Bruk nøkkelen nedanfor, eller opne eit nytt vindauge (anbefalast for nyare mobile einingar).

Bestemmingsnøkkel til akeleieslekta Aquilegia

Det er berre funne to artar av slekta forvilla i Noreg, den eine av dei (akeleie) kom inn tidleg. Mange fleire artar blir dyrka. Det er difor truleg at ein kan finne andre artar ute i naturen enn akkurat desse to. Dei to artane som er forvilla, skil seg i blomeform: akeleie A. vulgaris har korte og krøkte sporar i blomen, gullakeleie A. chrysantha har lange og meir rette sporar, tilpassa pollinering frå kolibriar (noko vi har lite av i norsk fauna). Slekta skil seg frå alle andre norske slekter i soleiefamilien i at kvar blome har fem tydelege sporar.

Korleis bruke bestemmingsnøklar?

Vurder svaralternativa i nøkkelen opp mot det som skal bestemmast, og vel det alternativet som passar. Finst det fleire enn to svaralternativ er det mogleg å velja bort karaktertrekka som ikkje passar. Du kan bla forbi spørsmål om karakterar du er usikker på, eller spørsmål det ikkje er mogleg å svara på. Du treng heller ikkje svara på alle spørsmåla eller svara i ei bestemd rekkefølge. Her finst mange vegar til målet! Ein god strategi er å svara på dei enklaste spørsmåla først. Når ein kjem til eit namneforslag, så må ein sjekke at omtale og bilde samsvarar med planta ein vil namnfeste.