Russekål er framand, komen inn til Noreg kring år 1800, og har vorte vanleg til dominerande mange stader på skrotemark, særleg på Austlandet. Arten kjem opphaveleg frå Mellom-Europa og austover til Vest- og Sentral-Asia.

Kjenneteikn

Russekål er ei svært grovvaksen, to- til fleirårig urt opptil 1,2 m. Planten er spreidd strihåra med ugreina og fleirgreina hår nedst, snau oppover, og med fleircella kjertelvorter. Grunnblada er heile eller fjørdelte med 1–2 par sidesmåblad og ein stor, heil og trekanta endefinne. Stengelblada er heile til fjørdelte. Blomestanden er ofte rikt greina med korte klasar som strekkjer seg mykje i fruktstadiet. Begerblada er halvveges opprette, og dei indre er lite eller ikkje sekkforma ved grunnen. Kronblada er gule og 4–8 mm lange, oftast ikkje utranda og ikkje meir enn 1,5 gonger så lange som breie. Frukta er ei 5–8 mm stor, asymmetrisk og noko vortete kortskulpe på eit langt, stivt skaft. Skulpa har 1–2 rom og eitt frø. Ho har ein tydeleg griffel på 0,5–2 mm. Skulpa er ei nøttskulpe som ikkje opnar seg.

Russekål er svært grovvaksen og har ofte ein rikt greina blomestand med gule blomar. 

Grunnblada er fjørdelte med 1–2 par sidesmåblad og ein stor endefinne.

Frukta er ei stor, asymmetrisk og noko vortete nøttskulpe som sit på eit langt, stivt skaft.

Kromosomtal

Russekål er diploid (sjeldan tetra- eller heksaploid) med grunntal x = 7 og kromosomtal 2n = 14 (28, 42). Teljingar (av 2n = 14) er utførte på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Russekål er framand og har vorte eit plagsamt ugras på vegkantar, langsmed jernbanar, i bymiljø og på kulturmark. Han veks hovudsakleg på nokså næringsrike stader med basisk grunn. Arten er i rask auke, særleg med spreiing med transportmiddel langsmed vegar. Han kom inn kring år 1800, først funnen i 1802–03 i Kongsberg (Buskerud) etter ein bybrann. Han vart funnen om lag samstundes i Danmark (i 1790, sjå Hartvig 2015). Det er truleg at han frå først av kom til Norden med russisk/ukrainsk korn frå Svartehavsområdet. Utbreiinga ligg hovudsakleg i nemoral til sørboreal sone. Arten er no lokalt vanleg til svært vanleg mange stader på Austlandet, der han er funnen nord til Lom (Oppland) og går opp mot skoggrensa (funnen opp til 990 moh. i Etnedal, Oppland). Han veks meir spreidd i kyst- og dalstrøk til Vik og Lærdal (Sogn og Fjordane). Lenger nord er han funnen éin gong i Oppdal (Sør-Trøndelag) i 1949, nokre stader ved Trondheimsfjorden (kor han kanskje er i ferd med å spreie seg), og éin gong på ein vegkant ved Junkerdalsura i Saltdal (Nordland) i 1955, kor han raskt blei luka bort.

Den heimlege utbreiinga strekkjer seg kanskje frå Mellom-Europa austover til Iran og Sentral-Asia. Hartvig (2015) skriv at han opphaveleg kom frå Sørvest-Asia. Han er kulturspreidd over store delar av resten av Europa og nokre stader i Nord-Amerika.

Russekål er plasskrevjande og vert ofte dominerande langs vegar. Her frå Fornebu i Akershus.

Forvekslingar

Russekål har ingen opplagde forvekslingsartar. Skulpa er nokså unik for denne arten, og det er óg vekseformen og kjertelvortene som gjer han ru.

Kjelder

Al-Shehbaz IA (2010). Bunias Linnaeus. I Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 7. Magnoliophyta: Salicaceae to Brassicaceae: 444–445.

Ball PW (1993). Bunias L. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea 1 Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 325.

Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/12/2022

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Hartvig P (2015). Atlas Flora Danica 1–3. Gyldendal, København.

Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 9/12/2022

Rich TCG (1991). Crucifers of Great Britain and Ireland. BSBI Handbook 6. Botanical Society of the British Isles, London. 338 s.

Stace CA (2019). New Flora of the British Isles. 4. utg. C & M Floristics, Middlewood Green. 1266 s.

Siter nettsida som:

Elven R og Hegre H. Russekål Bunias orientalis L. www.artsdatabanken.no/Pages/345528. Lasta ned <dag.månad.år>.