Sandkarseslekta
Teesdalia
Sandkarseslekta er ei lita slekt med to eller tre artar i Middelhavsområdet og Europa. Ho står nær sløyfeslekta, men skil seg i fleire karakterar. Ho har berre éin art i Noreg: sandkarse.
- Innhold
- Siter nettsida som:
Plantane er eittårige eller meir sjeldan fleirårige, snaue eller med ugreina hår, og med alle blad samla ved grunnen i ein rosett. Blada er vanlegvis djupt fjørdelte, stundom heile. Begerblada er oppstigande til sprikjande og ikkje sekkforma ved grunnen. Kronblada er kvite og oftast ulikt store, og det er her slektskapen med sløyfeslekta Iberis tyt fram. Frukta er ei kortskulpe med skiljeveggen på tvers og med ein kjøl eller ei smal vengje i kanten. Det er to frø i kvart skulperom.
Kjelder
Al-Shehbaz IA (2010). Teesdalia W. T. Aiton. I Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 7. Magnoliophyta: Salicaceae to Brassicaceae: 564–565.
Carvalho e Vasconcellos J de (1993). Teesdalia R. Br. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 383–384.
Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.
Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 30/11/2022
Rich TCG (1991). Crucifers of Great Britain and Ireland. BSBI Handbook 6. Botanical Society of the British Isles, London. 338 s.
Stace CA (2019). New Flora of the British Isles. 4. utg. C & M Floristics, Middlewood Green. 1266 s.
Siter nettsida som:
Elven R og Hegre H. Sandkarseslekta Teesdalia W.T.Aiton. www.artsdatabanken.no/Pages/313816. Lasta ned <dag.månad.år>.