Tre eller fleire artar av denne slekta vert dyrka i Noreg, hovudsakleg eller utelukkande som prydplantar, og to av desse er funne forvilla: Lawsonsypress og nålesypress. Ein tredje art er óg mykje dyrka, solsypress, og han kan ha kome seg ut i norsk natur, sjølv om vi førebels ikkje har nokon rapport eller dokumentasjon for han.

Kjenneteikn

Lawsonsypress-slekta omfattar frå små buskar til store tre (opptil 50 m). Smågreinene er trinne eller rombeforma i tverrsnitt, noko som skil slekta frå tujaslekta Thuja, og dei sit avflata og ofte vifteforma på greinene. Blada sit motsette, er skjelforma tiltrykte og sit i fire rekkjer der blada på over- og undersida og dei i kanten av kvisten er om lag like. Oversida av blada kan ha ein meir eller mindre tydeleg, rund eller avlang kjertel. Hannkonglene har 2–3 par pollenblad, kvart med 2–4 pollensekkar. Hokonglene er om lag kulerunde, 8–12 mm breie, sit på årsgamle kvistar og har 3–5 (6) par tjukke og noko forveda, samanvaksne dekkskjel og kongleskjel som er festa under midten, med ein liten, butt tapp på toppen (spissen av dekkskjelet), og med 1–4 frø på kvart kongleskjel. Kongla sprekk opp mellom skjela når ho er mogen. Frøa har to vengjer, éin på kvar side, og er vindspreidde.

Økologi og utbreiing

Slekta har no fem aksepterte artar. To artar veks i Nord-Amerika: Chamaecyparis thyoides langsetter om lag heile Atlanterhavskysten i USA frå Florida, Mississippi og Alabama nord til Maine, og lawsonsypress Chamaecyparis lawsoniana i eit lite område på Stillehavskysten lengst nord i California og i sørvestlege Oregon. Tre artar veks i Aust-Asia: Chamaecyparis formosana i Taiwan og solsypress Chamaecyparis obtusa og nålesypress Chamaecyparis pisifera i Japan.

Chamaecyparis thyoides veks i sump og myrlende og blir eit mellomstort tre opptil 20 m eller meir, medan lawsonsypress er eit stort skogstre som kan bli opptil 50 m høgt, knytta til dei humide skogane på kystsida av Coast Ranges. Nålesypress er eit skogstre som kan bli opptil 50 m, medan solsypress blir noko mindre, opptil 35 m, men blir oftast dyrka som ein busk. Alle artane er knytta til humid skog eller fuktige miljø.

I Noreg er artane i lawsonsypress-slekta lite forvilla og spelar ingen rolle, førebels, i norsk natur. Dei er funne på skrotemark, nær hagar og i berg der frøa har spirt opp i sprekkar.

Kjelder

Christensen KI (2000). Coniferopsida. I Jonsell B (utg.). Flora Nordica 1 Lycopodiaceae – Polygonaceae: 91–115.

Michener DC (1993). Chamaecyparis Spach. I Flora of North America Editorial Committee (utg.). Flora of North America north of Mexico 2: 408–410.

Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 15/11/2023

Tutin TG (1993). Chamaecyparis Spach. I Tutin TG, Burges NA, Chater AO, Edmondson JR, Heywood VH, Moore DM, Valentine DH, Walters SM, Webb DA, Akeroyd JR og Newton ME (utg.), Flora Europaea 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 39–40.

Siter nettsida som:

Solstad H og Elven R. Lawsonsypress-slekta Chamaecyparis Spach. www.artsdatabanken.no/Pages/305111. Lasta ned <dag.månad.år>.