Rukkerose er ein framand rosebusk som vert mykje dyrka til pryd. Namnet syfter på dei karakteristiske rukkete blada. Arten, og truleg ein haug kultivarar, dels med hybrid-bakgrunn, har spreidd seg frå dyrking, spesielt i kyststrøk på sandstrand og i tangvoll, men òg langsmed vegkantar og ved elver og større innsjøar i innlandet. Arten kjem opphaveleg frå strender ved Stillehavet i Nordaust-Asia.

Kjenneteikn

Rukkerose er ein middels høgvaksen busk som kan bli frå 0,4 til 2 m høg. Han har effektiv vegetativ vekst med rotskott. Skotta er tjukke, håra og tett torna, og tornane er håra ved grunnen. I tillegg til vanlege torner har skotta òg ei mengd med nåltornar eller nålforma børster. Blada er store med tre eller fire par avrunda småblad. Dei er blankt grøne, rukkete, tjukke og sagtanna. Bladoversida er snau, og bladundersida er håra og ofte med glinsande kjertlar. Blomane er store, einskilde eller oftare nokre få saman, og sit på filthåra skaft. Begerblada er heile, opprette, og sit på nypa til ho er mogen. Kronblada er store og mørkraude (sjeldan kvite). Nypa er stor, breiare enn lang, teglraud, og sit ofte på eit krøkt skaft som er tett håra og torna. Fruktene vert spreidde med havstraumar, fugl og dyr. Lausrivne delar av skott og rotskott vert òg spreidde med havstraumar.

Rukkerose har store og oftast mørkraude blomar og rukkete ulikefinna blad med tre – som her – eller fire par avrunda småblad.

Rukkerose har filthåra unge skott, og grunnen av dei største tornane er filthåra.

Nypene hos rukkerose er breiare enn lange og ser noko flatklemde ut.

Kromosomtal

Arten er diploid med grunntal x = 7 og kromosomtal 2n = 14. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Rukkerose er ein framand art som er innført som prydplante. Han vart først funnen i naturen ved Tønsberg i 1930 og er for lengst bufast og i rask auke. Arten er knytt til nemoral til nordboreal sone og er funnen heilt ut i busktundra-sona i Aust-Finnmark. Planten er naturalisert og i rask spreiing langsmed kysten på sandstrand og i tangvoll. Han er nokså vanleg i kyststrøk til Sør-Troms og meir spreidd vidare til Alta og Sør-Varanger (Finnmark). Arten er mindre vanleg i innlandet, men har etter kvart fått mange førekomstar langsmed vegar, elvar og innsjøar i Søraust-Noreg og er elles spreidd på skrotemark. Arten kjem opphaveleg frå Nordaust-Asia.

Eit tett teppe av rukkerose på sandstrand i Færder i Vestfold.

Rukkerose er mest vanleg på havstrender eller langsmed større innsjøar. Her frå Asker i Akershus.

Kommentarar

I den kommersielle plantehandelen finn ein ei rekkje kultivarar av rukkerose, samt ein del kultivarar med hybrid-bakgrunn der rukkerose inngår. Det kan godt vere at fleire av desse gøymer seg i det forvilla materialet under namnet rukkerose (men sjå omtale av hollandrose Rosa ×spaethiana under).

Forvekslingar

Rukkerose er nokså særprega med sine store blomar, rukkete blad og samanklemde nyper, men kan forvekslast med hollandrose Rosa ×spaethiana og taigarose Rosa davurica. Rukkerose er ein av artane som inngår i hagehybriden Rosa ×spaethiana, så det er ikkje så rart at desse to er nokså like; unge skott og grunnen av dei største tornane er filthåra hos begge. Blada hos hagehybriden er lite rukkete ovanpå, og småblada er smalt elliptiske mot breitt elliptiske hos rukkerose. Nypa er oftast breiare enn lang hos rukkerose, medan ho er kulerund hos hollandrose. Den andre arten rukkerose kan forvekslast med, taigarose, har blad med mykje smalare småblad og mindre nyper.

For sikker namnfesting av rukkerose er det naudsynt med bilete av blad, tornar og frukt.

Hollandrose har blad som er mindre rukkete enn rukkerose. Småblada er elliptiske og ikkje avrunda, og nypene er kulerunde og ikkje litt flatklemde.

Kjelder

Edwards D og Marshall R (2019). The Hillier Manual of Trees & Shrubs. Royal Horticultural Society, London. 635 s.

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Fremstad E (1997). Fremmede planter i Norge. Rynkerose – Rosa rugosa. Blyttia 55: 115–121.

Fremstad E (2007), oppdatert av Fremstad E og Grundt HH 2012. Artsdatabankens faktaark: Rynkerose Rosa rugosa. Faktaark nr. 245. Artsdatabanken.

Weidema I (2006). NOBANIS – Invasive Alien Species Fact Sheet – Rosa rugosa. www.nobanis.org. Lasta ned 10/11/2022.