Klaseormedrue kjem opphaveleg frå austlege Nord-Amerika og er funnen berre éin gong i Noreg i Asker (Akershus), truleg som ein rest etter forsøk med dyrking av trekkplantar for bier på 1960-talet. Arten vert òg dyrka som prydplante, men blømer seint i sesongen i Noreg, oftast i september og oktober, og vil difor truleg ikkje kunne gjere noko særleg av seg. Arten har vorte nytta medisinsk av urfolk i Nord-Amerika mot alt frå hoggormbit til vonde ånder.

Fruktstanden, som blomestanden, er ein opprett topp med klaseforma greiner.

Kjenneteikn

Klaseormedrue er ei høgvaksen, opptil 75–250 cm, fleirårig og snau urt. Blada er to til tre gonger trekopla. Blomane sit i ein opprett topp med klaseforma greiner. Blomane er små og lite synlege med fire grønkvite begerblad og oftast fire kvite kronblad. Blomane har talrike pollenberarar. Blomen har berre eitt fruktblad som vert til ein skolmkapsel.

Klaseormedrue har blad som er to til tre gonger tre-kopla.

Fruktene hos klaseormedrue er skolmkapslar, oftast sit fleire saman.

Kromosomtal

Diploid med grunntal x = 8. 2n = 16. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Det einaste funnet av klaseormedrue i Noreg er i ein skogkant i Asker (Akershus), truleg ein rest etter utplanting som trekkplante for bier på 1960-talet. Klaseormedrue er heimleg i austlege Nord-Amerika.

Kommentarar

Slekta Cimicifuga vert stundom inkludert i Actaea (sjå slektsomtalen). Arten C. racemosa er mykje nærare knytt til Actaea-artane enn det dei andre Cimicifuga-artane er (sjå Compton mfl. 1998).

Forvekslingar

Klaseormedrue har ingen forvekslingsartar.

Kjelder

Compton JA, Culham A og Jury SL (1998). Reclassification of Actaea to include Cimicifuga and Souliea (Ranunculaceae): phylogeny inferred from morphology, nrDNA ITS, and cpDNA trnL-F sequence variation. Taxon 47: 593–634.

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo.

Ljungqvist K (2011). Nyttans växter. Calluna Förlag. 592s.

Ramsey GW (1997). Cimicifuga Wernischeck. I: Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 3. Magnoliophyta: Magnoliidae and Hamamelidae: 177–181.

Siter nettsida som:

Hegre H og Elven R. Klaseormedrue Cimicifuga racemosa (L.) Nutt. www.artsdatabanken.no/Pages/324735. Lasta ned <dag/måned/år>.