Gullslekta er ei stor slekt med noko uvisst artstal. Årsaka er nok at mange av artane er svært lokale og kan vere slått inn under andre artar i nokre handsamingar. Vi aksepterer no seks artar frå Noreg, og berre éin av desse – berggull – er heimleg.

Gullslekta inneheld éin heimleg og fem framande artar, her representert med den framande arten åkergull.

Gull-artane er eitt-, to- eller fleirårige urter og halvbuskar (og i nokre område utanfor Noreg buskar) med opprette stenglar. Dei er meir eller mindre håra og med uskafta, to- eller fleirgreina hår der greinene ligg inn mot stengel- eller bladflata (malpighiske hår). Kva slags hår planten har, er ofte viktig for namnfestinga. Blada er oftast nokså smale og lite eller ikkje tanna. Blomestanden er ein klase som oftast strekkjer seg mykje i fruktstadiet. Begerblada er tiltrykte, og dei indre er oftast sekkforma ved grunnen. Kronblada er oftast gullgule (jf. det norske namnet på slekta og arter). Oransje, raudfarga, purpurfarga og brune kronblad førekjem hos nokre artar, og då spesielt slike som er dyrka som prydplantar. Frukta er ei grann langskulpe som er tydeleg firkanta i tverrsnitt og som har ein tydeleg midtnerve på skulpeveggane. Ho er utan nebb, men med ein tydeleg griffel av ulik lengd. Frøa sit i éi rekkje (sjeldan to) i kvart skulperom.

Grunnkromosomtalet varierer i denne slekta, og det er kjent artar med grunntal x = 6 (få), 7 og 8 (storparten), og frå 9 (hovuddelen av dei amerikanske artane) til 17, sjå Al-Shehbaz (2010). Artane er frå diploide til i alle fall dekaploide.

Slekta er utbreidd over heile den nordlege halvkula frå Arktis sør til Mellom-Amerika, Nord-Afrika (med ei rekkje buskforma artar i Macaronesia, dvs. på Kapp Verde-øyane, Kanariøyane og Madeira), Arabia, Himalaya og Sør-Kina.

Gullslekta er ei stor slekt med noko uvisst artstal. Plants of the World Online (POWO) aksepterer 271 artar; Flora of North America (Al-Shehbaz 2010) aksepterer om lag 150 artar. Slekta er uvanleg komplisert taksonomisk, og det er mykje som ikkje er utgreidd i avgrensinga av artar, sjå Al-Shehbaz (2010). Al-Shehbaz reknar med 19 artar i Nord-Amerika, og Ball (1993) reknar med 58 artar i Europa. Den tidlegare slekta Cheiranthus L. er no slegen inn under Erysimum. Ho har, mellom anna, fleire buskforma representantar med rosa og purpur kronblad i Makaronesia (Madeira, Kanariøyane og Kapp Verde-øyane). Årsaken til ulikskapen i opplyste artstal er truleg at mange av artane er svært lokale (endemismar) som kan vere slått inn under andre artar i nokre handsamingar.

Kronblada er oftast gullgule, som her hos den heimlege arten berggull. Oransje, raudfarga, purpurfarga og brune kronblad førekjem hos nokre artar som vert dyrka som prydplantar.

Begerblada er tiltrykte, og dei indre er oftast sekkforma ved grunnen.

Kjelder

Al-Shehbaz IA (2010). Erysimum Linnaeus. I Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 7. Magnoliophyta: Salicaceae to Brassicaceae: 534–545.

Ball PW (1993). Erysimum L. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 325–335.

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 9/12/2022

Rich TCG (1991). Crucifers of Great Britain and Ireland. BSBI Handbook 6. Botanical Society of the British Isles, London. 338 s.

Stace CA (2019). New Flora of the British Isles. 4. utg. C & M Floristics, Middlewood Green. 1266 s.

Siter nettsida som:

Elven R og Hegre H. Gullslekta Erysimum L. www.artsdatabanken.no/Pages/313791. Lasta ned <dag.månad.år>.