Høgfjellskarse er ein heimleg og umiskjenneleg plante som veks i fjellet og i Arktis. Her frå Kvænangen i Troms.

Høgfjellskarse er ein heimleg og umiskjenneleg plante med langskafta små eggforma blad i rosett. Han er vanleg i fjellet, går over 2000 moh. og veks òg i Arktis.

Kjenneteikn

Høgfjellskarse er ein liten, fleirårig plante som veks i små, tette tuver og med stenglar opptil 10 cm, men oftast lågare. Han er snau. Oftast sit alle blada i rosett, men stundom har nokre av stenglane 1–2 små blad. Rosettblada er langskafta med heil, eggforma plate, og dei er mørkgrøne. Stenglane er korte og opprette, oftast med fleire stenglar på kvar plante. Blomestanden er ein klase som ikkje strekkjer seg i fruktstadiet, og fruktene stikk godt opp over dei øvste blomane. Blomane er nokså små, med kronblad som er 3–4,5 mm lange og kvite. Frukta er ei 10–25 mm lang langskulpe som er stivt opprett og purpurbrun.

Blada sit i rosett, er mørkgrøne og med langskafta og heil, eggforma plate.

Stenglane er korte og opprette, oftast med fleire på kvar plante. Blomestanden strekkjer seg ikkje i fruktstadiet.

Kromosomtal

Høgfjellskarse er diploid med grunntal x = 8 og kromosomtal 2n = 16. Teljingar er utførte på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Høgfjellskarse er heimleg og veks i våte snøleie og på våt grus i fjellet, stundom ned i dalføra på elveøyrar. I Arktis veks han i fuktig, ofte moserik tundra og stundom på tørrare mark enn i fjellet i Fastlands-Noreg. Han er lite basekrevjande. Utbreiinga strekkjer seg frå nordboreal sone (sjeldsynt langsmed vassdrag ned i mellomboreal sone) til polarørkensona og frå lågalpint til høgalpint belte. Han er funnen til 2200 moh. i Jotunheimen. Arten er vanleg i fjellet nordover frå Stor-Elvdal (Hedmark), Nordre Land (Oppland), Flå og Nore og Uvdal (Buskerud), Hjartdal (Telemark), Valle (Aust-Agder) og Hjelmeland (Rogaland) og heilt til Finnmark. Han er nokså vanleg på Jan Mayen og Svalbard, men er ikkje funnen på Bjørnøya.

Den globale utbreiinga er arktisk-alpin sirkumpolar. I Europa veks han i Island, Fennoskandia og Nord-Russland, og han har ein særskild rase i Alpane og Pyreneane (subsp. alpina, sjå nedanfor). I Asia går han i fjella heilt sør til Mongolia og Nordvest-Kina. I Nord-Amerika går han heilt sør til California.

Høgfjellskarse veks i snøleie og, som her, på våt grus og kan gå høgt til fjells. Her frå over 1800 moh ved Juvasshytta i Lom.

Kommentarar

Arten har to underartar. Subspecies bellidifolia er underarten i Nord-Europa og elles i Asia og Nord-Amerika. Ein noko avvikande subsp. alpina (Willd.) B.M.G.Jones er rasen som veks i Alpane og Pyreneane. Han har oftast fleire stengelblad, brun frukt og noko mindre frø. Den næraste slektningen er Cardamine resedifolia L. i fjell i Mellom- og Sør-Europa, og i ein molekylær fylogeni (bygd på ITS) utgjer desse ei distinkt grein med europeisk opphav (sjå Carlsen mfl. 2009, Elven mfl. 2011).

Forvekslingar

Høgfjellskarse har ingen aktuelle forvekslingsartar; dei langskafta heile eggforma blada i rosett er, saman med dei lange opprette skulpene, eit særskilt syn i fjellet. Høgfjellskarse kan likne litt på artar av rosekarseslekta Braya og rublomslekta Draba, men fruktene er heilt ulike.

Kjelder

Al-Shehbaz IA, Marhold K og Lihová J (2010). Cardamine Linnaeus. I Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 7. Magnoliophyta: Salicaceae to Brassicaceae: 464–484.

Carlsen T, Bleeker W, Hurka H, Elven R og Brochmann C (2009). Biogeography and phylogeny of Cardamine (Brassicaceae). Annals of the Missouri Botanical Garden 96: 215–236.

CCDB Chromosome Counts Database. http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/12/2022

Elven R, Arnesen G, Alsos IG og Sandbakk B (2020). Svalbardflora. https://svalbardflora.no.

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Elven R, Murray DF, Razzhivin V og Yurtsev BA (red.) (2011). Annotated Checklist of the Panarctic Flora (PAF). http://panarcticflora.org/

Jones BMG, Akeroyd JR og Marhold K (1993). Cardamine L. I TG Tutin mfl. (red.), Flora europaea 1 Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 346–351.

Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 13/12/2022

Siter nettsida som:

Elven R og Hegre H. Høgfjellskarse Cardamine bellidifolia L. www.artsdatabanken.no/Pages/345542. Lasta ned <dag.månad.år>.