Bruk nøkkelen nedanfor, eller opne eit nytt vindauge (anbefalast for nyare mobile einingar).

Bestemmingsnøkkel til hjelmslekta Aconitum

Hjelmslekta Aconitum omfattar meir enn 300 artar globalt, men frå Noreg er det berre kjent tre eller fire artar, ein heimleg og to (eller tre) framande, forvilla hageplantar. Hjelm-artene skil seg i hovudsak i utforminga av blomen. Artene har monosymmetrisk blome der eitt av dei øvre blomeblada er utforma som ein poseforma hjelm. Hos vår heimlege art tyrihjelm (A. septentrionale) er blomen gråfiolett, hjelmen i blomen er meir enn dobbelt så høg som brei og dunhåra, og blada er ikkje delte heilt inn. Den sjeldsynt forvilla arten A. lastiostomum har gulkvite blomar og kan forvekslas med gråkvite utgåver av vår heimlege tyrihjelm. Han fortener kanskje ikkje å haldast åtskilt frå denne. Hos dei to andre artane, som er nokså vanlege som forvilla, er blada mykje djupare delte, og hos desse er det om det er hårklednad på blomeskaft og hjelm (A. napellus) eller ikkje (A. ×stoerkianum) som er avgjerande. Dei underjordiske delane er utan interresse.

Korleis bruke bestemmingsnøklar?

Vurder svaralternativa i nøkkelen opp mot det som skal bestemmast, og vel det alternativet som passar. Finst det fleire enn to svaralternativ er det mogleg å velja bort karaktertrekka som ikkje passar. Du kan bla forbi spørsmål om karakterar du er usikker på, eller spørsmål det ikkje er mogleg å svara på. Du treng heller ikkje svara på alle spørsmåla eller svara i ei bestemd rekkefølge. Her finst mange vegar til målet! Ein god strategi er å svara på dei enklaste spørsmåla først. Når ein kjem til eit namneforslag, så må ein sjekke at omtale og bilde samsvarar med planta ein vil namnfeste.