Huldreblomen er som huldra; brått er ho der, og brått er ho borte att. På storparten av stadene der huldreblom er funnen i Noreg, er han berre funnen éin eller nokre få gonger. Det heng saman med at han sjeldan set blomestenglar, og når han gjer det, skal det mykje til at det er folk på staden akkurat då for å sjå og registrere det. Det er i alle fall éin stad der planten blømer årvisst: i Finsåsskogen i NT Snåsa, der Hegre (1998) rapporterer at han er funnen med bløming i 25 av 26 år.

Kjenneteikn

Huldreblom er ein saprofytt utan klorofyll, med ein blome der både leppa og sporen peikar oppover. Her frå Narverudåsen i Nedre Eiker.

Huldreblom er ei urt utan klorofyll, utan røter, men med ein korallforma jordstengel i samliv med sopp. Stengelen er bleikbrun, gjennomskinleg og litt raudleg øvst. Han har berre slireforma blad (det vitskaplege artsnamnet “aphyllum” tyder “utan blad”). Klasen er fåbloma, ofte med berre 1–3 blomar. Blomane er kortskafta med små støtteblad. Dei er hengande og bleikgule og har ein ange av banan. Leppa er eggforma, bleikraud og vender oppover, og blomen har ein kort, tjukk spore som står rett opp. Planten lever mesteparten av tida underjordisk og sender berre no og då opp ein blomestengel.

Kromosomtal

Huldreblom er tetraploid med grunntal x = 17 og kromosomtal 2n = 68.

Økologi og utbreiing

Huldreblom veks på fuktige, moserike stader i lauv- og barskog, oftast, men ikkje alltid, noko baserikt. Arten er rapportert å vere knytta til gammalskog, men i Tr Målselv er han i alle fall funnen to stader på annanslags grunn: på ei plen med furutre og på ei nokså fersk elveøyr med småfuru.

Den norske utbreiinga er austleg. Arten er funnen nokså mange stader på Austlandet nordover frå Øf Marker, Vf Sande, Te Drangedal og AA Grimstad og Evje og Hornnes. På Vestlandet er han berre funnen i SF Lærdal og Sogndal. I Midt-Noreg er det nokre få funn i ST Røros, Melhus, Trondheim og Malvik, og lengre nord ei spreidd utbreiing frå NT Snåsa heilt til Fi Porsanger, Tana og Sør-Varanger. Utbreiinga blei kartlagt av Wischmann (1965), men det er funne mykje meir av planten etter hans tid. Ei nokså oppdatert kartleggjing finn ein hos Wischmann og Fremstad (2013). Dette er ein skogbelte-plante, berre funnen opp til 870 moh. i Op Sel. Den globale utbreiinga omfattar alle tempererte delar av Europa og Asia, sør til Middelhavet, Kaukasus og Himalaya.

Kommentarar

Huldreblom er sjeldsynt, men av di han er så påfallande, blir han notert om lag alltid når han blir funnen. Det er mange funn dei siste 20 åra, og det er lite som tyder på at han går attende, sjølv om han er mykje knytta til gammal skog.

Forvekslingar

Inga forveksling er mogeleg.

Kjelder

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Hegre A (1998). Finsåsmarka i Snåsa, Nord-Trøndelag har årviss blomstring av huldreblom Epipogium aphyllum. Blyttia 56: 205–207.

Wischmann F (1965). Huldreblomsten (Epipogium aphyllum) i Norge. Blyttia 23: 125–140.

Wischmann F og Fremstad E (2013). Epipogium aphyllum Sw. I R Elven, E Fremstad og O Pedersen (red.), Distribution maps of Norwegian vascular plants. IV. The eastern and northeastern elements: 198–200. Akademika Publishing, Trondheim.

Siter nettsida som:

Elven R. Huldreblom Epipogium aphyllum Sw. www.artsdatabanken.no/Pages/312222. Lasta ned <dag.månad.år>.