Forvilla surbær har vorte eit stadig vanlegare syn i låglandet og kyststrøk, særleg i Sør-Noreg, dei siste par tiåra. Det er først no nyleg ein har vorte merksam på at det meste av dei forvilla plantane ikkje tilhøyrer slekta Aronia, men ein kunstig frambrakt hybrid med rogn som høyrer heime i hybridslekta ×Sorbaronia.

Kjenneteikn

Storsurbær er ein opptil 2 m høg busk som ikkje set rotskott (ein skilnad mot artane i Aronia-slekta). Blada sit skruestilte som elles i rosefamilien og er oftast breiast kring midten (elliptiske) med tydelege og relativt breie tenner, oftast utan ein svartraud kjertel i spissen. Langsmed oversida av midtnerven og ofte litt ut på sidenervane sit det talrike, svartraude og tappforma kjertlar, ein spesiell karakter som skil både Aronia og ×Sorbaronia frå andre buskar både i rosefamilien og elles. Blomane er kvite og sit i kompakte halvskjermar. Fruktene (bærepler) er nokså store, det vil seie meir enn 1 cm i diameter og om lag svarte som mogne. Frøa spreier seg med fugl som et dei saftige bærepla.

Kromosomtal

Arten er tetraploid med grunntal x = 17 og kromosomtal 2n = 68. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Storsurbær er innført og vert dyrka som pryd- og bærplante. Arten forvillar seg i noko næringsrik skog, skogkantar, kratt og i vegkantar, og han er no bufast og i auke. Han er knytt til nemoral til boreonemoral sone. Arten blei først dokumentert i naturen i 2002 frå Ålesund (Møre og Romsdal) og så i 2003 frå Eidsberg (Østfold). Han er no dokumentert frå totalt 13 gamle fylke, på Austlandet inn til Lillehammer (Oppland) og langsmed kysten frå Østfold gjennom Oslo og Akershus til Møre og Romsdal, kanskje òg vidare til Trøndelag og mogelegvis i Lofoten.

Storsurbær har inga naturlig utbreiing; det er ein kunstig tilverka hybrid utvikla i Russland, truleg på 1930-talet. Herifrå har han vorte spreidd som bær- og prydbusk vestover i Nord- og Aust-Europa, men vi veit ikkje kor mykje han har forvilla seg enno. Han synast ikkje vere fullt ut etablert i naturen i nabolanda våre enno.

Kommentarar

Inntil nyleg har ein trudd at det forvilla materialet av surbær i Noreg i hovudsak tilhøyrde to artar i slekta Aronia, nemleg svartsurbær Aronia melanocarpa og hybridarten purpursolbær Aronia ×prunifolia (sjå Elven mfl. 2022). Begge desse veks naturleg i Nord-Amerika saman med den andre foreldrearten raudsurbær Aronia arbutifolia. Ein revisjon av materialet har synt at vi ikkje har påliteleg dokumentert materiale av korkje Aronia arbutifolia eller Aronia ×prunifolia i norsk natur, og at den mest spreiingsviljuge arten er den kunstig framstilte hybriden ×Sorbaronia mitschurinii (Elven og Hegre 2023).

Hybridarten storsurbær ×Sorbaronia mitschurinii skal vere utvikla i Russland der ein framifrå russisk genetikar, Ivan Vladimirovich Mitsjurin, eksperimenterte med ei rekkje kryssingar for å framstille herdige busker for rein matauk. Storsurbær er oppstått frå ein hybrid mellom svartsurbær Aronia melanocarpa og rogn Sorbus aucuparia (sokalla ×Sorbaronia fallax) som er tilbakekryssa med Aronia melanocarpa. Han liknar difor mest på ein Aronia, og somme handsamar han òg i denne slekta som Aronia ×mitschurinii.

Forvekslingar

Buskar med skruestilte, tanna blad med dei karakteristiske tappforma kjertlane på midtnerven (og stundom på sidenervene) kan ikkje vere noko anna enn surbær i vid forstand (Aronia eller ×Sorbaronia). Storsurbær kan difor berre forvekslas med surbærartane i Aronia-slekta, men han skil seg frå desse i tanning i bladkanten, forma på blomestanden og storleiken på fruktene: Bladtennene er større, breiare og meir spreiddtstilte enn hos Aronia, oftast med mindre tydelege kjertlar i spissen. Blomestanden er meir distinkt og kompakt enn hos Aronia, og fruktene er om lag dobbelt så store som hos Aronia-artane, over 1 cm i diameter. Blada er omtrent alltid breiast kring midten (ikkje ovanfor midten som hos Aronia). I tillegg skal Aronia-artane setje rotskott, noko storsurbær ikkje gjer.

Bærepla hos storsurbær (til venstre) er tydeleg større enn bærepla hos svartsurbær (til høgre).

Kjelder

Brand MH, Obae SG, Mahoney JD og Connolly BA (2022). Ploidy, genetic diversity and speciation of the genus Aronia. Scientia Horticulturae 291: 110604.

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Elven R og Hegre H (2023). Surbær i Norge har vært misforstått. Blyttia 81: 99–111.

Hardin JW (1973). The enigmatic chokeberries. Bull. Torrey Bot. Club 100: 178–184.

Leonard PL, Brand MH, Connolly BA og Obae SG (2013). Investigations into the origin of Aronia mitschurinii using amplified fragment length polymorphism analysis. HortScience 48(5): 520–524.

Mahoney JD, Hau TM, Connolly BA og Brand MH (2019). Sexual and apomictic seed reproduction in Aronia species with different ploidy levels. HortScience 54: 642–646.

Pankhurst RJ (2014). Aronia Medikus. I Flora of North America Editorial Committee (utg.), Flora of North America North of Mexico 9. http://www.efloras.org/florataxon.aspx?flora_id=1&taxon_id=102649

Sennikov AN og Phipps JB (2013). Atlas Florae Europaeae notes, 19–22. Nomenclatural changes and taxonomic adjustments in some native and introduced species of Malinae (Rosaceae) in Europe. Willdenowia 43: 33–44.

Skvortsov AK og Maitulina YuK (1982). On distinctions of cultivated black-fruited Aronia from its wild ancestors. Bjull. Glavn. Bot. Sada AN SSSR 126: 35–40. [På russisk.]

Skvortsov AK, Maitulina YuK og Gorbunov YN (1983). Cultivated black-fruited Aronia: Place, time, and probable mechanism of formation. Bull. MOIP. Otd. Biol. 88: 88–96. [På russisk, omset av I. Kadis 2011.]

Stalažs A (2021). ×Sorbaronia mitschurinii: from an artificially created species to an invasion in Europe: repeating the fate of invasive Amelanchier ×spicata, a review. J. Plant Res. 134: 497–507.