Gullregn er ein av i alt tre framande artar i gullregnslekta i erteblomfamilien. Dei er alle innførte til landet som prydtre. Dei tilhøyrer erteblomfamilien. Gullregn, golden chain på engelsk, ber namnet sitt med rette; blomeklasen ser ut som eit regn av gull. Heile planten er giftig, og det gjeld særleg frøa.

Kjenneteikn

Gullregn er ein busk eller eit lite tre som kan bli opptil 7 meter høgt. Som i slekta elles er blada trekopla, og blomane er gule og velduftande og sit i lange, hengjande klasar. Hos gullregn har greinene tiltrykte hår, og blada er jamt silkehåra på undersida med ca. 0,25 mm lange, tiltrykte hår. Bladskaftet er tett korthåra. Blomeklasen er 10–20 cm lang. Blomane er 17–25 mm lange, og krona er reint gul. Frukta er, som hos alle erteblomar, ein skolm, og skolmen er først silkehåra og seinare snau med ein kvass kant der fruktbladet er vakse saman. Frøa er svartbrune og svært giftige. Frøa vert spreidde med fugl og vind.

Gullregn har, liksom dei andre artane i slekta, tre-kopla blad. Samanlikna med alpegullregn har arten ein relativt kort blomeklase med store blomar.

Bladundersida er tett silkehåra med svært korte (ca. 0,25 mm), tiltrykte hår.

Gullregn med stor blome og silkehåra beger.

Kromosomtal

Det er uvisst kva som er grunntalet i denne slekta, men arten kan vere tetraploid med grunntal x = 12 og kromosomtal 2n = 48. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Gullregn er innført og vert dyrka som prydplante. Arten er forvilla og bufast i norsk natur, og han er ofte naturalisert i kratt på tørrbakkar, i skogkantar og open skog, særleg i lågurtskog, og veks elles på vegkantar og skrotemark. Planten er hovudsakleg knytt til nemoral, boreonemoral og sørboreal sone. Han veks spreidde stader i kyst- og dalstrøk frå Østfold og Oslo til Bergen (Hordaland), kanskje òg vidare til Flatanger (Nord-Trøndelag) med spreidde rapportar nordover i Nordland. Storparten av rapportane frå område nord for Hordaland gjeld truleg heller ein av dei to andre artane. Arten kjem frå fjellstrøk i Mellom- og Sør-Europa.

Kommentarar

Gullregn og alpegullregn Laburnum alpinum er foreldreartane til hybridgullregn Laburnum ×watereri. Hybridgullregn set lite frø og er difor mindre farleg enn foreldreartane. Han vert difor mykje planta. Gullregn er rekna som den giftigaste av dei tre og vert noko mindre planta enn tidlegare. Ein annan, reint estetisk, fordel med hybridgullregn er at han kombinerer dei større blomane hos gullregn med den lengre blomeklasen hos alpegullregn (blomeklasen hos hybridgullregn er i fleire kjelder sagt å vere mykje lengre enn dei to andre artane; heilt opptil 50 cm lang). Det beste av to verdar der, altså.

Nokre kjelder antyder at forgiftingsfaren frå gullregn-artar er overdriven, men det er ingen grunn til å teste ut dette; det best å halde seg unna og vere på den sikre sida.

Forvekslingar

Gullregn kan bli forveksla med sine innførte slektningar alpegullregn og hybridgullregn som er hybriden mellom dei to. Gullregn har blad som er tett silkehåra på undersida med ca. 0,25 mm lange, tiltrykte hår, medan både alpegullregn og hybridgullregn har blad som er meir grisse håra på undersida med mykje lengre hår (om lag 1 mm eller kortare; sjå neste avsnitt). Blomane hos gullregn er 17–25 mm lange, medan blomane er 13–18 mm lange hos alpegullregn. Hybriden har, som kanskje venta, blomestorleik mellom disse, nemleg 15–20 mm. Blomeklasen er 10–20 cm lang hos gullregn og ofte mykje lengre hos alpegullregn, det vil seie 20–35 cm. Gullregn set, som alpegullregn, god frukt med mange frø, til skilnad frå hybridgullregn som set frukt med få frø. Gullregn har svartbrune frø, medan alpegullregn har brune frø.

Ein viktig skilnad mellom alpegullregn og hybridgullregn er håra på bladundersida: Alpegullregn har ca. 1 mm lange hår i bladkanten og på nervane medan hybridgullregn har ca. 0,5 mm lange hår i bladkanten og på nervane, men òg på bladplata mellom nervane. Greinene og skolmen er elles oftast noko håra hos hybridgullregn, i alle fall i ungdomen, medan dei er om lag snaue hos alpegullregn.

For sikker namnfesting av gullregn er det naudsynt med nærbilete av bladundersida som syner håra. Bilete av frø, behåring av skolm, greiner og bladskaft er òg viktig.

Alpegullregn har samanlikna med gullregn, ein mykje lengre blomeklase med mindre blomar.

Alpegullregn i frukt. Skolmane hos denne arten er alltid snaue, medan dei er noko håra både hos gullregn (silkehåra) og hybridgullregn (meir grisse håra), i alle fall i førstninga. Til slutt vert skolmane snaue hos desse òg; denne karakteren må difor nyttast med varsemd.

Alpegullregn har blad som er grisse håra, med korte (ca. 1 mm) hår på nervar og i bladkanten.

Hybridgullregn med korte (0,5 mm) hår både på og mellom bladnervane på bladundersida.

Bladundersida hos gullregn er tett silkehåra med svært korte (ca. 0,25 mm), tiltrykte hår.

 

Kjelder

Bramley A og Goulding R (1981). Laburnum «poisoning». British Medical Journal 283: 1220–1221.

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Forrester RM (1979). «Have you eaten Laburnum?» The Lancet 313: 1073.

More D og White J (2005). Trær i Norge og Europa (T. Ulshagen, overs.). N.W Damm & Søn AS. (Opphavleg utgitt 2003). 831 s.

Mossberg B og Stenberg L (2018). Gyldendals store nordiske flora (S. Moen og L. Ryvarden, overs.). Gyldendal Norsk Forlag AS, Oslo. 976 s.

Stace CA og Crawley MJ (2015). Alien Plants. The New Naturalist Library 129. 626 s.