Lundkarse har ei sørleg utbreiing og er ein heimleg art som er mykje knytta til rik lauvskog, men han har seinare òg vorte meir vanleg i bymiljø.

Lundkarse er heimleg og mykje knytt til rik lauvskog, men i seinare tid har han òg vorte vanleg i bymiljø, her oftast i berg og restkratt. Han har ei sørleg og kystnær utbreiing i Noreg.

Kjenneteikn

Lundkarse er ei eitt- til toårig og om lag snau urt. Planten har ein rosett som visnar tidleg og ein opprett, stiv og ofte noko greina stengel opptil 50 cm. Stengelblada er store med bladøyre ved grunnen og med 5–9 par djupt tanna til flika småblad. Blomestanden er ein klase som strekkjer seg noko i fruktstadiet. Kronblada er kvite, smale og korte, 1,5–3,5 mm, ikkje mykje lengre enn begerblada, og stundom manglar dei. Det er seks pollenberarar, og pollenknappane er grågule. Frukta er ei grann langskulpe på 18–30 mm. Ho sit på eit langt, grant og oppstigande skaft.

Lundkarse har ein rosett som visnar tidleg og ein opprett, ofte noko greina, stengel.

Stengelblada er store med bladøyre ved grunnen og har 5–9 par djupt tanna til flika småblad. 

Kronblada er kvite, smale og korte (ikkje mykje lengre enn begerblada), og dei manglar stundom.

Kromosomtal

Lundkarse er diploid (kanskje ein sjeldan gong tetraploid) med grunntal x = 8 og kromosomtal 2n = 16 (32). Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Lundkarse er heimleg og veks i noko skugge i edellauvskog og i kratt av liknande type, på noko næringsrik og baserik grunn. I seinare tid er han òg komen inn i parkar og hagar i bymiljø. Utbreiinga er i nemoral og boreonemoral sone, og litt inn i sørboreal sone. Ho er tredelt. Det eine delområdet er på sørlege Austlandet frå Hvaler og Fredrikstad (Østfold), Oslo og Ringerike (Buskerud) sørover til Risør (Aust-Agder). Det andre delområdet er på Sør-Vestlandet frå Gjesdal (Rogaland) nord til Kvinnherad, Kvam og Bergen (Hordaland), og i dette delområdet er arten nokså sjeldsynt. Det tredje delområdet er i Midt-Noreg frå Molde og Fræna (Møre og Romsdal) til Byahalla i Steinkjer (Nord-Trøndelag), og i dette delområdet er han funnen opp til 310 moh. i Åfjord (Sør-Trøndelag).

Den globale utbreiinga omfattar stordelen av Europa og tempererte delar av Asia aust til Stillehavet. Arten er kulturspreidd til austlege Nord-Amerika.

Lundkarse veks i næringsrik skog, men har i seinare tid óg komen inn i parkmiljø, som her i Frognerparken i Oslo.

Kommentarar

Den oppdelte utbreiinga (som opplagt heimleg) i Noreg treng ei forklåring. Fægri (1996) diskuterer arten og kjem til at han er konsentrert til kystområde med baserik grunn, og at det er mindre truleg at oppdelinga har ein relikt-bakgrunn frå ei større utbreiing i postglasial varmetid.

Forvekslingar

Dei djupt tanna til flika småblada og blomane med svært små eller manglande kronblad gjer denne arten særprega og vanskeleg å forveksle med noko anna. Desse karakterane skil han frå alle andre norske Cardamine.

Kjelder

Al-Shehbaz IA, Marhold K og Lihová J (2010). Cardamine Linnaeus. I Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 7. Magnoliophyta: Salicaceae to Brassicaceae: 464–484.

Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/12/2022

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Fægri K (1996). Cardamine impatiens. I K Fægri og A Danielsen, Maps of distribution of Norwegian vascular plants. III. The southeastern element: 38 + pl. 9.

Jones BMG, Akeroyd JR og Marhold K (1993). Cardamine L. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea 1 Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 346–351.

Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 13/12/2022

Rich TCG (1991). Crucifers of Great Britain and Ireland. BSBI Handbook 6. Botanical Society of the British Isles, London. 338 s.

Stace CA (2019). New Flora of the British Isles. 4. utg. C & M Floristics, Middlewood Green. 1266 s.

Siter nettsida som:

Elven R og Hegre H. Lundkarse Cardamine impatiens L. www.artsdatabanken.no/Pages/345547. Lasta ned <dag.månad.år>.