Gjetartaske
Capsella bursa-pastoris
Gjetartaske er ein av dei mest utbreidde plantane i Noreg. Han veks over heile landet og er òg funnen på Spitsbergen. Arten er truleg framand og komen inn svært tidleg med jordbruket.
Kjenneteikn
Gjetartaske er ei eitt- eller toårig urt, snau eller med greina og ugreina hår. Planten kan variere svært mykje i storleik, frå dvergplantar på 1 cm til grovvaksne plantar på over 40 cm. Grunnblada sit i rosett og er store og med svært korte skaft. Dei er frå oftast grovtanna til djupt fjørdelte, men kan stundom vere om lag heile. Stengelblada er mindre, pilforma og med stengelomfattande grunn. Blomestanden er ein kort klase som strekkjer seg mykje under fruktmogninga. Kronblada er kvite og 1,5–3,5 mm lange, men kan stundom vere svært reduserte. Frukta er ei flat, omvendt trekanta kortskulpe på eit langt, sprikjande skaft. Ho er litt utranda i toppen, med ein svært kort griffel, med skiljevegg på tvers og med to rekkjer med frø i kvart skulperom. Gjetartaske blømer heile året når det ikkje er frost, og planten kan setje frukt fleire gonger kvart år.
Kromosomtal
Gjetartaske er di- og tetraploid med grunntal x = 8 og kromosomtala 2n = 16 og 32. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.
Økologi og utbreiing
Det er mest truleg at gjetartaske er komen inn som resultat av menneskeleg aktivitet. Hartvig (2015) nemner at det er funnen makrofossil av han på Nord-Jylland frå “bondestenalderen” (4000–1800 år før vår tidsrekning), og han klassifiserer arten (for Danmark) som “hjemmehørende arkeofyt”, dvs. ikkje innført. Han veks på allslags kulturmark og forstyrra mark og er òg vanleg på havstrand og på stader langsmed kysten med mykje fugl. Husdyr dreg han langt ut i utmarka i beiteområde. Han veks på allslags mark, anten ho er sur eller basisk. Utbreiinga strekkjer seg frå nemoral til subarktisk sone og opp i lågalpint belte, til 1230 moh. i Eidfjord (Hordaland). Han veks over heile landet til heilt ut på Finnmarkskysten, og han er funnen fleire gonger (men berre som tilfeldig) i Barentsburg og Ny-Ålesund på Spitsbergen.
Gjetartaske er elles vidt utbreidd i heile Eurasia og Nord-Afrika, medan han er rekna som innført (men mange stader vanleg) i Nord- og Sør-Amerika, Aust- og Sør-Afrika, Australia og Oseania. Coquillat (1951) karakteriserer gjetartaske som det nest mest vanlege ugraset i verda, etter tungras Polygonum aviculare s. lat.
Kommentarar
Gjetartaske er ein svært polymorf art, og kring 70 småartar (sokalla «jordanons») har vore namnsette innanfor arten. Desse skuldast omfattande innavl og mange reine linjer som skil seg i få, små karakterar (sjå, mellom andre, Stace 2019), og det gjev lita meining å namnsette alle desse linjene. I tillegg kjem variasjonen i kromosomtal, der Slotte mfl. (2006) viste at noko gammal hybridisering, særleg med den nærskylde arten Capsella rubella Reut. frå Middelhavsområdet, ligg bak opphavet til tetraploid gjetartaske.
Forvekslingar
Gjetartaske kan vere litt snarlik pengeurt-artane i Thlaspi og Noccaea, men skulpa er heilt ulik i form: omvendt trekanta i gjetartaske og meir avrunda i omriss i pengeurt-artane. Blada er òg ulike, oftast djupt flika til delte hos gjetartaske, grunt tanna hos pengeurt Thlaspi arvense og heile hos vårpengeurt Noccaea caerulescens.
Kjelder
Al-Shehbaz IA (2010). Capsella Medikus. I Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 7. Magnoliophyta: Salicaceae to Brassicaceae: 453–454.
Chater AO (1993). Capsella Medicus. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 381–382.
Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/12/2022
Coquillat M (1951). Sur les plantes les plus communes à la surface du globe. Bulletin Mensuel de la Société Linnéenne de Lyon, n. s. 20: 165–170.
Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.
Hartvig P (2015). Atlas Flora Danica 1–3. Gyldendal, København.
Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 30/11/2022
Rich TCG (1991). Crucifers of Great Britain and Ireland. BSBI Handbook 6. Botanical Society of the British Isles, London. 338 s.
Slotte Y, Ceplitis A, Neuffer B, Hurka H og Lascoux M (2006). Intrageneric phylogeny of Capsella (Brassicaceae) and the origin of the tetraploid C. bursa-pastoris based on chloroplast and nuclear DNA sequences. American Journal of Botany 93: 1714–1724.
Stace CA (2019). New Flora of the British Isles. 4. utg. C & M Floristics, Middlewood Green. 1266 s.
Siter nettsida som:
Elven R og Hegre H. Gjetartaske Capsella bursa-pastoris (L.) Medik. www.artsdatabanken.no/Pages/345540. Lasta ned <dag.månad.år>.