Frynsevinterkarse
Barbarea intermedia
Frynsevinterkarse er framand og truleg mykje komen inn med grasfrø. Han er no bufast i alle fall éin stad i Noreg.
Kjenneteikn
Frynsevinterkarse er oftast toårig, med opprette stenglar opptil 60 cm. Planten er snau eller svært grissent håra. Grunnblada er djupt flika med 2–6 par sideflikar og ein stor endeflik. Stengelblada er djupt flika til innom midten og med mange par sideflikar (skilnad mot vinterkarse Barbarea vulgaris). Blomestanden er ein klase som strekkjer seg mykje i fruktstadiet. Begerblada er snaue i knoppstadiet. Kronblada er 4–6 mm lange, mindre enn dobbelt så lange som begerblada, og gule. Frukta er ei langskulpe på 15–35 mm. Ho sit på eit svært kort, tjukt skaft, og ho sprikjer. Griffelen er kort, opptil 1,7 mm lang (kortare enn hos vinterkarse).
Kromosomtal
Frynsevinterkarse er diploid med grunntal x = 8 og kromosomtal 2n = 16. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.
Økologi og utbreiing
Frynsevinterkarse er framand, truleg mykje komen inn med kløver- og grasfrø. Han vart først funnen i Sandvika i Bærum (Akershus) i 1930. Seinare er han funnen i Oslo i 1931, i Horten (Vestfold) i 1994, i Evje og Hornnes (Aust-Agder) i 1933, og i Kristiansand (Vest-Agder) i 2019. I Kristiansand har han no ein bestand og blir difor rekna som etablert i nemoral sone. Han veks på skrotemark og i engkantar, oftast på næringsrik grunn. Arten kan vere noko oversett; han er til dømes nokså vanleg i Danmark (Hartvig 2015).
Den globale utbreiinga som heimleg er nokså uklår. Arten er nok heimleg i Mellom- og Sørvest-Europa, men er òg rapportert som heimleg i Nordvest-Afrika, Aust-Afrika og frå Pakistan til Xinjiang og Tibet i vestlege Kina.
Kommentarar
Frynsevinterkarse er så pass lik vinterkarse at dei to kan bli forveksla til ein viss grad, og ingen bryr seg om å samle eller dokumentere vinterkarse lenger i Noreg; han er for vanleg til det. Det er difor mogeleg at arten finst fleire stader i Noreg enn det vi veit. På 1930-talet sette Jens Holmboe ein student på ei hovudfagsoppgåve kring vinterkarsane, men den morfologiske undersøkinga til Signe Fransrud, frå 1933, blei aldri publisert, og vi veit ikkje meir om dei enn ho gjorde.
Forvekslingar
Det vitskaplege artsnamnet ‘intermedia’ kjem truleg av at arten står mellom vinterkarse Barbarea vulgaris og vårkarse Barbarea verna morfologisk. Han skil seg frå vinterkarse i meir flika stengelblad, litt kortare kronblad og mykje kortare griffel. Frå vårkarse skil han seg i kortare kronblad (opptil 5,6 mm mot meir enn 5,6 mm) og kortare frukt (mindre enn 40 mm mot oftast meir enn 40 mm).
Kjelder
Ball PW (1993). Barbarea R. Br. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 342–343.
Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/5/2022
Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.
Hartvig P (2015). Atlas Flora Danica 1–3. Gyldendal, København.
Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 9/12/2022
Rich TCG (1987). The genus Barbarea R.Br. (Cruciferae) in Britain and Ireland. Watsonia 16: 389–396.
Rich TCG (1991). Crucifers of Great Britain and Ireland. BSBI Handbook 6. Botanical Society of the British Isles, London. 338 s.
Stace CA (2019). New Flora of the British Isles. 4. utg. C & M Floristics, Middlewood Green. 1266 s.
Siter nettsida som:
Elven R og Hegre H. Frynsevinterkarse Barbarea intermedia Boreau. www.artsdatabanken.no/Pages/345509. Lasta ned <dag.månad.år>.