Tundrarublom
Draba pauciflora
Tundrarublom, saman med slektningen polarrublom, er mellom dei mest høgarktiske plantane vi har i Noreg. Dei er òg særprega ved dei svært små blomane med smale, linjeforma og gule kronblad. Dei liknar ikkje nokre andre norske plantar.
Kjenneteikn
Tundrarublom er ei fleirårig urt som blir opptil 10 cm og veks i små tuver. Blada sit i rosett, og dei er nokså butte, men ikkje avrunda i toppen. Blada har nokre særprega, grove og stive ugreina hår, gaffelhår og nokre få grove, langskafta og fågreina stjernehår (óg kalla krusiforme hår). I bladspissen er det lange ugreina hår eller gaffelhår (skilnad mot polarrublom). Blomestengelen har mykje av dei same håra som blada, og han er bladlaus. Blomestanden er ein svært kort klase, ofte heilt nede i rosetten tidleg i bløminga, men han strekkjer seg litt i fruktstadiet. Kronblada er bleikgule, svært små og smale (2–2,5 × 0,8–1,5 mm), og dei står på skrå oppover (blomen er halvopen). Fruktstanden er kort og ofte med få frukter. Frukta er ei omvendt eggforma til elliptisk kortskulpe, blankt olivenbrun, grissent håra eller om lag snau, og med svært kort griffel slik at arret verkar vere sitjande. Skulpa sit på eit skaft som ofte er lengre enn skulpa.
Kromosomtal
Tundrarublom er tetraploid med grunntal x = 8 og kromosomtal 2n = 36. Fleire teljingar er utførte på norsk materiale.
Økologi og utbreiing
Tundrarublom er heimleg og veks i mosehei og i fuktig, ofte moserik tundra, oftast i tett vegetasjon. Utbreiinga strekkjer seg frå mellomarktisk sone til polarørkensona. Arten er i Noreg berre funnen på Svalbard, på Spitsbergen og øyane ikring. Han er funnen på fleire av dei kaldaste øyane, inkludert Kvitøya som berre har nokre få karplantar, men han er enno ikkje dokumentert frå Prins Karls Forland eller Hopen.
Den globale utbreiinga er arktisk sirkumpolar, men berre i dei mest sommarkalde områda på Svalbard, i Russland og Sibir, og lengst nord i Alaska, Canada og Grønland.
Kommentarar
Tundrarublom og polarrublom Draba micropetala vart lenge blanda saman med og inkluderte i gullrublom Draba alpina, av di dei har gule kronblad og bladlaus stengel. Endå meir har tundrarublom vore blanda saman med polarrublom (sjå, til dømes, Rønning 1979 og Walters og Akeroyd 1993). Den store avklåringa kom først med arbeida til Brochmann mfl. (1992, 1993) som synte at dei er to distinkte artar med ulike kromosomtal og molekylære markørar. Dei er òg distinkt ulike i morfologi og økologi. Dei vart difor først aksepterte som to ulike artar i norske florabøker hos Lid og Lid (1994) og Rønning (1996).
Det har vore uvanleg mykje rot kring dei vitskaplege namna i polarrublom og tundrarublom. Lenge brukte ein namnet Draba oblongata R.Br. ex DC., men Mulligan (1974) synte at dette namnet høyrde til ein heilt ulik og kvitbloma art frå Grønland, og at det hadde prioritet som namn for denne arten. Mange forfattarar har òg brukt namnet Draba adamsii Ledeb. for polarrublom, men dette namnet høyrer til tundrarublom (men har ikkje prioritet for denne arten).
Eit lite problem som vi førebels ikkje har gått nærare inn på, er ein mogeleg variasjon med geografisk mønster innanfor arten på Svalbard. I dei mildare fjordstrøka på Spitsbergen er han noko mindre tuveforma og litt meir storvaksen, og han har om lag snaue skulper. Kjem ein nordover og austover, inn i områda med polarørken, er han mykje meir småvaksen og tuveforma, ofte òg meir håra, og med håra skulper i ein fruktstand som knapt strekkjer seg.
Forvekslingar
Tundrarublom kan berre bli forveksla med polarrublom Draba micropetala. Begge har ørsmå blomar med smale, gule kronblad, men medan polarrublom har langskafta og regelrett greina stjernehår, oftast med 3–4 greiner som peiker rett utover (krusiforme hår) i kanten og enden av bladet, har tundrarublom berre grove, ugreina hår eller gaffelhår i enden. Polarrublom har butte blad, medan tundrarublom har noko spissare blad. Størst skilnad ser ein kanskje i fruktstadiet. Polarrublom har ei fruktsamling som strekkjer seg nokså mykje, med svært kortskafta, elliptiske til eggforma og mykje håra skulper, medan tundrarublom har ei fruktsamling som ikkje strekkjer seg mykje, med mykje færre skulper, og desse er omvendt eggforma, om lag snaue og ofte olivenfarga.
Kjelder
Al-Shehbaz IA, Windham MD og Elven R (2010). Draba Linnaeus. I Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 7. Magnoliophyta: Salicaceae to Brassicaceae: 269–347.
Brochmann C, Borgen L og Stedje B (1993). Crossing relationships and chromosome numbers of Nordic populations of Draba (Brassicaceae), with emphasis on the D. alpina complex. Nordic Journal of Botany 13: 121–147.
Brochmann C, Soltis DE og Soltis PA (1992). Electrophoretic relationships and phylogeny of Nordic polyploids in Draba (Brassicaceae). Plant Systematics and Evolution 182: 35–70.
Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/12/2022
Elven R, Arnesen G, Alsos IG og Sandbakk B (2020). Svalbardflora. https://svalbardflora.no.
Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.
Elven R, Murray DF, Razzhivin V og Yurtsev BA (red.) (2011). Annotated Checklist of the Panarctic Flora (PAF). http://panarcticflora.org/
Lid J og Lid DT (1994). Norsk flora. 6. utg. ved R Elven. Det Norske Samlaget, Oslo. 1014 s.
Mulligan GA (1974). Confusion in the names of three Draba species of the Arctic: D. adamsii, D. oblongata, and D. corymbosa. Canadian Journal of Botany 52: 791–793.
Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 19/12/2022
Rønning OI (1979). Svalbards flora. 2. utg. Norsk Polarinstitutt, Oslo. 128 s.
Rønning OI (1996). Svalbards flora. 3. utg. Norsk Polarinstitutt, Oslo. 182 s.
Walters SM og Akeroyd JR (1993). Draba L. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 372–377.
Siter nettsida som:
Elven R og Hegre H. Tundrarublom Draba pauciflora R.Br. www.artsdatabanken.no/Pages/345591. Lasta ned <dag.månad.år>.