Rundkarse er ein sjeldsynt, framand art som står så nær tettkarse at han stundom vert inkludert i den arten. Det er uvisst om rundkarse har nokon bufast førekomst i Noreg.

Kjenneteikn

Rundkarse er eitt- eller toårig, med opprette stenglar opptil 30 cm. Grunnblada og dei nedre stengelblada er fjørdelte, men grunnblada visnar tidleg. Dei øvre stengelblada er linjeforma og heile. Blomestanden er ein klase som strekkjer seg svært mykje i fruktstadiet. Kronblada er ørsmå eller manglar. Blomen har to pollenberarar. Frukta er ei om lag sirkelrund kortskulpe som er (2–)2,5–3(–3,5) mm lang. Ho har ein smal vengjekant med eit grunt innhakk som griffelen ikkje stikk utom. Frøa er utan tydeleg vengjekant.

Kromosomtal

Vi kjenner ikkje til noka teljing av kromosomtal hos rundkarse.

Økologi og utbreiing

Rundkarse er framand og er komen inn med amerikansk korn og grasfrø. Han vart først funnen i Vennesla (Vest-Agder) i 1892, truleg komen inn med grasfrø sådd ut på ein kyrkjegard. Arten er rapportert frå hagar, langsmed vegar, ved møller og på anna skrotemark. Det er uvisst om han er bufast nokon stad, og det er òg uvisst kvar han er funnen fordi han er så lett å forveksle med dei andre artane i tettkarse-gruppa. Han er rapportert frå Austlandet nord til Gausdal (Oppland) og i kyststrøk til Trøndelag. Etter 2000 er det berre seks dokumenterte funn, og ingen av desse plantane er heilt sikkert identifiserte.

Arten er heimleg i Nord-Amerika.

Kommentarar

Rundkarse høyrer til ei nordamerikansk gruppe av svært nærskylde einingar. Rundkarse og virginiakarse Lepidium virginicum er kanskje berre delar av ein polymorfi som kjem av innavl innanfor den sjølvpollinerte, vidt avgrensa arten tettkarse Lepidium densiflorum. Al-Shehbaz og Gaskin (2010) inkluderer rundkarse i tettkarse, men held virginiakarse utanfor. Vi har her valt å behalde alle tre som artar, då dei skil seg noko frå kvarandre morfologisk, men den beste løysinga kan vere å inkludere rundkarse i arten tettkarse, noko både Rich (1991), Al-Shehbaz og Gaskin (2010) og Stace (2019) gjer.

Forvekslingar

Hos rundkarse (og virginiakarse Lepidium virginicum) er skulpa sirkelrund i omriss, medan ho er breitt omvendt eggforma hos tettkarse Lepidium densiflorum. Hos rundkarse og tettkarse er kronblada anten heilt reduserte eller svært små og kortare enn begerblada, medan dei hos virginiakarse oftast er velutvikla og om lag 1,5 gonger så lange som begerblada.

Elles kan rundkarse bli forveksla med den mest vanlege Lepidium-arten i Noreg, stankkarse Lepidium ruderale. Medan rundkarse har frukt som er om lag sirkelrund i omkrins og som sit på eit skaft som er om lag jamlangt med skulpa, har stankkarse ei frukt som er elliptisk i omkrins eller litt breiare nedanfor midten, og som sit på eit skaft som er tydeleg lengre enn skulpa. Stankkarse har òg ein mykje meir uryddig og uregelrett greina fruktstand enn rundkarse, tettkarse og virginiakarse.

Kjelder

Al-Shehbaz IA og Gaskin JF (2010). Lepidium Linnaeus. I Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 7. Magnoliophyta: Salicaceae to Brassicaceae: 570–595.

Carvalho e Vasconcellos J de, Akeroyd JR og Rich TCG (1993). Lepidium L. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 398–402.

Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/12/2022

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 30/11/2022

Rich TCG (1991). Crucifers of Great Britain and Ireland. BSBI Handbook 6. Botanical Society of the British Isles, London. 338 s.

Stace CA (2019). New Flora of the British Isles. 4. utg. C & M Floristics, Middlewood Green. 1266 s.

Siter nettsida som:

Elven R og Hegre H. Rundkarse Lepidium neglectum Thell. www.artsdatabanken.no/Pages/345630. Lasta ned <dag.månad.år>.