nokre av dei andre funna i Noreg høyrer til brun engelskkarse, slik som dei i Stavanger og Klepp.

Forvekslingar

For å kunne skilje sikkert mellom dei to engelskkarsane må ein ha materiale i frukt. Skulpa hos engelskkarse er opptil 9,5 gonger så lang som brei, medan ho er 10 gonger så lang som brei eller meir hos brun engelskkarse, noko som vil seie at skulpa er grannare hos brun engelskkarse enn hos engelskkarse. Frøa hos engelskkarse har om lag 25 breie, grunne groper på kvar side, medan dei hos brun engelskkarse har om lag 100 og mykje smalare groper. Frøa sit i to rekkjer i kvart skulperom hos engelskkarse, medan dei oftast sit i berre éi rekkje hos brun engelskkarse. Brun engelskkarse har elles større blomar enn engelskkarse; kronblada er 4,5–6 mm hos brun engelskkarse, oftast 2,8–4,5 mm hos engelskkarse. Skilnaden er så pass tydeleg at ein stundom kan identifisere artane frå fotografi òg når dei berre blømer.

Engelskkarse skil seg frå brunnkarse-artane i Rorippa i at kronblada er kvite og i at alle blada er tydeleg finna (samansette) og ikkje berre delte. Frå artar i engkarseslekta Cardamine skil han seg mellom anna i at stenglane er innhole og saftige, og i at frukta er kortare og tjukkare enn vi finn i engkarseslekta.

Kjelder

Al-Shehbaz IA (2010). Nasturtium W. T. Aiton. I Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 7. Magnoliophyta: Salicaceae to Brassicaceae: 489–492.

Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/12/2022

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Elven R og Hegre H (2023). To arter av engelskkarse Nasturtium i Norge. Blyttia 81: 199–203.

Hartvig P (2015). Atlas Flora Danica 1–3. Gyldendal, København.

Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 9/12/2022

Rich TCG (1991). Crucifers of Great Britain and Ireland. BSBI Handbook 6. Botanical Society of the British Isles, London. 338 s.

Stace CA (2019). New Flora of the British Isles. 4. utg. C & M Floristics, Middlewood Green. 1266 s.

Valentine DH (1993). Nasturtium R. Br. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 345–346.

Siter nettsida som:

Elven R og Hegre H. Engelskkarse Nasturtium officinale W.T.Aiton. www.artsdatabanken.no/Pages/345644. Lasta ned <dag.månad.år>.