Flekkmarihand er ein vanleg plante på myrar og i fuktheier i heile landet. Han er den orkidéen storparten av folk har sett, dersom dei ferdast i skog og mark i Noreg.

Flekkmarihand i rikmyr i Røros. Blomane er ofte svært bleike, men alltid med mørkare merke på leppa.

Kjenneteikn

Flekkmarihand er oftast ein nokså lågvaksen plante. Han har blad som alltid har mørke flekkar på oversida og som oftast er utbøygde. Aksa kan vere fåbloma eller rikbloma. Blomane er kvite til lysfiolette med mørkare fiolette mønster på den svært grunt flika leppa. Midtfliken på leppa er breitt trekanta eller avrunda og mindre og oftast kortare enn dei to sideflikane. Sporen i blomen er oftast ca. 1 mm tjukk.

Knollane er djupt delte, som hos omlag alle Dactylorhiza.

Me gjer merksam på at dette er individ samla inn til bruk i museumsherbarium.

Blada er tydeleg breiast kring eller utanfor midten, og alltid med mørke flekkar.

Blomestanden er oftast nokså fåbloma, men med store blomar. Her har blomane svært markerte merke på leppa.

Fruktstand, der ein ser dei elliptiske fruktene og dei lange støtteblada.

Kromosomtal

Flekkmarihand er tetraploid med grunntal x = 20 og kromosomtal 2n = 80. Teljingar er gjorde på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Flekkmarihand er ein vanleg plante i minerotrofe myrar og i fukthei over heile landet. Han er òg vanleg i myrlendt skog, i fuktige veggrøfter og på vegkantar. Hovedtyngda av forekomstane er på basefattig grunn. Han er vanleg i heile landet opp til snaufjellet, med kjent høgdegrense på 1060 moh. i MR Rauma. Elles er han utbreidd i om lag heile Europa, Nordvest-Afrika og Vest-Sibir.

Forvekslingar

Hovudskilnaden frå skogmarihand subsp. fuchsii ligg i leppa. Hos flekkmarihand er midtfliken på leppa breitt trekanta eller avrunda, smalare og oftast kortare enn dei to sideflikane; hos skogmarihand er han smalare trekanta og om lag jambrei med og lengre enn dei to sideflikane. Sporen hos flekkmarihand er grannare (ca. 1 mm tjukk) enn hos skogmarihand (ca. 2 mm tjukk). Flekkmarihand er om lag alltid meir lågvaksen enn skogmarihand. Skogmarihand veks på noko baserike stader, noko flekkmarihand ofte ikkje gjer. Elles kan ein notere seg at plantar med uflekka blad, alltid er skogmarihand.

Siter nettsida som:

Elven R. Flekkmarihand Dactylorhiza maculata subsp. maculata. www.artsdatabanken.no/Pages/325521. Lasta ned <dag.månad.år>.