Bleikrublom
Draba oxycarpa
Det var først på 1970-talet det vart slått fast at det vi tidlegare hadde kalla gullrublom i fjellet i Noreg, i røynda var to artar. Frå då av har bleikrublom vore akseptert som ein art i norske fjell.
Kjenneteikn
Bleikrublom er ei fleirårig urt som kan bli opptil 10 cm høg. Alle blada sit i rosett; blomestengelen er bladlaus. Blada har både ugreina hår, gaffelhår og uregelrett fleirgreina (men nokså fågreina) hår. Blomestenglane har både greina og lange, ugreina hår. Blomestanden er ein kort klase som strekkjer seg lite i fruktstadiet. Begerblada er opprette, breitt eggforma og bleikt grågrøne (utan raudskjer). Kronblada er bleikt gule (i Sør-Noreg) til djupt gule (oftast slik i Nord-Noreg og på Svalbard), 3,5–5 mm lange og om lag like breie, og dei overlappar kvarandre og står rett utover (blomen er fullt open). Fruktstanden er kort og halvskjermforma med sprikjande greiner. Frukta er ei eggforma skulpe som er snau bortsett frå nokre karakteristiske, korte og ugreina kanthår (sit på samanveksingssaumen mellom skulpeveggane). Griffelen er relativt kort, dvs. opptil 0,3 mm lang. Frøa er om lag svarte.
Kromosomtal
Bleikrublom er oktoploid med grunntal x = 8 og kromosomtal 2n = 64. Mange teljingar er utførte på norsk materiale.
Økologi og utbreiing
Bleikrublom er heimleg og veks i fjellet og i Arktis. Han veks tørrare enn gullrublom, oftast på rabb og tørr flytjord og i tørr tundra, mest på baserik grunn. I fjellet strekkjer utbreiinga seg frå øvst i nordboreal sone til mellomalpint belte, i Arktis frå sørarktisk sone til polarørkensona. Utbreiinga i fjellkjeda er todelt (bisentrisk). I Sør-Noreg er han nokså sjeldsynt frå Vågå (Oppland) til Tynset (Hedmark), Oppdal og Rennebu (Sør-Trøndelag) og Sunndal og Rindal (Møre og Romsdal), det vil seie i nordlege Jotunheimen, på Dovrefjell og i Trollheimen. I dette området er kronblada oftast bleikgule. I nord er han funnen nokre stader frå Saltdal (Nordland) til Kåfjord (Troms), og her er kronblada oftast djupt gule. Han går opp til grensa mot høgalpin, til 1840 moh. i Oppdal (Sør-Trøndelag). For utbreiinga i Fastlands-Noreg, sjå Bretten (1990). Han er den einaste gule rublomen på Jan Mayen, og på Svalbard er han svært vanleg på Spitsbergen-gruppa av øyar, men det er førebels usikkert om han finst på Bjørnøya.
Globalt er bleikrublom kjend frå Grønland (der oftast kalla Draba gredinii), Island (der oftast kalla Draba alpina), Jan Mayen, Svalbard, Skandinavia, Franz Josefs land og Novaja Semlja. Det finst snarlike og truleg nærskylde plantar kring Beringstretet mellom Asia og Amerika.
Kommentarar
I ei hovudoppgåve klårla Bretten (1973) at det som tidlegare hadde vore rekna som Draba alpina i fjellkjeda, høyrde til to ulike artar: Draba alpina L. s. str. og Draba oxycarpa Sommerf. (av Bretten då kalla Draba gredinii E.Ekman). Storparten av plantane i fjellkjeda høyrer til Draba alpina, men Bretten fann Draba oxycarpa i sentrale fjellstrøk i Sør- og Midt-Noreg i Jotunheimen, Dovrefjell og Trollheimen. Seinare blei han òg funnen i sentrale fjellstrøk i nord, frå Salten til Troms. Svalheim og Wegener (1990) undersøkte økologien til dei to artane på Knutshø på Dovrefjell. Dei fann at artane hadde ulike, men overlappande nisjer. Draba alpina vaks på meir fuktige og lenge snødekte stader; Draba oxycarpa oftare på tørre og snøfattige rabbar. Brochmann mfl. (1992, 1993) fann, som tidlegare forskarar, at desse to artane òg skil seg i kromosomtal. Draba alpina er dekaploid med 2n = 80, medan Draba oxycarpa er oktoploid med 2n = 64, og dei er ikkje svært nærskylde i molekylære markørar. Då hadde det allereie lenge vore klårt at òg det arktiske materialet delte seg på dei same to artane, med Draba alpina på Bjørnøya og øyane i Spitsbergen-gruppa, Draba oxycarpa på Jan Mayen og øyane i Spitsbergen-gruppa, men kanskje ikkje på Bjørnøya. På øyane i Spitsbergen-gruppa er dei begge vanlege og om lag like vanlege (sjå Svalbardflora, Elven mfl. 2020).
Sterile hybridar med gullrublom, Draba alpina × Draba oxycarpa, er rapporterte frå fleire stader på Dovrefjell (Dovre, Oppland, og Oppdal, Sør-Trøndelag) og finst truleg fleire stader der foreldra veks saman.
Dei to namna, Draba oxycarpa Sommerf. og Draba gredinii E. Ekman, er synonyme vitskaplege namn for bleikrublom. Det eldste namnet er Draba oxycarpa, og det byggjer på plantar frå Svalbard. Dette namnet var avgløymt på den tida då Elisabeth Ekman beskreiv Draba gredinii frå Grønland. Plantane på Svalbard gjekk under namnet Draba gredinii inntil det blei klårt at namnet Draba oxycarpa har prioritet og gjeld same planten.
Forvekslingar
Bleikrublom liknar mykje på gullrublom Draba alpina og puterublom Draba corymbosa. Frå gullrublom skil han seg i at begerblada er breiare og ikkje raudfarga, i at kronblada er breiare og sprikjande (fullt opne blomar), og i at skulpa berre har nokre kanthår på samanveksingssaumen mellom fruktblada (gullrublom har anten heilt snau skulpe eller skulpe som er litt håra over det heile). Frå puterublom skil han seg i at han ikkje er stivhåra og i alle fall ikkje har stivhåra skulpe med lang griffel. Om plantane har frø, så er desse bleikbrune hos gullrublom og svartbrune hos bleikrublom, medan dei er mellombrune hos puterublom.
Kjelder
Al-Shehbaz IA, Windham MD og Elven R (2010). Draba Linnaeus. I Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 7. Magnoliophyta: Salicaceae to Brassicaceae: 269–347.
Bretten S (1973). Slekta Draba i Knutshø – Finshø-området på Dovre. Sider ved dens systematikk og autøkologi. Cand. real.-oppgåve, Universitetet i Trondheim, Trondheim.
Bretten S (1990). Draba oxycarpa Sommerf. I O Gjærevoll (red.), Maps of distribution of Norwegian vascular plants. II. Alpine plants: 61 + pl. XV.
Brochmann C, Borgen L og Stedje B (1993). Crossing relationships and chromosome numbers of Nordic populations of Draba (Brassicaceae), with emphasis on the D. alpina complex. Nordic Journal of Botany 13: 121–147.
Brochmann C, Soltis DE og Soltis PA (1992). Electrophoretic relationships and phylogeny of Nordic polyploids in Draba (Brassicaceae). Plant Systematics and Evolution 182: 35–70.
Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/12/2022
Elven R, Arnesen G, Alsos IG og Sandbakk B (2020). Svalbardflora. https://svalbardflora.no.
Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.
Elven R, Murray DF, Razzhivin V og Yurtsev BA (red.) (2011). Annotated Checklist of the Panarctic Flora (PAF). http://panarcticflora.org/
Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 19/12/2022
Svalheim EJ og Wegener C (1990). Overlappende nisjer hos Draba alpina L. og Draba oxycarpa Sommerfelt på Knutshø, S. Trøndelag: En autøkologisk undersøkelse. Cand. scient.-oppgåve, Universitetet i Oslo, Oslo.
Walters SM og Akeroyd JR (1993). Draba L. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 372–377.
Siter nettsida som:
Elven R og Hegre H. Bleikrublom Draba oxycarpa Sommerf. www.artsdatabanken.no/Pages/345590. Lasta ned <dag.månad.år>.