Oljekål er ein framand art. Han blir litt dyrka eksperimentelt som grønsak og for planteolje frå frøa. Han er berre funnen to stader, på skroteplassar nær der han blir dyrka, og han er ikkje å rekne som bufast nokon stad.

Kjenneteikn

Oljekål er ei eittårig urt som kan bli opptil 1 m høg. Planten er svært grissent strihåra. Blada er tynne (ikkje sukkulente). Grunnblada er djupt flika, og stengelblada er meir uregelrett tanna eller flika. Blomane er samla i skjermkvastar som strekkjer seg lite i fruktstadiet. Kronblada er kvite og berre 3–4 mm lange. Frukta har ein veggdel som ikkje utviklar seg og som sit som ein kort tapp mellom fruktskaftet og griffeldelen, og ein griffeldel som er kuleforma til eggforma, 3–4,5 mm brei og med eitt frø. Frukta opnar seg ikkje (nøttskulpe), men brekk av.

Kromosomtal

Oljekål er oftast diploid med grunntal x = 15 og kromosomtal 2n = 30, men det er òg nokre få teljingar av haploide (2n = 15) og triploide (2n = 45) plantar. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Oljekål er framand og berre funnen to stader i Noreg: på Vea landbruksskole i Ringsaker (Hedmark) i 1997 og 2003 og på NMBU i Ås (Akershus) i 2008, begge stader på skroteplassar nær der arten blir dyrka. Den globale utbreiinga er litt merkeleg. Arten er utbreidd kring Middelhavet og i Vest-Asia aust til Iran, og dessutan i høglandet i Sentral- og Aust-Afrika. Dei to delane av utbreiingsområdet er skilde av ørkenregionen i Sahara og Arabia.

Forvekslingar

Den særprega frukta, nøttskulpa, gjer at Crambe-artane ikkje lett blir forveksla med andre plantar. Oljekål skil seg mykje frå den andre norske arten, strandkål Crambe maritima. Medan oljekål har grøne, håra og ikkje sukkulente blad som ikkje er krusete i kanten, har strandkål sukkulente, blågrøne og snaue blad som er krusete i kanten. Oljekål har dessutan mykje mindre blomar og frukter enn strandkål.

Kjelder

Ball PW (1993). Crambe L. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 415–416.

Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/12/2022

Elven R, Bjorå CS, Fremstad H, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo.

Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 3/11/2022

Stace CA (2019). New Flora of the British Isles. 4. utg. C & M Floristics, Middlewood Green. 1266 s.

Siter nettsida som:

Elven R og Hegre H. Oljekål Crambe hispanica L. www.artsdatabanken.no/Pages/345563. Lasta ned <dag.månad.år>.