Oljedodreslekta
Camelina
Oljedodreslekta er ei lita slekt med i underkant av ti artar som truleg er heimlege i Middelhavsområdet og Vest-Asia. Som nytteplantar er oljedodrer kjende minst frå svært tidleg romersk tid, 600 år før vår tidsrekning. I Noreg er dei lite brukte, og dei er òg sjeldsynte som forvilla. Oljedodrene i Noreg høyrer til fire einingar (artar og/eller underartar) og er knytt til jordbruket. Nokre artar eller rasar er nytteplantar, for fiber og planteolje, medan andre og nærskylde artar og rasar er ugras i liknande kulturar.
- Innhold
- Siter nettsida som:
Oljedodre-artane er eitt- til toårige, stivt opprette plantar som kan vere frå snaue til strihåra med ugreina eller greina hår. Grunnblada er skafta, men ofte er dei visna heilt bort før bløminga. Stengelblada er heile eller grunt til djupt tanna. Dei er sitjande og pilforma, med stengelomfattande bladgrunn. Blomestanden er ein klase som strekkjer seg og blir svært open i fruktstadiet. Kronblada er gulkvite og 3–6 mm lange. Frukta er ei tjukk og pæreforma kortskulpe som sit på eit svært langt skaft. Ho er så trinn at det er vanskeleg å sjå om skiljeveggen sit på tvers eller langs (anatomisk sit han nok på langs), og skulpeveggane har ein nokså tydeleg midtnerve. Skulpa har ein tydeleg griffel. Det er to rekkjer med frø i kvart skulperom.
Oljedodre-artane er framande i Noreg og er knytt til kulturmark, hovudsakleg åker og nysådd eng, og er stundom naturalisert på grunnlendt, baserik mark. Den opphavelege, heimlege utbreiinga er uklår, men mest truleg kjem dei frå Middelhavsområdet og/eller Vest-Asia.
Plants of the World Online (POWO) aksepterer åtte artar, storparten utbreidde ved det austlege Middelhavet og i Vest-Asia. Artsavgrensinga er uklår, og i det norske materialet ser vi fleire hovudtendensar i variasjonen. Desse tendensane handsamar vi hos Elven mfl. (2022) og her som to artar, kvar av desse med to underartar, men vi nyttar her eit anna namn for ein av underartane enn det vi brukte i Elven mfl. (2022).
På 1940-talet reviderte Ilmari Hiitonen mesteparten av det norske Camelina-materialet. Revisjonane hans har vore til hjelp for oss i tolkinga av variasjonen (sjølv om vi brukar andre namn), men vi har ikkje funne nokon publikasjon kor desse revisjonane vart presenterte, i det minste ikkje for Noreg.
Oljedodrene kan likne litt på finkefrø Neslia paniculata, ein art som òg har stivt opprett stengel, stengelblad med omfattande grunn, gule kronblad og langskafta, runde skulper. Finkefrø har skulper med eit nettverk av groper og ribber, medan oljedodrene har nokså glatte frukter. Hos finkefrø er dessutan skulpa om lag kulerund, medan ho er pæreforma hos oljedodrene.
Kjelder
Al-Shehbaz IA og Beilstein MA (2010). Camelina Crantz. I Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 7. Magnoliophyta: Salicaceae to Brassicaceae: 451–453.
Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.
Hartvig P (2015). Atlas Flora Danica 1–3. Gyldendal, København.
Meikle BD og Akeroyd JR (1993). Camelina Crantz. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 380–381.
Mirek Z (1981). Genus Camelina in Poland: Taxonomy, distribution and habitats. Fragmenta Floristica et Geobotanica 27: 445–507.
Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 30/11/2022
Rich TCG (1991). Crucifers of Great Britain and Ireland. BSBI Handbook 6. Botanical Society of the British Isles, London. 338 s.
Smejkal M (1971). Revision der tschechoslowakischen Arten der Gattung Camelina Crantz (Cruciferae). Preslia 43: 318–337.
Stace CA (2019). New Flora of the British Isles. 4. utg. C & M Floristics, Middlewood Green. 1266 s.
Siter nettsida som:
Elven R og Hegre H. Oljedodreslekta Camelina Crantz. www.artsdatabanken.no/Pages/313775. Lasta ned <dag.månad.år>.