Bergskrinneblom
Arabis hirsuta
Bergskrinneblom er ein heimleg og vanleg plante på berg og anna tørr mark i om lag heile landet, stundom til opp i snaufjellet. Han er småbloma og gjer nokså lite av seg.
Kjenneteikn
Bergskrinneblom er ei to- eller oftast fleirårig urt som veks i små tuver, med rosett og med stivt opprette stenglar opptil 60 cm. Blad og stenglar er meir eller mindre strihåra med uregelrett greina hår, eller stundom om lag snaue (var. glaberrima). Dei uskafta rosettblada er eggforma eller spatelforma og utydeleg tanna. Stengelblada er talrike, smale og har grunn som går noko kring stengelen. Blomestanden er ein klase som strekkjer seg mykje i fruktstadiet. Kronblada er kvite og 4–5,5 mm lange. Frukta er ei langskulpe på 1,5–3,5(–5) cm, og ho er tiltrykt stengelen.
Kromosomtal
Bergskrinneblom er di- og tetraploid med grunntal x = 8 og kromosomtala 2n = 16 og 32. Teljingar, av både 2n = 16 og 32, er utførte på norsk materiale.
Økologi og utbreiing
Bergskrinneblom er heimleg og veks på tørrbakkar, svaberg, i sørberg og rasmark og i grus- og sandmæler. Han er noko basekrevjande (sjå òg var. glaberrima). Han er funnen i om lag heile landet, nord til Aust-Finnmark og opp i snaufjellet til 1340 moh i Ål (Buskerud). I fjelldalane og fjellet er han sterkt knytta til sørberg. Han er vanleg sør og vest på Austlandet, på stordelen av Vestlandet, i Trøndelag og i Nordland og Tromsø. Han er meir sjeldsynt på indre, austre Austlandet, på indre Sørlandet og på Sør-Vestlandet og i Finnmark.
Den globale utbreiinga er uklår på grunn av komplisert taksonomi (sjå kommentarar). Arten er vidt utbreidd i Europa og går nok òg i Vest-Asia, Sentral-Asia og austover til Stillehavet i Kina og Russisk fjerne austen. Fleire andre rasar eller artar veks i Japan og nordover til Kamtsjatka og i Nord-Amerika.
Kommentarar
Bergskrinneblom-gruppa er godt studert i Mellom-Europa, både når det gjeld morfologi og ploidinivå (kromosomtal), sjå mellom anna Titz (1968, 1972). Jones og Akeroyd (1993) byggjer mykje på arbeida til Titz og reknar med sju artar i ei Arabis hirsuta-gruppe i Europa, og vår art er éin av desse. Dei reknar Arabis hirsuta s. str. (i trong meining) som tetraploid (2n = 32), medan fleire av dei andre er diploide (2n = 16). Al-Shehbaz (2010) skriv at europeisk Arabis hirsuta er diploid, medan både Rich (1991) og Stace (2019) reknar Arabis hirsuta s. str. som tetraploid. Det er difor noko uklårt kva for art som er telt som diploid i norsk materiale. Det kan tenkjast at vi har to artar i Noreg, men då på eit anna grunnlag en dei rasane som er omtala nedanfor. Det norske materialet treng ein morfologisk revisjon, helst kopla saman med ei molekylær og cytologisk undersøking.
Det norske materialet har vore freista delt på tre rasar: håra bergskrinneblom var. hirsuta, som er den vanlege planten i låglandet i heile landet, snau bergskrinneblom var. glaberrima, som er avgrensa til områda kring Oslofjorden og Skiensfjorden, og grann bergskrinneblom var. subalpestre, som kanskje er planten i sørberg og rasmark i dalføra i innlandet og opp i fjellet, kanskje òg i Nord-Noreg. Den siste er svært dårleg karakterisert og difor ikkje omtala særskilt her, men er inkludert i omtalen av håra bergskrinneblom.
Forvekslingar
Bergskrinneblom skil seg frå andre Arabis i dei tiltrykte fruktene og dei talrike og lite tanna stengelblada. Fjellskrinneblom Arabis alpina og hageskrinneblom Arabis caucasica har frukter på sprikjande skaft og færre og meir tanna stengelblad. Frå andre kvitbloma krossblomar skil han seg òg i dei tiltrykte fruktene og i at han har uregelrett greina hår.
Kjelder
Al-Shehbaz IA (2010). Arabis Linnaeus. I Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 7. Magnoliophyta: Salicaceae to Brassicaceae: 257–266.
Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 13/4/2022
Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.
Jones BMG og Akeroyd JR (1993). Arabis L. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 352–356.
Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 13/12/2022
Rich TCG (1991). Crucifers of Great Britain and Ireland. BSBI Handbook 6. Botanical Society of the British Isles, London. 338 s.
Stace CA (2019). New Flora of the British Isles. 4. utg. C & M Floristics, Middlewood Green. 1266 s.
Titz W (1968). Zur Cytotaxonomie von Arabis hirsuta agg. (Cruciferae). I. Allgemeine Grundlagen und die Chromosomenzahlen der in Österreich vorkommenden Sippen. Österreichische Botanische Zeitschrift 115: 255–290.
Titz W (1972). Evolution of the Arabis hirsuta group in Central Europe. Taxon 21: 121–128.
Siter nettsida som:
Elven R og Hegre H. Bergskrinneblom Arabis hirsuta (L.) Scop. www.artsdatabanken.no/Pages/345502. Lasta ned <dag.månad.år>.