Brunnkarseslekta
Rorippa
Brunnkarseslekta er ei nokså stor slekt med om lag 85 artar. Ho omfattar seks artar i Noreg; to av dei er heimlege og fire er framande. Fleire av dei er knytte til fuktige stader, andre til skrotemark.
- Innhold
- Siter nettsida som:
Brunnkarse-artane er eitt- til fleirårige urter. Dei er snaue eller grissent håra med ugreina hår. Blada kan vere frå grovtanna til djupt fjørdelte. Blomestanden er ein klase som strekkjer seg i fruktstadiet. Begerblada er oppstigande til sprikjande og ikkje sekkforma ved grunnen. Kronblada er gule. Frukta kan vere frå ei kuleforma kortskulpe til ei pølseforma eller smalt jambrei langskulpe. Skulpeveggane har utydeleg midtnerve. Griffelen er kort, men tydeleg, og arret er frå flatt til utydeleg toflika. Frøa sit to rekkjer (sjeldan éi) i kvart skulperom.
Rorippa er ei nokså stor slekt med om lag 85 artar og er utbreidd over om lag heile jorda, frå grensa mot Arktis i nord til grensa mot Antarktis i sør.
Artane i engelskkarseslekta Nasturtium var i ein lang periode inkluderte i Rorippa, men Les (1994) og Al-Shehbaz og Price (1998) synte at dei er meir nærskylde med engkarseslekta Cardamine, både i molekylære karakterar og morfologi. Dei blir no, liksom i tidlegare tider, difor skilde ut frå Rorippa i slekta Nasturtium.
Rorippa-artane kan likne på artar i mange andre slekter med gule kronblad, men hos storparten av Rorippa-artane er frukta mykje kortare (og til dels tjukkare) enn hos desse.
Kjelder
Al-Shehbaz IA (2010). Rorippa Scopoli. I Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 7. Magnoliophyta: Salicaceae to Brassicaceae: 493–506.
Al-Shehbaz IA og Price RA (1998). Delimitation of the genus Nasturtium (Brassicaceae). Novon 8: 124–126.
Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.
Jonsell B (1968). Studies in the north-west European species of Rorippa s. str. Symbolae Botanicae Upsaliensis 19,2: 1–222.
Les DH (1994). Molecular systematics and taxonomy of lake cress (Neobeckia aquatica; Brassicaceae), an imperiled aquatic mustard. Aquatic Botany 49: 149–165.
Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 9/12/2022
Rich TCG (1991). Crucifers of Great Britain and Ireland. BSBI Handbook 6. Botanical Society of the British Isles, London. 338 s.
Stace CA (2019). New Flora of the British Isles. 4. utg. C & M Floristics, Middlewood Green. 1266 s.
Valentine DH og Jonsell B (1993). Rorippa Scop. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 344–345.
Siter nettsida som:
Elven R og Hegre H. Brunnkarseslekta Rorippa Scop. www.artsdatabanken.no/Pages/313811. Lasta ned <dag.månad.år>.