Månefiolslekta
Lunaria
Månefiolslekta er kjend med berre tre artar, alle avgrensa til lauvskogstrøk i Europa. Berre éin art er med tryggleik funnen i Noreg, judaspengar, som er ein framand plante som ein nokså ofte finn forvilla i norsk natur. For den andre arten som er rapportert frå Noreg, månefiol, er alle rapportar feil eller, i beste fall, tvilsame.
Lunaria-artane er eitt- til fleirårige urter som er grissent håra med ugreina hår. Grunnblada er langskafta, eggforma eller hjarteforma og tanna. Blomestanden er ein nokså fåbloma klase som strekkjer seg noko i fruktstadiet. Begerblada er tiltrykte, og dei indre er sekkforma ved grunnen. Kronblada er purpurfarga, lilla eller fiolette (sjeldan kvite) og med eit markert skaft. Frukta er ei stor og særprega kortskulpe, svært flattrykt og brei med ein sølvskimrande skiljevegg på langs, og med ein markert, grann griffel og eit grunt toflika arr. Frøa er òg svært flattrykte og sit i to rekkjer i kvart skulperom.
Slekta Lunaria har berre tre artar, avgrensa til lauvskogsstrøk i Europa. Éin av desse artane er funnen som framand i Noreg; éin er rapportert, men truleg feilaktig; og den tredje arten, Lunaria telekiana Jáv., er ein lokal endemisme nordaust i Albania.
Kommentarar
Månefiol Lunaria rediviva er rapportert frå Noreg, men ikkje dokumentert. Sjå omtale under denne arten som vi inkluderer her for å unngå fleire feilrapportar og for å opne for mogelege korrekte rapportar for arten.
Forvekslingar
Den breie, samantrykte kortskulpa med den sølvskimrande skiljeveggen er unik for Lunaria-artane. Når dei ikkje har frukt, så kan dei likne noko på dagfiolslekta Hesperis, men blada er ulike. Dei nedre blada hos Lunaria er langskafta med hjarteforma plate; hos Hesperis er dei lansettforma til eggforma og sitjande eller kortskafta.
Kjelder
Al-Shehbaz IA (2010). Lunaria Linnaeus. I Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 7. Magnoliophyta: Salicaceae to Brassicaceae: 596–597.
Ball PW (1993). Lunaria L. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 358.
Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.
Hartvig P (2015). Atlas Flora Danica 1–3. Gyldendal, København.
Hultén E og Fries M (1986). Atlas of North European Vascular Plants North of the Tropic of Cancer. I. Koeltz Scientific Books, Königstein. 498 s.
Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 13/12/2022
Rich TCG (1991). Crucifers of Great Britain and Ireland. BSBI Handbook 6. Botanical Society of the British Isles, London. 338 s.
Stace CA (2019). New Flora of the British Isles. 4. utg. C & M Floristics, Middlewood Green. 1266 s.
Siter nettsida som:
Elven R og Hegre H. Månefiolslekta Lunaria L. www.artsdatabanken.no/Pages/313801. Lasta ned <dag.månad.år>.