Lindodre er framand og høyrer saman med nokre andre plantar, til dømes storbendel Spergula sativa subsp. maxima og linsnikjetråd Cuscuta epilinum, til eit element av ugras som følgde med lindyrkinga. Det er lite lindyrking i Noreg no, og frøa blir godt reinsa. Dette elementet er difor borte frå norsk flora. Lindodre er ikkje funnen i Noreg på over 150 år.

Kjenneteikn

Lindodre er ein stivt opprett, eittårig plante opptil 100 cm. Stengelen og blada er om lag snaue. Blada har stengelomfattande grunn og er djupt tanna eller flika (sjeldan om lag heile). Blomestanden er ein klase som strekkjer seg mykje i fruktstadiet. Kronblada er bleikgule og 4,5–6 mm lange. I fruktstanden er dei granne skulpeskafta sprikjande og oftast lengre enn 2 cm, noko som gjer fruktstanden svært grissen, òg av di det oftast er få skulper. Skulpa er ei pæreforma kortskulpe som oftast er 8–10 mm lang, breiare enn lang, og tydeleg nedtrykt på toppen, med hard vegg der midtnerven er kraftig og går opp mot toppen på skulpeveggen. Frøa er oftast 2–2,9 mm og tydeleg større enn hos dei andre oljedodrene.

Kromosomtal

Lindodre er om lag alltid tetraploid med grunntal x = 10 og kromosomtal 2n = 40. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Lindodre er framand og kom hovudsakleg inn med linfrø og korn. Planten er berre sikkert påvist i Noreg på 1800-talet: i Oslo, Asker (Akershus) og Elverum (Hedmark) før 1850, og (av ein eller annan ukjent årsak) fleire gonger i Alta (Finnmark) seint på 1800-talet. Planten er ikkje funnen i Noreg på kring 150 år og må reknast som utgått, og han har truleg aldri vore bufast.

Lindodre kjem truleg frå austlege Middelhavsområdet og Vest-Asia og følgde lindyrkinga vestover i Europa. Planten er no rekna som utgått i heile Vest- og Nord-Europa.

Karta for dei to underartane av ugrasdodre Camelina alyssum byggjer berre på ein revisjon av ein særs avgrensa del av samlingsmaterialet. Det gjev ikkje noko truverdig bilete av utbreiinga.

Kommentarar

Storparten av forfattarar inkluderer stordodre subsp. integerrima i lindodre. Det kan vere gode grunnar for å gjere dette, men kronologisk og økologisk er dei nokså skilde. Medan lindodre no er eit historisk ugras knytt til ein spesiell kultur (lindyrking), er stordodre eit meir moderne ugras knytt til fleire typar kulturmark.

Forvekslingar

Lindodre skil seg frå stordodre subsp. integerrima i storleiken på skulpa (8–10 mm lang mot 10–12 mm lang) og i om toppen av skulpa er nedtrykt (lindodre) eller ikkje (stordodre).

Kjelder

Al-Shehbaz IA og Beilstein MA (2010). Camelina Crantz. I Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 7. Magnoliophyta: Salicaceae to Brassicaceae: 451–453.

Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/12/2022

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Meikle BD og Akeroyd JR (1993). Camelina Crantz. I TG Tutin mfl. (red.), Flora europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 380–381.

Mirek Z (1981). Genus Camelina in Poland: Taxonomy, distribution and habitats. Fragmenta Floristica et Geobotanica 27: 445–507.

Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 30/11/2022

Rich TCG (1991). Crucifers of Great Britain and Ireland. BSBI Handbook 6. Botanical Society of the British Isles, London. 338 s.

Smejkal M (1971). Revision der tschechoslowakischen Arten der Gattung Camelina Crantz (Cruciferae). Preslia 43: 318–337.

Stace CA (2019). New flora of the British Isles. 4. utg. C & M Floristics, Middlewood Green. 1266 s.

Siter nettsida som:

Elven R og Hegre H. Lindodre Camelina alyssum subsp. alyssum. www.artsdatabanken.no/Pages/345535. Lasta ned <dag.månad.år>.