Ugrasdodre er framand og er komen inn i landet i to bølgjer, først tidleg på 1800-talet som ein følgjeplante med lindyrking og stundom korndyrking, seinare på 1800-talet og fram til no i følgje med grasfrø og korn ved møller. Dei to bølgjene omfattar noko ulike plantar, og dei er her handsama som to underartar.

Ugrasdodre er framand og komen inn til landet i to bølgjer som samsvarar med dei to beskrivne underartane.

Kjenneteikn

Ugrasdodre er ein eittårig plante med stivt opprette stenglar opptil 100 cm. Han er snau eller sjeldan grissent håra med ugreina og greina hår. Blada er pilforma og lite eller ikkje tanna (stordodre subsp. integerrima) eller mykje tanna til flika (lindodre subsp. alyssum). Blomestanden er ein klase som strekkjer seg sterkt i fruktstadiet. Kronblada er bleikgule. Fruktstanden er mykje meir grissen enn hos den andre oljedodrearten i Noreg (åkerdodre Camelina sativa) og svært open, med lange, sprikjande skulpeskaft og færre skulper. Skulpeskafta er nokså granne og oftast over 2 cm lange (sjå på dei nedre skulpeskafta i klasen). Skulpa er trinn, pæreforma og ofte noko nedtrykt ved griffelen, og 8–12 mm lang.

Kromosomtal

Sjå underartane.

Økologi og utbreiing

Sjå underartane.

Kommentarar

Vi skil mellom to underartar, lindodre subsp. alyssum og stordodre subsp. integerrima, men dette er det ikkje semje om. Mange forfattarar inkluderer stordodre fullt ut i lindodre, som eit synonymt namn. Vi finn at det er morfologisk ulikskap og at dei to òg har litt ulik innførselshistorie i Noreg. Dei vert òg handsama som to underartar i Plants of the World Online (POWO).

Forvekslingar

Ugrasdodre skil seg frå åkerdodre Camelina sativa i at den første har lengre skulpeskaft (oftast lengre enn 2 cm mot kortare enn 2 cm; sjå på dei nedre fruktene i fruktstanden), noko større skulper (8–12 mm mot 5–9 mm) i ein meir open fruktstand, og i at planten oftast er lite eller ikkje håra.

Kjelder

Al-Shehbaz IA og Beilstein MA (2010). Camelina Crantz. I Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 7. Magnoliophyta: Salicaceae to Brassicaceae: 451–453.

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Meikle BD og Akeroyd JR (1993). Camelina Crantz. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 380–381.

Mirek Z (1981). Genus Camelina in Poland: Taxonomy, distribution and habitats. Fragmenta Floristica et Geobotanica 27: 445–507.

Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 30/11/2022

Rich TCG (1991). Crucifers of Great Britain and Ireland. BSBI Handbook 6. Botanical Society of the British Isles, London. 338 s.

Smejkal M (1971). Revision der tschechoslowakischen Arten der Gattung Camelina Crantz (Cruciferae). Preslia 43: 318–337.

Stace CA (2019). New Flora of the British Isles. 4. utg. C & M Floristics, Middlewood Green. 1266 s.

Siter nettsida som:

Elven R og Hegre H. Ugrasdodre Camelina alyssum (Mill.) Thell. www.artsdatabanken.no/Pages/345534. Lasta ned <dag.månad.år>.