Engelsk skjørbuksurt er ein heimleg nykomar i norsk flora. Her frå ein av dei få kjende lokalitetane på Lista i Vest-Agder

Engelsk skjørbuksurt er ein heimleg nykommar til Noreg. Arten vart først funnen i 2001, er no funnen tre stader på Sørlandet, og er å rekne som bufast. Han er i spreiing med havstraumar nordover på kystane av Vest-Europa, truleg som følgje av klimaendringar.

Kjenneteikn

Engelsk skjørbuksurt er ei to- eller fleirårig urt. Planten er nokså robust og ofte opprett, opptil 40 cm. Rosettblada er langskafta, med ei tjukk, avlang eller omvendt eggforma plate med kileforma grunn, utan eller om lag utan tenner. Stenglane er grove og med bukttanna, sitjande blad. Blomestanden er ein kort klase som strekkjer seg noko i fruktstadiet. Kronblada er kvite og 5–10 mm lange, meir enn dobbelt så lange som begerblada. Frukta er ei elliptisk kortskulpe, 7–14 mm lang, noko samantrykt, og oftast kortare enn fruktskaftet.

Den korte blomeklasen strekkjer seg noko i fruktstadiet. Kronblada er litt meir enn dobbelt så lange som begerblada.

Kromosomtal

Engelsk skjørbuksurt er oktoploid med grunntal x = 6 og kromosomtal 2n = 48–50. Nokre rapportar om lågare tal (2n = 36–44) gjeld truleg hybridar med skjørbuksurt Cochlearia officinalis. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Engelsk skjørbuksurt er heimleg og er i Noreg funnen på sandstrand, truleg nokså våt. I Storbritannia veks han oftast på svært våte mudderflater i elveosar (sjå Rich 1991), og han veks òg vått i Danmark (Hartvig 2015: “strandrørsump, strandenge, strandvolde ...”). I Noreg ligg lokalitetane ute på kysten, langt frå elveosar og på stader med lite strandenger. Arten er komen inn med havstraumar frå lenger sør i Vest-Europa. Han er no funnen i nemoral sone to stader på Lista i Farsund (Vest-Agder) frå 2001 og éin stad i Arendal (Aust-Agder) frå 2006. Det er mogeleg at han òg er funnen i Grimstad (Aust-Agder) i 2014, men innsamlinga frå dette funnet er enno ikkje (i desember 2022) tilgjengeleg for kontroll.

Den globale utbreiinga omfattar kysten av Vest-Europa frå Frankrike nord til Dei britiske øyane, Sør-Danmark, Skåne og Blekinge, og no Agderkysten i Noreg.

Engelsk skjørbuksurt veks på sandstrand og er funnen nokre få stader på Agderkysten, her frå Lista i Farsund.

Kommentarar

Engelsk skjørbuksurt har tidlegare vore rapportert frå mange andre stader i landet, kanskje særleg på Nordvestlandet og frå Ofoten og nordover. Alle slike rapportar er feil. Hovudsakleg gjeld dei fjordskjørbuksurt, ein av underartane til skjørbuksurt Cochlearia officinalis, som er blitt massivt feilbestemt.

Engelsk skjørbuksurt høyrer til eit element av havstrandplantar som er i spreiing nordover i Europa, truleg som følgje av klimaendringar. Dette elementet omfattar no meir enn eit titals artar i Noreg, mellom dei havreddik Raphanus raphanistrum subsp. maritimus blant krossblomane, strandbete Beta vulgaris subsp. maritima, sandvindel Calystegia soldanella, sanktpeterskjerm Crithmum maritimum, sandvortemjølk Euphorbia paralias og marrisp Limonium vulgare. Ikkje alle i dette elementet er bufaste enno, men nokre av dei er det.

Forvekslingar

Engelsk skjørbuksurt kan bli (og har ofte blitt) forveksla med skjørbuksurt Cochlearia officinalis, kanskje særleg med underarten fjordskjørbuksurt subsp. norvegica. Engelsk skjørbuksurt er større i alle delar enn skjørbuksurt, med noko lengre kronblad (5–10 mm mot 3,5–7 mm), noko større skulpe (8–15 mm mot opptil 10 mm), og skulpa hos engelsk skjørbuksurt er elliptisk og noko samantrykt langsmed saumen der fruktblada sit saman, medan ho ikkje er slik samantrykt hos skjørbuksurt. Bladplata hos engelsk skjørbuksurt er oftast kileforma mot skaftet, medan ho er tverr eller hjarteforma hos skjørbuksurt. Engelsk skjørbuksurt blir i dag ikkje mykje forveksla med dei andre skjørbuksurt-artane, men i tidlegare tider vart namnet òg mykje brukt for Svalbardplantar, til dømes i Rønnings Svalbardflora (Rønning 1963, 1979) der han angjev arten Cochlearia officinalis med tre varietetar: var. groenlandica, var. anglica og var. arctica. Vi meiner at alle Svalbardplantar høyrer til Cochlearia groenlandica.

Kjelder

Chater AO, Heywood VH, Wyse Jackson PS og Akeroyd JR (1993). Cochlearia L. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 378–380.

Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/12/2022

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Hartvig P (2015). Atlas Flora Danica 1–3. Gyldendal, København.

Nordal I, Eriksen AB, Laane MM og Solberg Y (1986). Biogeographic and biosystematic studies in the genus Cochlearia in Northern Scandinavia. Symbolae Botanicae Upsaliensis 27,2: 83–93.

Nordal I og Laane MM (1996). Taxonomic delimitation within Cochlearia officinalis s. lat. with particular discussion on the rank of C. anglica (Brassicaceae). Symbolae Botanicae Upsaliensis 31,3: 47–57.

Nordal I og Stabbetorp OE (1990). Morphology and taxonomy of the genus Cochlearia (Brassicaceae) in Northern Scandinavia. Nordic Journal of Botany 10: 249–263.

Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 30/11/2022

Rich TCG (1991). Crucifers of Great Britain and Ireland. BSBI Handbook 6. Botanical Society of the British Isles, London. 338 s.

Rønning OI (1963). Svalbards flora. Norsk Polarinstitutt, Oslo. 125 s.

Rønning OI (1979). Svalbards flora. 2. utg. Norsk Polarinstitutt, Oslo. 128 s.

Stace CA (2019). New Flora of the British Isles. 4. utg. C & M Floristics, Middlewood Green. 1266 s.

Siter nettsida som:

Elven R og Hegre H. Engelsk skjørbuksurt Cochlearia anglica L. www.artsdatabanken.no/Pages/345553. Lasta ned <dag.månad.år>.