Raudhyll i frukt frå Verdal i Nord-Trøndelag.

Raudhyll er ein framand busk i krossvedfamilien. Han er innført som prydplante, truleg allereie på 1700-talet. Planten er no langt vanlegare utanfor enn innanfor hagegjerdet. Han kjem opphaveleg frå Mellom-, Sør- og Aust-Europa aust til Kaukasus og Ural.

Kjenneteikn

Raudhyll er ein busk som kan bli opptil 4 m høg. Fleirårskvistane har gulbrun eller raudbrun merg. Som for plantar elles i familien, er blada motsette, og som for slekta er dei ulikefinna med tanna småblad. Raudhyll har fem (eller sju) nokså smale, kvasstanna småblad som er snaue. Småblada kan stundom vere djupt flika (særleg hos nokre hagekultivarar). Blada er først lysgrøne, men vert tidleg i sesongen ofte mørkt raudbrune. Blomane er gulgrøne og samla i ein tett og breitt eggforma skjermkvast som vert 5–6 cm brei. Frukta, ei saftig steinfrukt, er raud, smaklaus og litt giftig. Ho vert spreidd med fugl.

Raudhyll har oftast blad med fem nokså smale småblad. Blomestanden er eggforma, og typisk høgare enn brei, med gulgrøne blomar.

Steinfruktene er raude, og fruktsamlinga har den same eggformen som blomestanden. Biletet syner òg godt dei smale og tanna småblada.

Raudhyll med sine gulgrøne blomar i ein tett, eggforma blomestand.

Arten buskhyll (her kanskje med underarten subsp. pubens) har skafta kjertlar ved grunnen av bladskaftet; sjå på venstre side på bladparet midt i biletet. Buskhyll frå Verdal i Nord-Trøndelag.

Arten buskhyll (her kanskje med underarten subsp. pubens) med motsette blad og kvistar, eit kjenneteikn for heile krossvedfamilien Viburnaceae (òg for kaprifolfamilien Caprifoliaceae der slekta tidlegare var plassert). Dei ulikefinna og tanna blada er eit slektskjenneteikn for hylleslekta Sambucus. Her frå Verdal i Nord-Trøndelag.

Kromosomtal

Arten er oftast diploid med grunntal 18 (eller meir sjeldan 19). 2n = 36 (38). Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Raudhyll er innført og dyrka som prydplante. Planten er forvilla i norsk natur og naturalisert minst frå 1800-talet. Han er vanleg i skog, skogkantar og kratt, ofte på hogstfelt og på næringsrik grunn og er framleis i auke, særleg oppover i fjelldalane og nordover. Raudhyll har nokså vide økologiske og klimatiske preferansar og trivs godt både i kyst- og innlandsstrøk. Arten er hovudsakleg knytt til nemoral til sørboreal sone, men går òg etter kvart inn i mellomboreal sone. Raudhyll er vanleg på Austlandet inn til Tynset (Hedmark), Vågå (Oppland), Ål (Buskerud), Tinn (Telemark) og i kyst- og fjordstrøk nord til Namsos, Grong, Nærøy og Vikna (Nord-Trøndelag), i Trøndelag inn til Holtålen (Sør-Trøndelag) og Lierne (Nord-Trøndelag) og i Nordland nord til Herøy (Nordland). Fleire funn vidare nordover til Tromsø (Troms) tilhøyrer kanskje amerikahyll, ein nær slektning (sjå kommentarar under).

Kommentarar

Raudhyll vart tidlegare handsama på artsnivå som Sambucus racemosa og då med den nære slektningen amerikahyll Sambucus pubens òg på artsnivå. No vert desse to einingane handsama på underartsnivå, venteleg på grunn av hybridisering og overgangsformer, som subsp. racemosa og subsp. pubens under arten buskhyll Sambucus racemosa. Amerikahyll har truleg vore i handelen under namnet raudhyll, og ein del av rapportane for raudhyll nordpå og i fjelldalane er kanskje heller amerikahyll.

Slekta Sambucus si familietilhøyrsle har vore diskutert. Somme synest slekta er så særprega at ho fortener ein heilt eigen familie, Sambucaceae. Nyare handsamingar inkluderer derimot slekta i familien Viburnaceae (krossvedfamilien). Krossvedfamilien heitte tidlegare moskusurtfamilien (Adoxaceae), men innhaldet er det same, nemleg slektene Adoxa, Sambucus og Viburnum.

Forvekslingar

Som allereie nemnt kan raudhyll, anten han vert handsama som underart eller art, forvekslast med den nære slektningen amerikahyll. Dei skil seg fyrst og framst ved at blada og greinene i blomestanden er snaue hos raudhyll, medan blada er noko håra under og greinene i blomestanden er håra hos amerikahyll. Blomane sit dessutan i ein nokså tett skjermkvast hos raudhyll, medan dei sit i ein meir open skjermkvast hos amerikahyll. Til slutt er blomane hos raudhyll gulgrøne, medan dei er gulkvite hos amerikahyll.

Raudhyll kan kanskje òg, men i mindre grad, forvekslast med svarthyll Sambucus nigra. Arten skil seg frå svarthyll ved at dei gulgrøne blomane sit i ein tett, eggforma skjermkvast hos raudhyll, medan svarthyll har kvite blomar i ein brei, flat og open skjermkvast. Raudhyll har skafta kjertlar ved grunnen av bladskaftet, medan svarthyll her har små sylforma øyreblad (som fell tidleg av) eller ikkje nokon øyreblad i det heile teke. Fruktene er vidare raude hos raudhyll og svarte hos svarthyll (skulle vere mogeleg å hugse). Småblada er nokså smale hos raudhyll, medan dei er breiare hos svarthyll.

Ein sjeldan gong kan ein òg treffe på ein annan art i slekta: Sommarhyll Sambucus ebulus som er innført som prydplante i seinare tid, er ei fleirårig urt, ikkje ein busk, og har fleire (dvs. 7–13) smale småblad og elles store og eggforma øyreblad som heng på lenge. Arten har ein brei, flat og kvitbloma skjermkvast. Sommarhyll har svarte frukter, likt svarthyll, men ulikt raudhyll.

For sikker namnfesting av raudhyll er det naudsynt med gode bilete av blome- eller fruktstand i tillegg til nærbilete av bladunderside og greiner i blome- eller fruktstanden.

Svarthyll får rimelegvis svarte steinfrukter, og fruktstanden er flat og vid som blomestanden.

Sommarhyll er den einaste forvilla hyll-arten i Noreg som er ei urt og ikkje ein busk. Sommarhyll har, likt svarthyll og ulikt raudhyll, svarte steinfrukter.

Sommarhyll har blad med fleire par småblad samanlikna med raudhyll og svarthyll, det vil seie høvesvis 3–5 par (sjeldnare 7) mot 2 (sjeldnare 3).

Kjelder

Angiosperm Phylogeny Group (2016). An update of the Angiosperm Phylogeny Group classification for the orders and families of flowering plants: APG IV. Botanical Journal of the Linnaean Society 181: 1–20. Nettstad: http://www.mobot.org/MOBOT/research/APweb/

Bolli R (1994). Revision of the genus Sambucus. Dissertationes Botanicae, Band 223. 256 pp.

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Bakgrunn for endringer i Norsk flora 2022 (3). Blyttia 80: 239-259.

Fremstad E (2007), oppdatert av Fremstad E og Grundt HH 2012. Artsdatabankens faktaark: Rødhyll Sambucus racemosa. Faktaark nr. 247. Artsdatabanken.

Lid J og Lid DT (1994). Norsk flora. 6. utgåva. Ved R Elven. Det Norske Samlaget, Oslo.

Lid J og Lid DT (2005). Norsk flora. 7. utgåva, red. Elven R. Det Norske Samlaget, Oslo.

Xiang C-L, Dong H-J, Landrein S, Zhao F, Yu W-B, Soltis DE, Soltis PS, Backlund A, Wang H-F, Li D-Z og Peng H (2020). Revisiting the phylogeny of Dipsacales: New insights from phylogenomic analyses of complete plastomic sequences. Journal of Systematics and Evolution 58: 103–117.