Kålurtslekta er ei lita slekt med fem artar utbreidde i Mellom-Europa, Middelhavsområdet og aust til Sentral-Asia. Berre éin art er funnen, som framand, i Noreg, og han er funnen svært få gonger i seinare tid.

Artane er eittårige med enkle og heile blad, dei nedre er skafta, men dei øvre stengelblada har stengelomfattande grunn (store bladøyre). Kronblada er grønleg til gulaktig kvite. Frukta er ei kortskafta langskulpe med kort nebb og med éi rekkje frø i kvart skulperom.

Kålurtslekta har sitt kjerneområde i Vest-Asia, med fem artar. To av desse har heimleg utbreiing som strekkjer seg inn i Europa: Conringia austriaca (Jacq.) Sweet til austre Mellom- og Sør-Europa (Tsjekkia, Austerrike og Italia) og kålurt Conringia orientalis, til Mellom-Europa og midtre Middelhavsområdet.

Kjelder

Ball PW (1993). Conringia Adanson. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 403.

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 3/11/2022

Stace (2019). New Flora of the British Isles. 4. utg. C & M Floristics, Middlewood Green. 1266 s.

Siter nettsida som:

Elven R og Hegre H. Kålurtslekta Conringia Heist. ex Fabr. www.artsdatabanken.no/Pages/313783. Lasta ned <dag.månad.år>.