Kålslekta
Brassica
Kålslekta inneheld ei rekkje av dei viktigaste mat- og fôrplantane i alle tempererte område. Her høyrer nepe/turnips, rybs, raps, kålrot, og om lag alle typar kål heime, saman med sareptasennep (‘russisk sennep’). Arten svartsennep er no ført over til åkersennepslekta Rhamphospermum og arten blygsennep til lakksennepslekta Coincya. Alle artane av kålslekta er framande i Noreg.
- Innhold
- Siter nettsida som:
Kålslekta omfattar eitt- til fleirårige urter og nokre halvbuskar der den nedre delen av stengelen er forveda. Plantane er anten snaue og blågrøne («kålgrøne»), eller noko håra og då ofte noko mindre blågrøne. Mange av artane har sitjande blad oppover stenglane, til dels med stengelomfattande grunn. Blomane sit i klasar utan støtteblad. Ein noko sær, men diagnostisk viktig, skilnad mellom nokre artar er om knoppane sit ovanfor dei opne blomane (til dømes i kål Brassica oleracea) eller nedimellom blomane. Begerblada er opprette eller sprikjande, dei indre større enn dei ytre, og hos nokre artar er dei noko sekkforma ved grunnen. Kronblada er gule (hos artar utanfor Noreg ofte òg kvite), med tydeleg skaft. Frukta er ei langskulpe med eit meir eller mindre tydeleg, men ikkje særleg langt, nebb. I veggdelen av skulpa har veggen éin nerve, og det er éi rekkje frø i kvart skulperom. Griffeldelen av skulpa har ikkje frø.
Artar og kultivarar av slekta Brassica er vanlege å sjå i låglandet i Noreg, både som gule åkrar med oljeplantane raps og rybs tidleg på sommaren og som meir grøne eller blågrøne åkrar med ulike kål, nepe og kålrot seinare på sommaren. Plantar av desse kulturartane og kultivarane er òg vanlege å sjå i åkerkantar, på vegkantar og på ulike andre typar av skrotemark i store delar av landet. Sjølv om dei blir dyrka i stort omfang, har vi enno ikkje funne bufaste bestandar av desse utanfor der dei blir dyrka. Dei synest vere for kultiverte til å reprodusere på eiga hand utanfor kultur.
Alle dei tre vanleg kultiverte artane (bondekål Brassica rapa, fôrkål Brassica napus og kål Brassica oleracea) har ei rekkje kultivarar. Desse er handsama som rasar hos Elven mfl. (2022), og rasane av Brassica rapa og Brassica napus blir omtalte særskild her. To av dei dyrka artane er dessutan kromosomdobla (allopolyploide) avkom frå diploide artar, noko som ikkje gjer karakteriseringa og handsamlinga enklare: fôrkål frå hybridar mellom bondekål og kål, og sareptasennep Brassica juncea frå hybridar mellom bondekål og svartsennep Rhamphospermum nigrum. Dersom dei to foreldreartane blir aksepterte som høyrande til to ulike slekter, skal denne sistnemnde hybridarten strengt tatt ha eit nytt slektsnamn kombinert frå Brassica og Rhamphospermum. Denne endringa er ikkje gjort enno, og det er kanskje like greitt.
Kålslekta er ei nokså stor slekt med kring 40 artar, utbreidde som heimlege i Vest-, Mellom-, Aust- og Sør-Europa, Nord- og Aust-Afrika (Etiopia), og i Asia aust til indre delar av Aust-Asia.
Avgrensinga av slekta Brassica er nokså uklår. To av dei artane som har vore handsama som artar av Brassica, har synt seg å høyre til andre slekter: svartsennep til Rhamphospermum som Rhamphospermum nigrum, og blygsennep til Coincya som Coincya tournefortii. Desse to endringane er ikkje gjennomførte hos Elven mfl. (2022), men av di dei er velgrunna molekylært er dei gjennomførde her. Ein noko tidleg fylogenetisk analyse av Warwick og Hall (2009) synte allereie då at svartsennep ikkje høyrer heime i Brassica.
Kjelder
Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.
Heywood VH og Akeroyd JR (1993). Brassica L. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea 1 Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 405–409.
Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 3/11/2022
Warwick SI (2010). Brassica Linnaeus. I Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 7. Magnoliophyta: Salicaceae to Brassicaceae: 419–424.
Warwich SI og Hall JC (2009). Phylogeny of Brassica and wild relatives. I SK Gupta (red.), Biology and breeding of Crucifers: 19–36.
Siter nettsida som:
Elven R og Hegre H. Kålslekta Brassica L. www.artsdatabanken.no/Pages/313771. Lasta ned <dag.månad.år>.